70 likes | 252 Views
Nord Korea. Fakta. 122 370 km² 24 mill. menneske. 99,8% koreanarar . Nesten totalt isolert frå verdssamfunnet Økonomien har brote saman Mange døyr av svolt og underernæring. Avskoging har ført til årlege flaumkatastrofar som drep menneske og vaskar vekk matjord.
E N D
Fakta • 122 370 km² • 24 mill. menneske. 99,8% koreanarar. • Nesten totalt isolert frå verdssamfunnet • Økonomien har brotesaman • Mange døyr av svolt og underernæring. • Avskoging har ført til årlegeflaumkatastrofar som drep menneske og vaskar vekk matjord. • Den einastelovlege religionen Cheondogyo, dvs dyrking av avdøde Kim Il Sung • Kraftig forfølging av kristne • Den unge nye leiaren Kim Ung Sun varslarendringar • Rundt rekna 400 000 kristne. 100-200 000 av dei i arbeidsleirar. 6% årleg vekst. • Dødsstraff for å eiga bibel eller uttala ”Gud” eller ”Jesus”.
Takk og bøn • Takk for ein enorm vekst i talet på kristne, mot alle odds. • Be om at dei kristne må få seg biblar, bli grunnfesta i nåden og sterke i Gud • Be om at matunder skal skje rundt dei kristne • Be om at Guds rike spreier seg som ein surdeig i samfunnet • Be om at det antikristne regimet må smuldra opp frå innsida • Be om at dei kristne må stå fram og berga land og folk frå undergangen
Dhofariarbararar i Oman • 91 000 menneske • Svært gjestfrie • Snakkar eigen dialekt av arabisk • Religion: ibhadisme, ei grein av islam • Ingen deler av bibelen tilgjengeleg på dhofariarabisk
Bøn • Herre Jesus! Du som har skapt og forma dhobariarabarane til å bli eit folk som set si ære i å ta imot gjester på den beste måten, la dei også ta imot deg som æresgjest i heimen og som Herre i hjarto. Må dei stengde portane opna seg slik at du, herlegdomens konge, kan gå inn og frelsa menneska, etablera di kyrkje og setja dette folket inn i teneste for evangeliet. Herre, høyr mi bøn. Amen!
Åtak på kristne bønesamlingar i Karnatake, India • Pastor Mounesh i End Time Ministries har i lang tid arrangert bønesamlingar i sin eigen heim i Romagonadanahalli. Hinduekstremistar har forstyrra møtene med høg hindumusikk, storming av samlingane og vald mot dei som ber. Eindommar har pålagt Mounesh å stoppa desse møtene, trass i at desse er heilt lovlege. Karnatake er den delstaten i India der forfølging av kristne er sterkast. Pastor Mounesh har no flytta aktiviteten sin til eit anna område.
Bøn • Far! Takk for alle som arrangerer bønemøter, og takk for den vekst som me ser i di kyrkje i India. Men det er store vekstsmerter, og i dag ber me om at du skal hjelpa pastor Mounesh og hans vener å halda motet oppe, og hjelp dei å be for dei som forfølgjer dei og gjer livet trongt for dei. Me ber om at forfølgarane skal forstå at dei i sin iver for hinduismen slost for djevelen og mot Jesus, og gjer det tungt for dei å kjempa mot ”brodden”. Tal til dei som til Paulus og før dei til omvending og tru. Amen.