230 likes | 358 Views
GARVINGSPROSESSEN. Garving og bereiding av huder og skinn er ein viktig prosess som har vore knytt til menneskekulturen frå dei eldste tider. Utan at hudene og skinna vart tillaga på forsvarleg vis, hadde dei liten verdi, dei ville ikkje halde seg, dei ville raskt bli slitne osb.
E N D
Garving og bereiding av huder og skinn er ein viktig prosess som har vore knytt til menneskekulturen frå dei eldste tider. Utan at hudene og skinna vart tillaga på forsvarleg vis, hadde dei liten verdi, dei ville ikkje halde seg, dei ville raskt bli slitne osb.
Garving er den prosessen eit skinn går gjennom frå rå tilstand, slik det er når det blir flådd av dyret, til at det blir slik vi kan bruke det til sko, klede og andre ting.
Bløyting og kalking • Hudene låg til bløyt i fjøra for å bli mjuke att. • Deretter vart dei hivde i kalkekar (vatn med nyleska kalk). Dei låg i kalkvatn i 4 veker til håra vart lause. Ein måtte ta dei opp med jamne mellomrom for å blande meir kalk i vatnet.
Løysing av hår • Ein strauk håra av med ein stor kniv som hadde handtak i begge endane.
Løysing av hår • Hudene vart lagde på ein bom (=avrunda trelem). • Hudene vart så kasta i vatn etterkvart som dei var reine for hår.
Skraping av kjøt • Hudene vart tekne opp att, lagde på bommen med kjøtsida opp. Alt kjøtet skulle skrapast av.
I pyren • Dette var eit kar med ei væske blanda med hønsegjødsel og vatn. • Ein skulle no få kalken ut or hudene, så opp att på bommen med narven opp, og dei siste hårstubbane vart skorne bort.
I vatn • Ein måtte no trekkja kalk og pyrvæske or hudene, vatnet vart skifta fleire gongar. • Hudene var deretter ferdige til barking.
I barkelog • Dette var vatn med bork og ekstrakt (kjemiske middel). • Hudene måtte opp av barkekara eit par gongar i veka, då skulle borken rotast godt om.
I barkelog • Ein skar i hudene for å sjå om dei var frie for kalk. • Dei var gjennombarka etter om lag 4 månader.
Tørking • Ein nytta vindtørking i gjennomtrekk, hudene skulle vere halvtørre.
Falsing (spalting) • Hudene måtte skjerast reine for kjøt. Dei brukte falsebukk (oppreist planke) og fals (kniv med egg som var skråslipt)
Feittsmørjing • Hudene vart lagde på eit stort bord, feitt på bordplata, kjøtsida på huda vart no smurd.
Feittsmørjing • Feittsmurninga vart kokt av ei blanding med tran, talg, olje og feitt. • Narven på huda vart glatta samtidig som ein smurde ho.
Hengjing og tørking • No hengde ein hudene på stokkar under taket og med god fyring i omnen vart feittet trekt inn i huda. • Smørjinga og tørkinga vart så gjort ein gong til.
Farging og sverting • Først arbeidde ein opp porane i huda med ulike reiskapar, tilsette så sverte (laga av jern og oljelog), laga såleis berre svarte huder.
Mjuking og sletting (krusing) • Hudene vart no smurde med tran på kjøtsida så sverten ikkje skulle brenne i narven. • Så vart hudene strokne og mjuka til dei vart slette og fine i narven.
Mjuking og sletting • Dårlegaste narven vart arbeidd inn mønster på (krusing). • Hudene vart smurde att og hengde til tørk.
Falsing/ reingjering • Ein skar tynne spalter av huda på kjøtsida for å få lys hud her. • Gamal smurning vart fjerna, kantane skorne reine, deretter veging eller måling av huda.
Glansing/ tørking • Her brukte ein hornlimplater oppløyst i vatn med sukker i. Dette vart gnidd inn i narven, så tørka, for at glansen skulle halda seg.
No var hudene endeleg klare for sal • Garvarane rodde med hudene ut til Fjordabåtane som bringa varene vidare til oppkjøparar og fabrikkar rundt om i landet.