E N D
Egelands Verk • Egelands Jernverk gjekk konkurs i 1884. I 1888 var buet kjøpt av Egelands Værks Interessentskab, som var eigd av ei gruppe finans- og industrifolk, og det blei bygd tresliperi. Sentral i eigargruppa var ingeniøren H.C. Hansen, som først budde på Verket, seinare i mange år på Søndeled Gård. • Det nye Egelands Verk voks raskt, i 1893 blei det bygd sliperibygning ved Stifoss og i 1907 eit sliperi til på Søndeled. • På Verket var det mange bustadhus, familiane som budde der var tilsette i verksemda. Det er endå mange i Fiane og Søndeled kretsar som har besteforeldre og olderforeldre som budde på Verket. • Fotograf P.B. Melaas fekk omlag 1900 i oppdrag av H.C. Hansen å lage ein fotoserie frå Verket. Det er desse bildene som visast på dei neste sidene. Bildene – glasnegativene – er nå eigd av Gjerstad Historielag, serien er sett saman av Olav Ulltveit-Moe.
Forvalterbustaden fra ca 1840 For Forvaltarbustaden
Den gamle forvalterbustaden fra ca 1730. I området framføre stod dei første arbeiderbustadene.
Den store bygningen til venstre er sliperibygningen, like bak stod masovnen. Til høgre Gata som blei bygd i 1830-åra. Bygningen midt i bildet øverst er ei av kolbuene framføre er murverket etter ei større kolbu.
Sliperibygningen med filhøggeriet til høgre. Produksjon av filer var viktig den siste tida jernverket var i drift. Restar etter masovnen framfor sliperiet.
Oversikt ut mot Vasstøvannet. Gata der arbeidsfolk budde til venstre, Forvalterbustaden til høgra.
Ginheimer, ei dampdriven skjekte som blei brukt på Vasstøvannet til sleping av tømmer og lasteprammar.