1 / 5

Kapittel 19. Nasjonalisme

Kapittel 19. Nasjonalisme. NYNORSK. Elevane skal kunne – drøfte korleis nasjonalstaten har skapt nasjonal og kulturell samhøyrsle, men også konfliktar og undertrykking. Påbygging. Éin nasjon – éin stat.

marla
Download Presentation

Kapittel 19. Nasjonalisme

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. Kapittel 19. Nasjonalisme NYNORSK Elevaneskal kunne – drøfte korleis nasjonalstaten har skapt nasjonal og kulturell samhøyrsle, men også konfliktar og undertrykking Påbygging

  2. Éinnasjon – éinstat –Nasjonalismen i Tyskland var eit forsøk på å finne fram til eit kulturelt fellesskap – språk, skikkar, historie – som ein gong i framtida kanskje kunne bli grunnlaget for ein samla tysk stat. – I Frankrike blei nasjonen definert som dei som budde innanfor statsgrensene. Det kulturelle fellesskapet var ein konsekvens av at alle innanfor dei franske grensene høyrde til den same staten. – Både fransk og tysk nasjonalisme delte den oppfatninga at eit «folk» burde råde over sin eigen lagnad. – Kortversjonen av nasjonalismens program: Éin nasjon – éin stat! Påbygging

  3. Eit lappeteppe av nasjonalitetar – Store delar av Sentral- og Aust-Europa var dominerte av store imperium eller dynastistatar der ulike nasjonalitetar høyrde inn under same fyrstehuset. – Dersom nasjonalismens program, «éin nasjon – éin stat», blei gjennomført, ville statar av denne typen bli sprengde. – I eit belte i Sentral- og Sør-Europa var språkleg og kulturelt einskaplege befolkningar derimot delt opp i fleire statar. – Skulle desse statane samlast til større nasjonalstatar, ville det føre med seg ei fullstendig omkalfatring av det sentrale Europa. Påbygging

  4. Samlinga av Italia og Tyskland • Likskapstrekk i samlingsprosessane • –Både i dei italienske og dei tyske statane hadde innbyggjarane eit felles språk. • –Både italienarar og tyskarar dyrka historia om ei gloriøs storheitstid. • –I begge områda var det sterk vekst i industri og handel. • –Både i det tyske og det italienske området var det sterke nasjonale rørsler, og begge hadde lidd bitre nederlag i 1848. • –Både dei italienske og dei tyske statane blei samla til einskaplege nasjonalstatar baserte på autoritært leiarskap og på militærmakt. • –Både det nye Tyskland og det nye Italia voks fram gjennom krigar. Påbygging

  5. Den amerikanske borgerkrigen Eit historisk vasskilje –Einmoderne og sterk nasjonalstat blei skapt med våpenmakt. –Nasjonen endra karakter frå å vere ei laus samling av statar til å bli ei meir sentralstyrt eining. –Politisk makt blei samla i Washington. –Demokratiet blei styrka. –I namnet fekk den farga befolkninga same rettar som andre innbyggjarar. Påbygging

More Related