210 likes | 387 Views
GARVARBUDA. Historie. Garvarbuda vart bygd i 1838 av Olai Olsen Ligg nede ved sjøen på Rotset Var først handelshus Vart seld til Carl Nicolai Rødseth i 1876 Vart garveri frå 1878 Carl dreiv verksemda saman med sonen Nils Dei hadde 8-9 mann i arbeid Dei dreiv butikk i eine enden av huset.
E N D
Historie • Garvarbuda vart bygd i 1838 av Olai Olsen • Ligg nede ved sjøen på Rotset • Var først handelshus • Vart seld til Carl Nicolai Rødseth i 1876 • Vart garveri frå 1878 • Carl dreiv verksemda saman med sonen Nils • Dei hadde 8-9 mann i arbeid • Dei dreiv butikk i eine enden av huset
Rødseth fekk oppleve både medgang og motgang • Han måtte selgje Garvarbuda på tvangsauksjon i 1884 pga økonomiske problem • Med hardt arbeid greidde han å kjøpe buda attende for 5000kr. • Då innreidde han bustad i andre høgda, og budde der saman med familia. • Dreiv garveri og butikk i resten av bygget
Rødseth døydde i 1925 • Sonen dreiv i eit år, men så døydde han også • Då tok dotterson Bjarne Vassbotn over (1926) • Han heldt på til 1971 • No eig Volda Sogelag bygget
Bygget • Bygget har to og ei halv etasje • Buda låg på eit viktig knutepunkt for handel og skyss/transport • Kommuneadministrasjonen heldt til på Rotset på den tida
Første etasje • I nordenden av bygget (mot Volda) var krambud • Butikken ser omlag slik ut i dag som han gjorde då • Mykje av inventaret er der, td. Vekteene, disken, skrivepulten og pengekassa. • Mange varer står «enno» i hyllene
Garveriet • Resten av første etasje var garveri • Der gjekk våtprosessen føre seg • Her var fleire store kar som var senka ned i golvet • Der vart skinna lagt i kalk eller bjørkelog • Her er også ein del reiskap som garvaren brukte
Andre etasje • Her var to arbeidsrom og husvære • Her budde garvaren og familien hans • I arbeidsromma gjekk etterarbeidet av skinna føre seg. • Det var smøring, pressing og glatting • Verkstaden er omlag slik han var før
Tredje etasje • Her var lager og tørkeloft og kvern til borken • Her vart borken malen og lagra • Her gjekk ei sjakt ned i første etasje der borkinga gjekk føre seg • Her var også ei sjølvlaga slipe og kardemaskin for saueskinn
Garvarkaia • Nedanfor inste enden av Garvarbuda var Garvarkaia • Det var som ein pir (kai),laga av stein, som gjekk ut til marabakken -omlag 15m • Yst på kaia var det ei kran der varene vart heist på land • Det var stort sett skinn og huder • Dei vart så køyrde inn i huset og heiste opp i tredje høgda. • Då fjordafolket kom til Volda for å handle eller gå i kyrkje, var det vanleg å leggje til her. • Dei fekk då kome inn til garvaren for å stelle seg og ete niste.
Energivanskar • Før elektrisk energi vart teke i bruk i 1920, var det nokre praktiske vanskar • Borkkverna skulle drivast, sameleis valka («vaskemaskina») • Dei prøvde å nytte vasskraft frå ein bekk innom buda, men vassføringa vart for liten • Dei prøvde så vindkraft, med tre segl i vindhjulet, men heller ikkje det gjekk • Det enda med at ein gardbrukar på Folkestad mol borka og trasporterte den til garvarbuda. For dette fekk han 13 øre sekken og 1,90 for ein tur til Volda. • Valka vart dreva med handkraft • Men i 1920 fekk dei elektrisk motor som drog både kverna og valka.