490 likes | 632 Views
Bykle2020. Presentasjon på folkemøter 12. september 2006. 1. Oppstart. 2. og 3. mars 2005 vart det arrangert oppstarts-seminar på Rica Dyreparken Hotell Kommunestyret, delar av administrasjonen og styret i Bykle og Hovden Vekst AS deltok
E N D
Bykle2020 Presentasjon på folkemøter 12. september 2006 1
Oppstart • 2. og 3. mars 2005 vart det arrangert oppstarts-seminar på Rica Dyreparken Hotell • Kommunestyret, delar av administrasjonen og styret i Bykle og Hovden Vekst AS deltok • Kommunestyret nedsette ei styringsgruppe med seks politikarar og rådmannen • Det vart bestemt at prosjektleiinga skulle leggast til Bykle og Hovden Vekst AS 2
Styringsgruppe • Tallak Hoslemo • Kay A. Jeiskelid • Helene Ø. Fredly • Olav Mosdøl • Jon Rolf Næss • Ole P. Bruun • Randi Steinsholt (overtok etter Ingvild Hovden) 3
Prosess • Styringsgruppa har hatt seks møter • Møte med fylkeskommunen 19. mai 2005 • Dale+Bang har bidratt undervegs • Planprogrammet er handsama i styringsgruppa, plan og utvikling og kommunestyret, og har vore ute til høyring før endelig vedtak • Drøftingsmøte med Fylkesmannen og fylkeskommunen 14. juni 2006
Dialogmøter • Lag og organisasjonar • Tilsette innan helse og omsorg • Tilsette i skular og barnehagar • Kommuneadministrasjonen • Unge 18-35 år (to samlingar) • Aktørar innan næringslivet • ”Hyttebyklarar” • Fokusområder • Økonomi • Teknologi • Kompetanse • Næringsutvikling • Framtidsbilde 5
Informasjon • www.bykle2020.no • Magasinet Bykle2020, 2 utgåver • Informasjon i Byklaren • Folkemøter
Status • Bykle er ein utkantkommune, men har så langt hatt auke i folketal, kvinneoverskott og unngått ”forgubbing” • Godt utbygde offentlege servicetilbud • Satsar på reiseliv, opplæring og utmarksnæring • Treng fleire arbeidsplassar i privat sektor • Vernerestriksjonar hindrar kommunen i å realisere utviklingspotensialet
Folketalsutvikling Per 01.01.2006 var det 874 innbyggjarar i Bykle
Framskriving av folketalet Framskriving av folketalet i Bykle kommune 2005 – 2020 under forutsetning av at netto innflytting er null, og fruktbarhet lik 0.043 med standardavvik = 0,002, dvs gjennomsnittet for 1951 – 2002. Den nederste kurven viser den forventa utviklinga
Nokre megatrender • Auka økonomisk integrasjon – globalisering • Lågare kulturelle skiller – me blir ”likare” • Fortsatt innvandring • Nye trusselbilete – terror, sjukdom og katastrofer • Frå industri til informasjon- og kunnskapssamfunn • Ny teknologi som skaper NYE marknader og NYE arbeidsprosessar • Turbokapitalisme eller styrt kapitalisme..? • ”Nye menneske” – forbrukarorientert ungdom og ressurssterke eldre • Nye marknader (Kina vaknar til liv..) • BYGDA I EI GLOBALISERT VERD
Korleis KAN det gå?Scenarier • Motvindbygda • Agro-business bygda • Anti-Jante bygda • Forstadsbygda
Motvindbygda • Frå ekspansjon (70/80 – talet) til nedgang • Flott stad utanfor allfarveg • Folketalsnedgang, forgubbing og små barnekull • Ny WTO avtale • Landbrukseiegedomar ute av drift, men ikkje for sal • Landbruk i radikal endring • Arbeidsplassar forsvinn • Politikarar tenker ikkje nytt • Ungdom flyttar ut • Mindre organisert fritidsarbeid
Agrobusinessbygda • Ligg i produktive og attraktive landområde (Austlandet, Jæren…) • Sterkt landbruksfaglig miljø • Svakt stigande busetnad • Store og aktive gardsbruk (økologisk drift, sambruk) • Tradisjonelle fritidstilbud (4H, kirke og idrett) • Få arbeidsplassar som krev høg utdanning • Høg lokalpatriotisme • Eit urbant bygdesentrum
Anti-Jantebygda • Utanfor allfarveg • Sterk vilje til nyskaping og fornying • Pågangsmot og felleskapskjensle • Vekependling • Vakker natur • Godt vedlikehald av fellesareal/bygningar • Variert fritidstilbud for store og små • Barnehage og skulelivet tar seg opp • Bygda er blitt ei merkevare som vert bygd av lokalbefolkninga • Moderne arbeidsplassar i offentleg og privat sektor • Design, opplevingsturisme står sentralt • BYGDEDYRET ER KASTA PÅ DØR!!
