E N D
Julebordturnering 2010 I forbindelse med julebordet på Samfunnshuset Varden, laurdag 27 november, arrangerer Fjørtoft Turn og Idrottslag til ei uhøgtidleg fotballturnering for dei som på ein eller anna måte har relasjonar til Fjørtofta. Turneringa vil gå føre seg frå kl. 12:00 til kl. 15:00 i ridehallen på Davik Gard. Pulje- og kampoppsettet er som følgjar: Pulje 1: Team Nygjerde, Hummer & Kanari, Team Benken Pulje 2: Fjørtoft City, Team Ivar, Team Rambo Dameserie: Team Systøvå, The Silseth’s, The Bringsvor Crew Tid Heime Borte 12.00 Team Nygjerde - Hummer & Kanari 12.15 Fjørtoft City – Team Ivar 12.30 Team Systøvå - The Silseth’s 12.45 Team Nygjerde – Team Benken 13.00 Fjørtoft City – Team Rambo 13:15 Team Systøvå - The Bringsvor Crew 13.30 Hummer & Kanari – Team Benken 13.45 Team Ivar – Team Rambo 14.00 The Silseth’s - The Bringsvor Crew 14.15 Tredje plass Pulje 1 – Tredje plass Pulje 2 (Jumbo finale) 14.30 Andre plass Pulje 1 – Andre plass Pulje 2 (Bronse finale) 14.45 Første plass Pulje 1 – Første plass Pulje 2 (Finale) FTIL oppmoder publikum til å komme for å heie på laga. Ta med familien, slekt og vener. Gratis inngang. Der vil bli muligheit å få kjøpe seg kaffi og brus i cafe’en til han Eivind Davik. Harald Silseth og Svein Klokk vil halde styr på kampprogrammet og resultatservice i sekretariatet, mens ein eigen fagjury beståande av Kårmund Larsen, Stig Terje Fjørtoft, Reidar Fjørtoft og Jørgen Fjørtoft vil stå for vurdering av diverse utmerkingar som vil bli offentleggjort på julebordet på Samfunnshuset Varden. Pressefotograf Eldar Fjørtoft vil dekke arrangementet på oppdrag for ulike media. Møt opp, dette blir kjekt Sjå også ftil@ftil.net for meir info.