120 likes | 307 Views
Lesekonkurranse. Sogndal vidaregåande skule Ansvarlege: Bibliotekar og ein norsklærar Medverkande: Norsklærarar, bibliotekar og elevar. Prosjektperiode: 9.sept. 2005 – 9.des. 2005. Lesekonkurranse. Målgruppe: Vidaregåande trinn 1; Allmennfag, Idrettsfag og Yrkesfag.
E N D
Lesekonkurranse Sogndal vidaregåande skule Ansvarlege: Bibliotekar og ein norsklærar Medverkande: Norsklærarar, bibliotekar og elevar. Prosjektperiode: 9.sept. 2005 – 9.des. 2005.
Lesekonkurranse • Målgruppe: Vidaregåande trinn 1; Allmennfag, Idrettsfag og Yrkesfag. • Skule: Sogndal vidaregåande skule. • Kontakt: 57676400/ kristine.hamre@sf-f.kommune.no • Tid: Prosjektet vart gjennomført i perioden 9.sept. 2005 til 9.des. 2005. • Kven stod bak: Basert på ein ide frå Randaberg vgs., og er eit samarbeidsprosjekt mellom skulebiblioteket, norsklærarar og leiinga. • Samandrag:Sogndal vgs. arrangerte hausten 2005 ein lesekonkurranse for grunnkurselevane ved skulen. 13 klassar og 244 elevar deltok. Lesekonkurransen har gått ut på å lese flest mogeleg bøker og flest mogeleg sider i løpet av ein periode på ca. 3 mnd. Elevane har lest klassesett og ellers fått valgt bøker sjølv, alt har vore greitt å lesa, både skjønnlitteratur, fagbøker og teikneseriar.Målet med lesekonkurransen er å skape leseinteresse og leselyst, auka lesehastigheitenog leseforståelsen.
Bakgrunn for prosjektet. • Den nasjonale planen ”Gi rom for lesing”. http://skolenettet.no/upload/Moduler/gi%20rom%20for%20lesing/GRFL%20Strategiplan.pdf • Foredrag på skulen av Ingrid Doublet frå Randaberg vgs. 22.april 2005. • Notat frå bibliotekar til fagforum for norsk 10. mai om interessa for å starte opp eit lesestimuleringsprosjekt hausten 2005. • Søknad til leiinga om å få starte opp prosjektet frå bibliotekar og fagforum for norsk 26.mai. • Studietur til Randaberg vgs. 30.mai. • Søknad til leiinga frå bibliotekar 12.juli om økonomisk støtte til gjennomføring av prosjektet - kr.35.000,- til innkjøp av klassesett og premiering.
Deltakarar. • Elevar på vidaregåande trinn 1. • Allmennfag, Idrettsfag, Yrkesfag. • 13 klassar, 243 elevar. • Eit samarbeidsprosjekt mellom biblioteket, norsklærarar og leiing. Bibliotekar som koordinator og norsklærarane ansvarleg for gjennomføringen i klassane.
Kvifor lesekonkurranse? • Kunnskapsløftet – nye læreplanar frå hausten 2006. Utvikling av elevanes grunnleggjande ferdigheiter – m.a. å kunne lese. • Skape leseinteresse og leselyst. • Auka lesehastigheiten og leseforståelsen. • Styrking av elevanes lesekompetanse er nyttig for alle fag.
Oppstart. • Bibliotekar og norsklærarar las 15 ungdomsbøker i sommarferien, og på grunnlag av dette valde vi ut kva klassesett vi ynskte å nytta. • Bibliotekar og norsklærar Marit F. Sjåstad orienterte alle lærarane om prosjektet på fellesmøte under planleggingsdag ved skulestart. • Vi orienterte elevane under biblioteksundervisningen, i klasserommet og på heimesida til skulen. • Alle norsklærarane fekk utdelt skjema som dei skulle nytta til å kartleggja antall bøker/antall sider lest av elevane i klassen. Her skulle dei føre på: Tittel, Meining om boka, Antall sider og Signatur.
Gjennomføring. • Vi nytta opplegget frå Randaberg vgs. som ”mal” med våre eigne lokale tilpasningar. Sjå http://home.no.net/indou/ • Biblioteket lånte ca. 200 ungdomsbøker frå Sogndal folkebibliotek. Bøkene vart lagt ut på eigne bord i biblioteket med framsida opp, delt inn i nivå; A (Lettleste bøker) B (ungdomsbøker) og C (vaksenbøker). • Kvar klasse fekk utdelt eitt klassesett. Elevane las ellers bøker lånt på skulebiblioteket, folkebiblioteket, heima, av venner osv. • Norske bøker over 400 sider teljast som to bøker. Engelske bøker over 200 sider teljast som to bøker. • Bibliotekar oppmoda lærarane om å gi elevane tid for lesing i undervisningstida.
Vinnarar. • 1AAB vann klassen for Allmennfag/Idrettsfag med 7,35 leste bøker i snitt pr.elev i klassen på 30 elevar i løpet av konkurranseperioden på 3 mnd. Dvs. 220 bøker. • 1MKA vann klassen for Yrkesfag med 2,93 bøker i snitt pr. elev i klassen på 15 elevar. Dvs. 44 bøker.
Premiering. • Klassevis premiering av beste klasse på Yrkesfag og på Allmennfag/Idrettsfag. • Vinnarane vart høgtidleg presentert under juleavslutninga for elevane og rektor delte ut diplom. • Premien var pizza og brus på pizzarestaurant for heile klassen, kontaktlærar og norsklærar. (Dette var populært!) • Bibliotekar vart intervjua i NRK radio/ distriktsendinga same dag og vi fekk eit heilsides oppslag med bilete av elevane i lokalavisa og ein notis i BT.
Evaluering. • Elevane meinte vi burde arrangere lesekonkurranse også for neste års vidaregåande trinn 1 elevar. Det var kjekt å lesa utan at det medførte etterarbeid som t.d. bokomtalar. Det var kjekt å konkurrera klassane imellom. • Lærarane var positive til prosjektet. Også ”svake” elevar las, og vart motiverte av konkurransen. Det gav ein god ro i klassane ved å gi dei lesetid i timane. Lærarane var svært positive til å halde fram med lesekonkurransen. • Framover ynskjer vi også å føreta ein lesetest på elevane i for- og etterkant av konkurransen, for å få meir målbare resultat. Vi ynskjer å utvida konkurransen til å omfatta også VK1, som eit ledd i førebuinga til særemne. Vi ynskjer å ha konkurranse for vidaregåande trinn 1 om hausten og for VK1 om våren.
Vegen vidare. • Prosjektet har gitt positive ringverkander for samarbeidet mellom biblioteket og lærarane. • Grunnkurselevane vert kjende med biblioteket både gjennom biblioteksundervisningen og lesekonkurransen. • Vi tek med oss små positive ”drypp”/ kommentarar i kvardagen i det vidare arbeidet. • Vi held fram med lesekonkurransen skuleåret 06/07.