Forstadsbygda • Nær by • Innbyggjarar i alle livsfaser • Stigande folketal • Fritid i byen • Dårlege levekår for tradisjonelle bygdenæringar, landbruk • Stillstand i sentrum, slitt og umoderne – folk køyrer forbi • Liten turisme • Liten identitet som bygd – meir berre ein trygg og god plass å bu, nærme byen
Samfunnsdelen av kommuneplanen 2007-2018 Forslag til disposisjon og innhald
Visjon for Bykle2020 Bykle ser langt
Disposisjon Innleiing Bykle i Verda Bykle i Noreg Bykle i Agder Heime i Bykle Kommunen som serviceinstitusjon Kommunen som arealforvaltar
Bykle i Verda Ambisjon: ”Bykle framstår som eit moderne og globalt orientert samfunn”
Bykle i Verda Slik kjem me dit: Posisjonere destinasjonen på den Nord-Europeiske marknaden Vise toleranse og vere opne for andre kulturar, uttrykk og tradisjonar Der det er formålstenleg rekruttere på den globale arbeidsmarknaden Aktivt nytte IKT i eit internasjonalt bilete
Bykle i Noreg Ambisjon: ”Bykle er kjent som ein attraktiv stad å vitje, og ein god plass å bu”
Bykle i Noreg Slik kjem me dit: Offensiv nasjonal profilering av destinasjonen og lokalsamfunnet Utvikle og leggje til rette for kompetanse-arbeidsplassar Gjere tiltak for å utvikle Bykle til den mest attraktive bygda i Noreg for unge Hovden skal vere ein av dei fem mest attraktive fjelldestinasjonane innan 2015
Bykle i Noreg Slik kjem me dit… Etablere eit langsiktig samarbeid med relevante utdanningsinstitusjonar Drive langsiktig, forutsigbar og berekraftig forvaltning av reiselivsprodukta Bevare og nytte naturen som ei merkevare Tilrettelegge for kompetanseheving og profesjonalisering innan reiselivet
Bykle i Agder Ambisjon: ”Bykle er ei drivkraft og eit førebilete for utvikling blant innlandskommunane”
Bykle i Agder Slik kjem me dit: Bykle skal vere ein motor for utvikling, og ein føregangskommune innan næringsutvikling relatert til turisme og opplevingar Bykle skal vere eit viktig senter for utdanning og kompetansebygging Der det er formålstenleg skal Bykle aktivt søke gode og konstruktive samarbeidsrelasjonar med andre kommunar og forvaltningsnivå Bykle skal dele sine kunnskapar innan digital utvikling
Heime i Bykle Ambisjon: ”Ein Byklar er stolt av bygda si, og fortel dei gode historiane om eit raust samfunn som legg til rette for utvikling og vekst”
Heime i Bykle Fokusområde: Oppvekst Næringsutvikling Helse Kultur og miljø
Heime i Bykle Oppvekst Ambisjon: ”Eit godt og stimulerande oppvekstmiljø skal vere ein viktig grunn til at folk trivst og vel å busetje seg i kommunen”
Heime i Bykle Oppvekst Slik kjem me dit: Det pedagogiske tilbudet skal til ei kvar tid vere prega av kvalitet og profesjonelle haldningar Barnehage, skule og andre oppvekstmiljø skal vere prega av toleranse og opne haldningar, og bidra til at ein tidleg skaper ein identitet til heimplassen Barn og unge skal ha eit variert og utviklande fritidstilbud Stimulere til fortsatt godt samarbeid mellom offentleg og privat barne-og ungdomsarbeid
Heime i Bykle Næringsutvikling Ambisjon: ”Bykle skal utmerke seg som ein attraktiv stad å drive, utvikle og etablere næringsverksemd”
Heime i Bykle Næringsutvikling Slik kjem me dit: Gjennom aktiv, kompetent og målretta tilrettelegging og deltaking, skal kommunen bidra til etablering, knoppskyting og vekst Ein skal aktivt stimulere til eit næringsliv som er uavhengig av offentlege tilskot Det skal leggast til rette for at unge flyttar tilbake etter endt utdanning Ein skal arbeide for å styrke og utvikle næringar innan dei områdene ein har naturlege forutsetningar for å lykkast
Heime i Bykle Næringsutvikling Slik kjem me dit… Hovden skal vere knutepunkt for kompetansebasert næringsutvikling innan reiseliv Næringsutvikling skal bidra til at investert kapital i størst mogleg grad blir verande i bygda Kommunen skal i si næringssatsing legge til rette for nye, og gjerne utradisjonelle samarbeidsarenaer
Heime i Bykle Helse Ambisjon: ”I Bykle skal alle oppleve eit godt og forutsigbart helse- og omsorgstilbud. Helse skal i tillegg vere eit satsingsområde i utviklinga av kommunen som reiselivsdestinasjon”
