150 likes | 476 Views
Buddhisme. Foto: René Ehrhardt. Buddhisme. Buddhismen er blant dei største religionane i verda. Ein reknar med at det er nesten 400 millionar buddhistar i verda. Religionen baserer seg på læra til den indiske kongssonen Siddharta Gautama, kjend som Buddha. Buddhisme.
E N D
Buddhisme Foto: René Ehrhardt
Buddhisme • Buddhismen er blant dei største religionane i verda. • Ein reknar med at det er nesten 400 millionar buddhistar i verda. Religionen baserer seg på læra til den indiske kongssonen Siddharta Gautama, kjend som Buddha.
Buddhisme Kvar lever det flest buddhistar? Kina – 102 millionar Japan – 97 millionar Thailand – 55 millionar Vietnam – 50 millionar Burma – 41 millionar Sri Lanka – 12 millionar Sør-Korea – 11 millionar Kambodsja – 9 millionar Taiwan – 9 millionar India – 7 millionar Mongolia – 2 millionar
Buddhisme • I følgje Buddha er det viktig å leve eit klokt og omsorgsfullt liv. • Ein blir ikkje lukkeleg av å streve etter rikdom. • Ein skal heller ikkje etterstreve fattigdom og nød. Foto: Hartwig HKD Menneska bør gå ein midtre veg for å nå oppvakninga si.
Buddhisme • Buddhistar trur at alle levande vesen blir fødde på nytt i det uendelege. • Ein kan bli født som dyr eller menneske. Dersom ein har levt livet godt og riktig, får ein god karma. Då kan ein bli født som menneske. Foto: Hartwig HKD
Buddhisme • Livets hjul viser korleis ein blir født, lever og døyr i det uendelege. • Ein kan bli født som menneske, dyr, gud, halvgud, spøkjelse eller demon.
Buddhisme • For buddhistar er det eit mål å sleppe å bli født på ny. • Ein slik tilstand blir kalla for nirvana. • I nirvana er ein frigjort frå all liding. For å nå nirvana, må menneska gå gjennom ei oppvakning slik læremeisteren Siddharta Gautama gjorde det for 2 500 år sidan.
Buddhisme Buddha si lære omfattar fire sanningar: 1. Alt liv inneber liding. 2. All liding kjem av lyst. 3. Det finst ein måte å få lidingane til å stanse. Foto: Sam Garza 4. Vegen ut av lidinga blir kalla for Den åttedelte vegen.
Buddhisme For å nå nirvana, må buddhistar følgje Den åttedelte vegen. Rett forståing Rett konsentrasjon Rett tankemåte Rett merksemd Rett tale Rett innsats Rett handling Rett arbeid
Buddhisme • For buddhistar finst det fem rettesnorer som menneska skal freiste å leve etter. Foto: Daniel Lobo Foto: Wonderlane Foto: Glenn Foto: Steve Evans Ikkje skade andre Ikkje stele Ikkje lyge Vere tru mot ektefellen Ikkje bruke rusmiddel
Buddhisme • Dei tre juveler er ein viktig del av buddhismen. • Dei tre juveler består av: Foto: Mike Powell Buddha Buddhas lære Munkesamfunnet
Buddhisme • Mange buddhistar mediterer for å kome nærmare ei oppvakning. • Ein sit gjerne når ein mediterer. • Ein pustar roleg og ein er djupt konsentrert. Foto: Hartwig HKD Ein kan meditere omkring for eksempel vennsemd og medkjensle.
Buddhisme • Buddhistar trur ikkje at det finst ein Gud som har skapt - og som passar på verda. • Ein trur i staden at menneska må sørgje for å frelse seg sjølv. Buddhistar trur likevel at det finst gudeliknande vesen som lever på jorda som hjelparar for menneska.
Buddhisme • Har du høyrt om Dalai Lama? • Nokre buddhistar trur han er ein gud som er fødd i ein menneskekropp. • Når ein Dalai Lama døyr, blir guden fødd i ein ny gutekropp. På biletet ser du den fjortande Dalai Lama. ”Min religion er veldig enkel. Min religion er vennsemd.” – Dalai Lama