1 / 9

Velkommen til nevroklinikken

Velkommen til nevroklinikken. Nevroklinikken består av post 2, post 3, post 4 (spinaleininga) og Nevrokirurgisk avdeling. I tillegg har vi ein dagpost (post 1) og ein poliklinikk Vi utgreier og behandlar pasientar med sjukdomar i hjerne, ryggmarg, nerver og muskulatur.

lidia
Download Presentation

Velkommen til nevroklinikken

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. Velkommen til nevroklinikken

  2. Nevroklinikken består av post 2, post 3, post 4 (spinaleininga) og Nevrokirurgisk avdeling. I tillegg har vi ein dagpost (post 1) og ein poliklinikk Vi utgreier og behandlar pasientar med sjukdomar i hjerne, ryggmarg, nerver og muskulatur

  3. Nevrologisk avdeling post 2 Nevrologisk avdeling post 2 er ein akuttpost med 20 døgn- og 5 dagsenger. Slageininga utgjer 18 senger, 2 av desse er overvakingsenger. I slageininga behandlast pasientar med akutt hjerneslag/TIA. Systematisk overvaking, akuttbehandling og tidleg rehabilitering er hovudoppgåver her Generell eining har 7 senger. Her utgreier og behandlar vi i hovudsak pasientar med Parkinson sjukdom og tumor cerebri I tillegg til erfarne og dyktige legar, sjukepleiarar og hjelpepleiarar, legg vi stor vekt på tverrfagleghet , og har tett samarbeid med fysioterapeutar, ergoterapeutar, logopedar og sosionomar

  4. Nevrologisk avdeling post 3 Epilepsieininga utgreier og behandlar nevrologiske diagnosar som epilepsi, betennelser i sentralnervesystemet, myastenia gravis, MS, ALS, ulike typer hovudverk, ischias/lumbago. Vi har 18 senger som forutan generell nevrologi har hovudfokus på epilepsi. 2 av sengene er overvakingssenger for denne pasientgruppa.

  5. Spinaleininga ( post 4) Forutan sengeposten med 12 senger, har vi fysioterapiavdeling med terapibasseng, ergoterapiavdeling og ein eigen fløy med kontor og møtelokale Behandling av pasientar med ryggmargsskade representerer heilt spesielle utfordringar for behandlingsapparatet, både i den akutte fase og i den langsiktige oppfølging.

  6. Nevrokirurgisk avdeling Nevrokirurgisk avdeling består av sengepost, NOVA (nevrokirurgisk-overvakningsavdeling), seksjon for Gammakniven og nasjonal behandlingsteneste for vestibularis-shwannomer. Vi har ansvar for alle nevrokirurgiske tenester i Helse Vest. Avdelinga behandlar vaksne og barn med akutte hjerne-/hjernehinneblødingar, hjernesvulstar, medfødde misdanningar i sentralnervesystemet og degenerative sjukdomar og skadar i spinalkanalen kor nervevevet er truga.

  7. Nevrokirurgisk avdeling Nevrokirurgisk avdeling ligg i 7. etasje i sentralblokka. Vi er en sengepost med 27 senger kor 7 senger høyrer til NOVA. Hos oss arbeider det 42 sjukepleiarar, 6 hjelpepleiarar og 8 pleieassistentar. Vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø som vi er stolte av.

  8. Sommerjobb ved Nevroklinikken Vi er opptatt av at alle ferievikarar skal bli godt mottatt, føle seg trygge og bli godt tatt vare på her hos oss. Som ferievikar vil du som er sjukepleiar alltid arbeide med erfarne sjukepleiarar. I starten vil du gå saman med ein sjukepleiar og etter kvart vil du kunne ha eigne pasientar du kan handtere . Du har alltid nokon som du kan spørje om hjelp. Du vil få rettleiing underveg. (Du vil kunne ta hand om lettare pasientar ute i avdelinga.) Som pleieassistent vil dine oppgåver vere å assistere sjukepleiarane i sine oppgåver. Du vil kunne få ansvar for pasientar saman med sjukepleiar. Det seg vere hjelp i stell og måltidsituasjonar. Mobilisering av pasientar og samt hjelpe til å halde orden i avdelinga og klargjering av pasientar til operasjon (n.kir). Du vil få opplæring av erfaren hjelpepleiar. Vi arbeider i 3-delt turnus. Som ferievikar arbeider du tilsvarande 2.kvar helg i perioden. Vakttider: Dagvakt: kl 07.00-15.00, aftenvakt 14.30-22.00, nattevakt 21.30-07.15 Dersom det er tid og anledning vil du kunne vere med å observere ulike prosedyrar. Dette er ein god moglegheit til å lære mye om nevrologiske og nevrokirurgiske pasientar. Du vil også opparbeide deg ein erfaring ved avdelingane som kan vere gunstig med tanke på vidare jobbmoglegheiter. Avdelingssjukepleiar vil vere din næraste leiar.

  9. Velkommen til oss Helsing: Trine Drange (post 2,) Veslemøy Winje ( post 3,) Lise Bjerke (spinaleininga) Mai-Britt Gundersen (nevrokirurgisk)

More Related