90 likes | 291 Views
Treningskontakt. Oppstart som treningskontakt : Første kontakt med brukar bør vere i ei trekantsamtale , med koordinator eller terapeut til stades : Avklare tilsettingsforhold (skriftleg). Skrive under på taushetsløftet. Etablering av kontakt, bygge allianse. Forventningar til kvarandre.
E N D
Treningskontakt • Oppstart som treningskontakt : • Første kontakt med brukar bør vere i ei trekantsamtale, med koordinator eller terapeut til stades : • Avklare tilsettingsforhold (skriftleg). • Skrive under på taushetsløftet. • Etablering av kontakt, bygge allianse. • Forventningar til kvarandre.
Oppstart som treningskontakt forts.: • Fokus på fysisk aktivitet. • Rolleavklaring. • Målsetting(ar) for treninga. • Korleis oppnå mestring utifrå målsetting. • Korleis kan treningskontakten best motivère ? • Gjere skriftlege avtaler, ha struktur. • Utveksle telefonnr. • Sette opp tid for ny trekantsamtale for evaluering.
Møter ikkje klienten opp til avtalt tid, og heller ikkje har gjeve beskjed, så kan treningskontakten trene åleine og skrive opp timane (maks. 2 t.). • Sosialkontoret dekker ymse utgifter opp til ei viss grense. Avklar dette på trekantsamtala. Viktig opplysning også for brukar. • Så er det berre å sette i gong.
Ymse: • Korleis avslutte ein kontakt som ikkje fungerar etter avtalen : • Ta det først opp med brukar. Fungerar ikkje dette, be om trekantsamtale med koordinator. • Prøve å finne ut noke om årsaka, uten å tenkje syndebukk. • Avgjere om avtala skal fortsette, revurderast eller avsluttast.
Utfordringar : • Grensesetting ifht. kontakten : • Ønskje om fleire timar enn det som er avtalt. • Ønskje om å gjere andre ting saman enn fysisk aktivitet. • Ikkje vere støttekontakt, miljøkontakt eller økonomisk vergje. • Ikkje bland familien din inn i jobben. • Du er i betalt jobb, du er ikkje ein ny venn eller veninne. • Grenser i høve økonomi.
Innvolvering kontra overinnvolvering. • Tenk over kva rolle du har. • Møt brukaren som den du er ; ver ærleg, ver deg sjølv. • Utgongspunktet er eit strukturert opplegg. Men dette passar ikkje for alle. Viktig å finne gode samarbeidsformer. • Grensesetting kan vere vanskeleg for begge partar. Gode avtaler i utgongspunktet gjer dette lettare.
Kan ein treningskontakt følgje opp fleire brukarar på same tid ? • Kan bli ein stor utfordring, dersom brukarane er svært ulike. • Brukarane skal vere informert og spurd på førehand om dette er ok. • Korleis blir det med lønna då ?
rettleiingsgrupper: • Mangelfull oppfølging frå sosialkontoret er eit gjennomgåande problem ; frå mangel på tilsettingsavtale, ikkje oppstart med trekantsamtale, ingen fortløpande evaluering til ikkje å svare på henvendelsar frå treningskontaktene. • Du kan som treningskontakt gå med mange tankar og følelsar om ikkje å vere god nok, flink nok. • Ein del treningskontakter har hatt problem med å finne sin form og samarbeidsmåte med brukar. • Rettleiingsgrupper er viktige forum for utveksling av erfaringar, få tilbakemelding på spesielle utfordringar, få oppmuntring og tips når det ”buttar litt i mot”.