1 / 36

Nynorskkurs

Nynorskkurs. Skriv i regelboka: Substantiv. Substantiv er namn på ting, fenomen og personar. Tre kjønn: Hankjønn: ein Hokjønn: ei Inkjekjønn: eit. Hovudreglar: HANKJØNNSORD får endingane –ar og –ane i fleirtal Ein film – den filmen – fleire film ar – alle film ane

callum
Download Presentation

Nynorskkurs

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. Nynorskkurs

  2. Skriv i regelboka:Substantiv • Substantiv er namn på ting, fenomen og personar. • Tre kjønn: • Hankjønn: ein • Hokjønn: ei • Inkjekjønn: eit

  3. Hovudreglar: HANKJØNNSORD får endingane–ar og –ane i fleirtal • Ein film – den filmen – fleirefilmar – alle filmane • Ein dag – den dagen – fleiredagar – alle dagane

  4. Unntak: Nokon hankjønnsord får omlyd i fleirtal. • Ein son – sonen – søner – sønene • Ein bror – broren – brør – brørne • Ein fot – foten – føter – føtene

  5. HOKJØNNSORD får endingane–er og –ene i fleirtal • Ei jente – den jenta – fleire jenter– alle jentene • Ei kake – den kaka – fleire kaker– alle kakene Hokjønnsorda blir bøygde som på bokmål.

  6. Unntak: Ord som endar på –ing blir bøygde som i hankjønn fleirtal (valfritt!) • Ei meining – meininga – meiningar – meiningane Nokon hokjønnsord får omlyd i fleirtal: • Ei dotter – dottera – døtrer – døtrene • Ei bok – boka – bøker – bøkene

  7. INKJEKJØNNSORD i fleirtal får inga ending i ubestemt form og endinga –a i bestemt form • Eit hus – huset – hus– husa • Eit problem – problemet – problem – problema

  8. Bøying av substantiv – ein oversikt

  9. Skriv i regelboka:Verb • Verb er ord som fortel kva som skjer, kva for handlingar som vert utførte. • Vi har både sterke og svake verb. • Infinitiv er utgangsforma på verbet, den forma som står i ordboka. • Vanlegvis bøyer vi eit verb i tid (infinitiv, presens, preteritum og perfektum).

  10. Svake verb Vi kan skilje mellom e-verb og a-verb: A-verb • A-verb endar på –ar ipresens og –ai preteritum. • I ordlista står a-verba slik: vandre – a. • Eks: Å kaste – kastar – kasta – har kasta

  11. Døme på a-verb:

  12. A-verb er dei same verba som endar på –et eller –a i preteritum på bokmål. Dersom du lurer på om eit verb er eit e-verb eller eit a-verb, kan du sjekke kva du ville ha sagt i preteritum. • Eks på a-verb: I går vandret / vandra… I går hentet / henta… • Eks på e-verb: I går vurderte… I går noterte…

  13. E - verb • E-verba endar på –er i presens og –te / - de i preteritum. • I ordlista står e-verba slik: vurdere – te. Eks: Å vurdere – vurderer – vurderte – har vurdert Å notere – noterer – noterte – har notert

  14. E-verb vert bøygde på same måten som i bokmål.

  15. Døme på e-verb

  16. Je - verb • Je-verb er dei verba som har –je i infinitiv. • Desse verba får inga ending i presens. I preteritum får dei endinga – de eller – te. Eks: Å fortelje – fortel – fortalde (fortalte) – har fortalt

  17. Døme på je-verb

  18. Nå - verb • Nå-verb består av korte verb som får – r i presens og endinga – ddei preteritum. Eks: Å nå – når – nådde – har nådd / nått Å bu – bur – budde – har budd / butt Å tru – trur – trudde – har trudd / trutt

  19. Uregelrette svake verb • Verb som ikkje passar inn i dei andre gruppene. Eks: Å vite / vete – veit – visste – har visst Å seie – seier – sa – har sagt Å setje / sette – set / sett – sette – har sett

  20. Kort repetisjon av svake verb • A-verb: Å kaste – kastar – kasta – har kasta • E-verb: Å vurdere – vurderer – vurderte – har vurdert • Je-verb: Å fortelje – fortel_– fortalde (fortalte) – har fortalt • Nå-verb: Å nå – når – nådde – har nådd / nått

  21. Sterke verb • Presens: Inga ending Eks: Bokmål: Hanne finner ikke pengene sine. Nynorsk: Hanne finn ikkje pengane sine. • Preteritum: Inga ending og vokalskifte – skifter vokal inne i ordet Eks: Bokmål: Hanne fant pengene sine til slutt. Nynorsk: Hanne fann pengane sine til slutt.

  22. Heile bøyinga til sterke verb finn du i ordlista.

  23. Dei viktigaste sterke verba

  24. Plan for økta: • Felles gjennomgang av pronomen og genitivsuttrykk • Oppgåver • Oppsummering Mål: • Kunne skrive om genitivsuttrykk

  25. Pronomen • Pronomen er ord som står i staden for andre ord, ofte for eit substantiv. • Ordet pronomen tyder ”i staden for substantivet”.

  26. Spørjepronomen • kven hvem • kva hva • kva for ein/ei/eit/nokre hvilken/hvilket/hvilke Spørjeadverb • korleis hvordan • kvifor / korfor hvorfor • kor hvor

  27. Eigedomspronomen • EINTAL • min • din • hans • hennar • FLEIRTAL • vår • dykkar • deira

  28. Personlege pronomen Eit personleg pronomen kan stå i staden for både menneske, dyr og ting. OBS! På nynorsk bruker vi han om hankjønnsord og ho om hokjønnsord (i staden for den) Døme: Stormen var sterk. Han ødela fleire hus. Britt er frå Bergen. Ho er vestlending. Når kjem flyet? Det landar kl. 22.00.

  29. Genitivsuttrykk på nynorsk • Genitiv fortel oss noko om eigedom.

  30. I desse høva kan du nytte genitiv på – s i nynorsk: • I uttrykk for tid og mål: • Ein times pause, ein dags arbeid, i manns minne • Ved særnamn: • Ibsens ”Vildanden”, Noregs medlemskap i Nato, Pers datamaskin, Odas veske • Ved fellesnamn i ubestemt form eintal og fleirtal: • Lang dags ferd mot natt, i manns minne • I namn på offentlege institusjonar • Statens forureiningstilsyn, Statsministerens kontor

  31. Omskriving av genitiv på nynorsk Ofte må vi skrive om genitivsuttrykk når vi skriv på nynorsk. Dette kan vi gjere på tre måtar: • med preposisjonar • med eigedomsord • med samansetjingar

  32. Med preposisjonar:

  33. Med eigedomsord:

  34. Med samansetjingar:

More Related