Heime i Bykle Helse Slik kjem me dit: Helse og omsorgsapparatet skal møte sine brukarar med profesjonalitet, respekt og toleranse Innbyggjarane i kommunen skal motiverast til fysisk aktivitet og sunne livsvanar Førebyggjande helsearbeid, mosjon og velvære skal vere satsingsområde både for innbyggjarar og i utviklinga av Hovden som destinasjon
Heime i Bykle Kultur og miljø Ambisjon: ”Bykle skal vere prega av eit rikt og mangfaldig kulturliv, som saman med eit godt miljø gjev gode levekår”
Heime i Bykle Kultur og miljø Slik kjem me dit: Me skal vidareutvikle dei gode og trygge lokalsamfunna prega av omsyn og fokus på enkeltmenneske Hovden og Bykle kyrkjebygd skal utvikle sin eigenart, samtidig som dei skal bidra til ein felles identitet Kommunen skal ta vare på dei tradisjonelle kultur- og uttrykksformene, samtidig som ein opnar for kulturell nytenking Kommunen skal vere ein aktiv pådrivar for å finne felles og samlande tiltak for heile kommunen, frå Bjørnarå til Bjåen. Areal og naturressursar skal vere tilgjengelige, og forvaltast på ein berekraftig måte
Heime i Bykle Kultur og miljø Slik kjem me dit… Kommunen skal aktivt søke å vere pådrivar for eit godt samarbeid med grunneigarar og regionale/nasjonale myndigheiter Kommunen sine naturskjønne omgjevnader skal ikkje vere prega av forsøpling eller forureinande aktivitet Kommunen skal aktivt stimulere bedrifter til å arbeide etter miljøvennlege og berekraftige prinsipp Kommunen skal stimulere til og legge til rette for kulturlandskapet som ein viktig ressurs for trivsel og utvikling
Kommunen som serviceinstitusjon Service og tenester Forvaltning Ambisjon: ”I Bykle skal brukarane og innbyggjarane vere i fokus, og oppleve kommunen som ein serviceorientert organisasjon og eit truverdig forvaltningsorgan”
Kommunen som serviceinstitusjon Service og tenester Slik kjem me dit: Bykle kommune skal som arbeidsgjevar aktivt nytte kompetanseheving for å utvikle verksemda og kvar enkelt tilsett og leiar Økonomiske og menneskelege ressursar skal nyttast optimalt Innbyggjarar skal orienterast om rettighetar i høve til tenester, og alle forespørslar skal handsamast seriøst Ny teknologi skal nyttast som verkemiddel for å nå ambisjonen
Kommunen som serviceinstitusjon Forvaltning Slik kjem me dit: Vere konsekvente og oppfylle forventningar om lik handsaming av saker Føre god og saklig argumentasjon for vedtak og beslutningar Gjere ei heilskapleg vurdering i alle saker, og vurdere opp mot formål i lova Sikre godt fagmiljø gjennom interkommunalt samarbeid
Kommunen som arealforvaltar Ambisjon: ”Langsiktig og balansert tenking medverkar til formålstenleg og berekraftig utnytting av kommunen sine arealressursar”
Kommunen som arealforvaltar Slik kjem me dit: Fokus på heilskapsløysingar, miljøkrav og estetikk Ivareta balansen mellom biologisk mangfald, verneområder, kulturminner, friluftsinteresser og nærings- og bufunksjonar Berekraftig forvaltning til lokalsamfunnet sitt beste skal liggje til grunn for all utvikling
Arealdelen av kommuneplanen 2007-2018
Arealdelen Skal bygge på formuleringar i samfunnsdelen Administrativ arbeidsgruppe er i gong med arbeidet (Morten Elgåen, Knut Erik Paulsen, Sigrid Bjørgum, Tallak Hoslemo og Ingvild Hovden) Retningsliner og bestemmelsar Vurdering av nye utbyggingsområde (sjå kart)
Utkast til disposisjon arealdel 1 INNLEIING 2 BESKRIVANDE OM AREALDELEN 2.1 Bustader 2.2 Næringsaktivitet 2.3 Fritidsbustader 2.4 Naturressursar 2.5 Infrastruktur 3 FØRESEGNER 4 RETNINGSLINER
Kommuneplankartet Detaljert kart over heile kommunen All kjent informasjon + nye områder Innarbeide reguleringsplanar for Hovden sentrum og Hovden Sør På litt lenger sikt utarbeide kommunedelplanar for Bykle kyrkjebygd og Hovdenområdet
Vidare framdrift Endelig utforming av samfunnsdel og arealdel Politisk handsaming av 1. utkast Høyringsrundar for begge delane Handsaming av høyringsuttaler 2. gongs handsaming