220 likes | 347 Views
Mål. Oppretthalde akseptabel munnhelse og tannsett. Dette betyr:. At brukaren ikkje har smerter, sår eller sjukdommar i munnen At brukaren har akseptabel tyggefunksjon At tennene ikkje er til hinder for sosial omgang så langt det lar seg gjere.
E N D
Mål Oppretthalde akseptabel munnhelse og tannsett
Dette betyr: • At brukaren ikkje har smerter, sår eller sjukdommar i munnen • At brukaren har akseptabel tyggefunksjon • At tennene ikkje er til hinder for sosial omgang så langt det lar seg gjere
Pleie- og omsorgstenesta har ansvar for: • Innkalling til opplæringsmøte/undervisning • Informere nye brukarar om tannhelsetenesta sitt tilbod • Vidareformidling av kunnskap til øvrig helsepersonell • Tilbakemelding til tannhelsetenesta om dei som tar imot og talet på dei som ikkje tar imot tilbodet • Peike ut kontaktpersonar frå kvar avdeling/sone som ivaretar kontakten med tannhelsetenesta
Tannhelsetenesta har ansvar for: • Innkalling til samarbeidsmøte mellom pleie- og omsorgstenesta og tannhelsetenesta • Gi opplæring i tann- og munnstell • Gi tilbakemelding til avdeling/kontaktperson om tann- og munnstelltilstand • Sørge for at brukaren får munnstellkort
Tiltak for å hindre svikt i hygienerutiner for pasientar i institusjon og heimesjukepleie: • Systematisk opplæring av pleie- og omsorgspersonell i tann- og munnstell • