230 likes | 379 Views
Slektsgransking. Seminar den 21. oktober 1998. Kvifor slektsgransking? Korleis finna røtene våre? Kvar har anene våre budd? Korleis levde dei? Kva dreiv dei med? Kven er me i slekt i?. Slektsgransking. Slektsgransking. Slektsgranskaren sitt utgangspunkt Må ha interesse.
E N D
Slektsgransking Seminar den 21. oktober 1998
Kvifor slektsgransking? • Korleis finna røtene våre? • Kvar har anene våre budd? • Korleis levde dei? • Kva dreiv dei med? • Kven er me i slekt i? Slektsgransking
Slektsgransking • Slektsgranskaren sitt utgangspunkt • Må ha interesse. • Må ha pågangsmot. • Må ha tolsemd. • Må ha tid. • Må ha eit system til å registrere person- og bustad- opplysningar i, (Papir- eller databaserte system).
Kjelder til opplysningar • Gards- og ættesoger, (Bygdebøker). • Kyrkjebøker og kjelder i slekt med kyrkjebøker. • Manntal og folketeljingar. • Skifter og kjelder i slekt med skifter. • Soldatar og sjøfolk. • Lov og rett, (Tingbøker). • Skattemanntal. • Matriklar. • Pantebøker og panteregister. • Magistratarkiv. • Bygningshistoriske kjelder. • Flytting, innvandring og utvandring. • Andre kjelder og nyttig litteratur. Slektsgransking
Slektsgransking • Gards- og ættesoger, (Bygdebøker) • Det enklaste er å søkje etter aner og slektningar i tilgjengelege gards- og ættesoger. • Slike bøker er av svært ulik kvalitet, men dei fleste er rimeleg lette å finna fram i. • Kvaliteten på opplysningar i desse bøkene varierer og mykje. Difor bør alle opplysningar kontrollerast mot minst ei anna kjelde, til dømes kyrkjebøker.
Kyrkjebøker • Det vanlegaste er å søkje etter aner og slektningar i kyrkjebøkene. • Vanlegvis finst det kyrkjebøker både for presten og klokkaren. • Desse bøkene er skrivne for hand, og di eldre bøkene er, dess verre vert det å skjøna skrifta, (gotisk handskrift). • Tilgjenge er anten i originale kyrkjebøker ved Statsarkiva (vanlegvis overførde til statsarkiva 80 år etter at dei er utskrivne) eller i mikrofilma kyrkjebøker ved Biblioteka (Vanlegvis fram til omlag 1910-20). Yngre bøker er vanlegvis ved prestekontora. Kyrkjebøkene er klausulert (ikkje tilgjengeleg) i 60 år, rekna frå siste innførsel i boka. • I eldre kyrkjebøker er kyrkjeleg tidsrekning brukt. Den kronologiske inndelinga byggjer på kyrkjeåret. Slektsgransking
Slektsgransking • Kyrkjebøker • Fødde og døypte, (Kyrkjebøker ved statsarkiva eller mikrofilmar ved Biblioteka). • Introduserte, (Kyrkjebøker ved statsarkiva eller mikrofilmar ved Biblioteka). • Konfirmerte, (Kyrkjebøker ved statsarkiva eller mikrofilmar ved Biblioteka). • Trulovde og vigsla, (Kyrkjebøker ved statsarkiva eller mikrofilmar ved Biblioteka). • Døydde og gravlagde, (Kyrkjebøker ved statsarkiva eller mikrofilmar ved Biblioteka). • Inn- og utflytting, (Kyrkjebøker ved statsarkiva eller mikrofilmar ved Biblioteka).
Slektsgransking • Kjelder i slekt med kyrkjebøker • Kommunikantbøker, "Nattverdregister", (Prestearkiva ved statsarkiva). • Sjeleregiser, "Presten sitt folkeregister", (Prestearkiva ved statsarkiva). • Prestane sine attestsamlingar, (Prestearkiva ved statsarkiva). • Kongeleg løyve, (Riksarkivet eller bispearkiva ved statsarkiva).
Slektsgransking • Manntal og folketeljingar • Det er utarbeida fleire manntal og folketeljingar som viser kven som budde på bruka og for nokre av dei viser det og kor stor buskap og avling dei hadde. • Desse er og skrivne for hand, og di eldre dei er, dess verre vert det å skjøna skrifta, (gotisk handskrift). • Tilgjenge er anten i originale skrifter ved Riksarkivet eller Statsarkiva, eller i mikrofilma skrifter ved Biblioteka. Manntal og folketeljingar er klausulert (ikkje tilgjengeleg) etter 1900.
Slektsgransking • Manntal og folketeljingar • Manntalet i 1663-66, (Skrifter ved Riksarkivet eller mikrofilmar ved Biblioteka). • Manntalet i 1701, (Skrifter ved Riksarkivet eller mikrofilmar ved Biblioteka). • Folketeljinga i 1801, (Skrifter ved Riksarkivet, mikrofilmar ved Biblioteka eller datautskrifter frå Universitetet i Bergen). • Folketeljinga i 1865, (Skrifter ved Riksarkivet eller mikrofilmar ved Biblioteka). • Folketeljinga i 1870 for dei største byane, (Skrifter ved Riksarkivet). • Folketeljinga i 1891, (Skrifter ved Riksarkivet eller nokre få mikrofilmar ved Biblioteka). • Folketeljinga i 1900, (Skrifter ved Riksarkivet og statsarkiva eller mikrofilmar ved Biblioteka).
Slektsgransking • Skifter • Skifteprotokollane gjev oversikt over tid og stad for skiftet, kven det var skifte etter og kven var arvingar. Så følgjer registrering av buet sine verdiar og taksering av jordeigedommen. • Desse protokollane er skrivne for hand, og di eldre dei er, dess verre vert det å skjøna skrifta, (gotisk handskrift). • Tilgjenge er anten i originale skifteprotokollar i sorenskrivar- og byfogd/byskrivararkivene ved Statsarkiva eller i mikrofilma skifteprotokollar ved Biblioteka (Vanlegvis fram til omlag 1850). Skifteforhandlingsprotokollar og skiftevedlegg er klausulert (ikkje tilgjengeleg) i 60 år. Elles er skiftematerialet fritt tilgjengeleg.
Slektsgransking • Kjelder i slekt med skifter • Dødsfallsregistrering, (Sorenskrivar-, byfogd/byskrivar- og lensmannsarkiv ved statsarkiva). • Overformynderiet sine rullar, (magistratsarkiva ved statsarkiva).
Soldatar • Militære rullar gjev personopplysningar utover dei militære tilhøve. • Desse rullane er skrivne for hand, og di eldre dei er, dess verre vert det å skjøna skrifta, (gotisk handskrift). • Tilgjenge er i originale rullar i riksarkivet sitt militær- eller sivile arkiv og statsarkiva sitt militær- eller sivile arkiv. Militære rullar er klausulert (ikkje tilgjengeleg) i 60 år. • Sjøfolk • Sjømannsrullar og mønstringsprotokollar gjev personopplysningar utover sjømannsforholda. • Desse rullane er skrivne for hand, og di eldre dei er, dess verre vert det å skjøna skrifta, (gotisk handskrift). • Tilgjenge er i originale sjømannsrullar ved statsarkiva etter sjø inn- rullering og mønstringssjefane. Klausulert (ikkje tilgjengeleg) i 60 år. Slektsgransking
Slektsgransking • Lov og rett • Tingbøkene gjev oversikt over rettslege tvistar personar har vore i. Kan gje inngåande skildringar av personar og hendingar.Private rettstvistar kan ha størst interesse. • Politiarkiva gjev oversikt over straffbare forhold personar måtte svara for. • Fengselsarkiva gjev oversikt over fengsla personar. • Alle desse bøkene er skrivne for hand, og di lengre bakover i tid, dess verre vert det å skjøna skrifta, (gotisk handskrift). • Tilgjenge er anten i originale tingbøker i sorenskrivar- og byfogd/byskrivararkivene ved Statsarkiva eller i originale protokollar i politi- eller fengselsarkiva ved Statsarkiva. Tingbøker, politi- og fengselsarkiva er klausulert (ikkje tilgjengeleg) i 80 år.
