1 / 11

Sykkylven Energi AS

Sykkylven Energi AS. Vassforsyning og avløp Vi gir liv til eit samfunn i utvikling!. Sykkylven Energi AS . Sykkylven Energi AS (SE) er eigd av Sykkylven kommune og har 24 tilsette.

rasha
Download Presentation

Sykkylven Energi AS

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. Sykkylven Energi AS Vassforsyning og avløp Vi gir liv til eit samfunn i utvikling!

  2. Sykkylven Energi AS • Sykkylven Energi AS (SE) er eigd av Sykkylven kommune og har 24 tilsette. • Vi er kommunen sin leverandør av tenesterinnan vassforsyning og avløp (VA)og står for produksjon og distribusjon av straum, utbygging av fibernett og drift av veglys. • VA avdelinga har 3 medarbeidarar. • SE har eiga kundeavdeling som har ansvar for kontakt med kundane både innan VA og straum. • Utover dette har vi felles ressursar, spesielt innan leidningskart, logistikk, økonomi og vaktordning. Adm. dir. Trond Lauritsen

  3. VA avdelinga Driftsoperatør Lars Lade Avdelingsleiar Ivar Selsbakk Driftsoperatør Egil Fredriksen

  4. Kunde og stabsfunksjonar Kundeansvarleg Tone Gjærde Leidningskart Merethe Nås Fagarbeidar Leiv Alnes

  5. Hovudmål • Vi skal syte for at kundane får nok vatn med god kvalitet via eit sikkert nett og økonomisk effektivt forsyningssystem. • Vi skal arbeide for å redusere forureining og hindre at det oppstår miljøskade eller sjenerande tilhøve.

  6. Kva gjer vi? • Vi forsyner 1600 kundar, som utgjer 50 % av kommunen sine innbyggarar, med reint og godt drikkevatn. • 2000 kundar (70 % av innbyggarane) er tilknytt avløpsanlegg der vi har ansvar for bortleiing, reinsing og utslepp. • Vi bygg ut nye VA anlegg. • Årleg investering framover er ca. 6 – 7 mill. kr. • Prioritering av tiltak er i samsvar med overordna planar.

  7. Kva gjer vi? Vi har ansvar for drift av: • 73 km vassledningsnett. • 81 km avløpsnett. • Vassbehandlingsanlegg. • 2 høgdebasseng. • 3 silanlegg og 4 felles slamavskiljarar. • 15 pumpestasjonar for vatn og avløp.

  8. Dette kjenneteiknar oss: VI ER ANSVARLEGE – vi skal behandle kvarandre og våre kundar med respekt og tillit. Vi tek ansvar for at det vi gjer er av rett kvalitet , men og gjenstand for kontinuerleg forbetring. VI ER MILJØBEVISSTE – vi skal arbeide for å redusere forureining og hindre at det oppstår miljøskade eller sjenerande tilhøve. VI ER ENGASJERTE – ved ei aktiv og offensiv haldning skal vi vere i forkant av våre kundar sine forventningar. VI ER NØKTERNE – verdiane i verksemda skal forvaltast på ein fornuftig og nøktern måte. Vi er kostnadsbevisst og nye tiltak skal vurderast etter kost/nytte.

  9. Vassforsyning • Vi har ei sikker og god drikkevasskjelde. • Vi er underlagt strenge krav til hygiene og • vasskvalitet gjennom drikkevassforskrifta. • Råvasskvaliteten er god og vi har UV • reinsing og sil som vassbehandling.

  10. Avløp • Storfjorden, Hjørundfjorden og • Sykkylvsfjorden er dei største mottakarane • av avløpsvatn. • Vi vil sørge for å oppfylle krav til reinsing av • avløpsvatnet som er nedfelt i forureinings- • forskrifta. • Behandling av avløpsvatnet er avhengig av • storleik på utslepp og omfattaranten • silanlegg eller slamavskiljar.

  11. Kva kan du som kunde forvente? • Drikkevatnet skal oppfylle krava i Drikkevassforskrifta. • Nok drikkevatn med tilstrekkeleg trykk til eige forbruk. • Ingen planlagde avbrot i vassforsyninga skal vare meir enn 8 timar. Unntak er ved utskifting av leidningar. • Vi skal drifte avløpsanlegga for å tilfredsstille krav i regelverk. • Avløpsvatn skal leiast bort og reinsast, slik at det ikkje skaper lukt eller hygieniske problem på eigedomen din. • Ved driftsproblem på det kommunale vass- og avløpsnettet har vi 24 timars vaktberedskap. • Alle hendingar som kan påverke drikkevasskvaliteten, eller akutte utslepp til vatn og vassdrag vil bli varsla så snart som råd. • Vi vil informere om endring i pris, levering og vasskvalitet på heimesida vår www.sykkylven-energi.no • Dersom du vender deg til oss, skal vi svare deg så snart som råd!

More Related