860 likes | 1.1k Views
JULETREFEST - gudsteneste i Vinje kyrkje på ” Heilage Tre Kongars dag” 2.januar 2011 Sokneprest John Ove Thaule Organist Ellen Marie Selland Geithung. Preludium. Eg synger jolekvad v.1. Eg synger jolekvad , eg er så glad, så glad!
E N D
JULETREFEST-gudsteneste i Vinje kyrkjepå ”Heilage Tre Kongars dag” 2.januar 2011Sokneprest John Ove ThauleOrganist Ellen Marie SellandGeithung
Eg synger jolekvad v.1 Eg synger jolekvad, eg er så glad, så glad! Eg ser min Jesus kvila / som barn i ringe kår, på moderfanget smila som soli varm og klår. /: Han er frelsar min! :/
Eg synger jolekvad v.2 Kom, vesle barn, til meg, eg lengtar etter deg! Kom du som sorg kan linna, / stig inn om her er smått, lat meg deg sjå og finna, då får eg det så godt!. /:Drag meg etter deg! :/
Eg synger jolekvad v.3 Kor er Guds kjærleik stor, Guds Son er no vår bror! For me i synd var selde og låg i trælestand, / han knuste dødens velde og opna livsens land. /: Eia, var me der! :/
Eg synger jolekvad v.4 Kvar er vel gleda slik som høgt i himmelrik, Der englesongentonar / til harper utan tal / frå alle millionar i himlenskongesal ! /: Eia, var me der! :/
Inngangsbøn Herre, vår Gud. Her i ditt hus, tar du oss inn i varme og ljos. Lat no ditt ord, leia oss rett Og styrk du vår tru. No er det tid, no er du her. No vil me prisa deg, No er du nær. Amen
Lovsong Presten: Ære vere Gud i det høgste! Kyrkjelyden: Og fred på jorda hjå menneske som Gud har hugnad i.
Eit barn er fødd i Betlehem v.1 Eit barn er fødd i Betlehem, i Betlehem. No frydar seg Jerusalem. Halleluja , halleluja !
Eit barn er fødd i Betlehem v.2 Her ligg han i eit krybberom, eit krybberom, men rår med evig herredom. Halleluja , halleluja !
Eit barn er fødd i Betlehem v.3 Men okse der og asen stod, og asen stod, og såg den Gud og Herre god. Halleluja , halleluja !
Eit barn er fødd i Betlehem v.4 Tre kongar kom frå Austerland, frå Austerland, gull, røykjels, myrra gav dei han. Halleluja , halleluja !
Eit barn er fødd i Betlehem v.8 For joletid med gledebod, med gledebod skal Herren evig ære få. Halleluja , halleluja !
Eit barn er fødd i Betlehem v.9 Treeinig Gud, vi lovar deg, vi lovar deg, for frelsa no og æveleg! Halleluja , halleluja !
Glade jol v.1 Glade jol, heilage jol! Englar kjem frå Guds kongestol, blomar ber dei frå paradis, fint og fagert dei syng Guds pris. |: Løynleg ikring oss dei går :|
Glade jol v.2 Jolebod, gledeleg bod tonar til oss med himmelljod, song av englar som hyrdingarsåg den gong Jesus i krubba låg. /: Songen av englar er sæl. :/
Glade jol v.3 Fred på jord, fryd på jord! Jesusbarnet det er vår bror, englar syng om hans herlegdom, han har reidd oss i himmelen rom. /: Songen av englar er sæl. :/
Glade jol v.4 Sæle fred, himmelsk fred jolekvelden til jord kom ned. Englar syng om den fred deisåg, syng om han som i krubba låg. /: Gled deg, kvar sjel han har frelst :/
Eg er så glad kvar jolekveld v.1 Eg er så glad kvar jolekveld, for då vart Jesus fødd. Då lyste stjerna som ei sol, og englar song så søtt.
Eg er så glad kvar jolekveld v. 2 Det vesle barn i Betlehem, han var ein konge stor, som kom frå høge himmelborg ned til vår arme jord.
Eg er så glad kvar jolekveld v. 3 No bur han i sin himmelheim, han er Guds eigen Son. Men alltid minnest han dei små som bed med tru og von.
Eg er så glad kvar jolekveld v. 9 Eg er så glad kvar jolekveld, så glad i Jesus Krist, og at han også elskar meg, det veit eg sant og visst.
Presten: Lat oss høyra Herrens ord! ALLE:Gud vere lova ! Halleluja,…. Lesetekst: Matteus 2.kapittel
Fager er den himmel blå v.1 Fager er den himmel blå, sælt det er å skoda på kor dei gylne stjerner blinkar, kor dei smiler, kor dei vinkar /: oss frå jorda opp til seg. :/
Fager er den himmel blå v.2 Det var midt i jolenatt, kvar ei stjerne blinka radt, men med eitt på himmelboge stråla det så bjart ein loge /: som ei lita stjernesol. :/
Fager er den himmel blå v.3 Når den stjerna ljos og mild viste seg ved midnattstid, gjekk frå gamalt orda slike, at ein konge utan like /: skulle fødast på vår jord. :/
Fager er den himmel blå v.4 Vise menn frå austerland Ferdastaven tek i hand; denne kongen vil deifinna, denne kongen vil dei vinna /: og for honom bøya kne. :/