Slektsgransking • Skattemanntal • Lens- og amtsregnskap, fogderegnskap og byregnskap • Koppskatten i 1645. • Ekstraskatten i 1743. • Ekstraskatten i 1762-72 • Formueskatten i 1789. • Inntektsskatten i 1810. • Landsskatten på 1600 talet. • Skattemanntala gjev opplysningar om økonomi og levestandard. • Alle desse manntala er skrivne for hand, og di lengre bakover i tid, dess verre vert det å skjøna skrifta, (gotisk handskrift). • Tilgjenge er anten i originale lens- og amtregnskap ved Riksarkivet eller til dels mikrofilma regnskap ved Biblioteka.
Slektsgransking • Matriklar • Landskommisjonen i 1661 • Matrikkelen i 1665 • Matrikkelen i 1723 • Matriklane gjev mange opplysningar om gardar og gardsdrift i eldre tid. (Husdyrhald og avling). • Alle matriklane er skrivne for hand, og di lengre bakover i tid, dess verre vert det å skjøna skrifta, (gotisk handskrift). • Tilgjenge er anten i originale matriklar ved Riksarkivet eller i mikrofilma matriklar ved Biblioteka.
Slektsgransking • Pantebøker og panteregister • Pantebøker og panteregister gjev opplysningar om eigarar og brukarar av sjølvstendige gardar og gardsbruk. Dette er tinglyste dokument. Ordninga med føderåd eller kår er og registrert. • Tilgjenge er anten i originale bøker og register i sorenskrivar- og byfogd/byskrivararkivene ved Statsarkiva eller i mikrofilma bøker og register ved Biblioteka (Vanlegvis fram til omlag 1850).
Slektsgransking • Magistratarkiv • Magistratprotokollar, (rådstuprotokollar). • Handverksprotokollar • Bevillingsprotokollar • Magistratarkiva gjev opplysningar om borgarskapløyve, borgarbrev og gjestgivarløyve. • Tilgjenge er i originale magistratprotokollar eller laugsarkiv ved Statsarkiva.
Slektsgransking • Bygningshistoriske kjelder • Branntakstar og ildstedsskatt i 1812 gjev opplysningar om hus og bygningar i eldre tid. • Tilgjenge er i originale branntakstprotokollar eller ildstedsskattprotokollar ved Statsarkiva og ved Riksarkivet. • Fotografier og kart er og gode kjelder.
Slektsgransking • Flytting, innvandring og utvandring • Flytting frå og til er registrert i Folketeljingar, Kyrkjebøkene sine inn- og utflyttingslister, Attestar, Politiet sine flytteprotokollar, Pass og pass- protokollar, Ekstraskatten sine av- og tilgangslister, Skifter, Militære rullar, Kyrkjebøkene sine dåps- og vigslelister, Kommunikantbøker og Panteregister. • Innvandring og utvandring er registrert i Emigrantprotokollar, Politiet sine fremmedprotokollar, Centralpasskontoret, Statsborgarsakene og Finnemanntalet i 1686. • Desse registra er skrivne for hand, og di eldre dei er, dess verre vert det å skjøna skrifta, (gotisk handskrift). • Tilgjenge som for kyrkjebøkene. Innvandring og utvandring er klausulert (ikkje tilgjengeleg) i 60 år.
Slektsgransking • Andre kjelder • Munnlege kjelder. • Andre slektsbøker. • Andre bygdebøker. • Andre historiske bøker. • Topografisk kartverk. • m.m.
Slektsgransking • Nyttig litteratur • Boken: "Våre røtter" av N. J. Stoa og P - Ø Sandberg frå 1992 • Bøkene: "Norske gaards navne" av O. Rygh frå 1910. • Boken: "Kalender for historie og ættegransking" av O. Heskestad frå 1965. • Boken: "Gotisk skrift" av K. Haarstad og A. M. Tretvik frå 1981.
Slektsgransking • Bruk av data • Til gransking av eiga slekt er anbefalinga å bruka enkle og oversiktlege dataprogram. • På dette seminaret vert dataprogrammet "Brothers Keeper" brukt. • Dette programmet er nokså lett å læra seg å bruka, og har mange moglegheiter til å laga gode utskrifter.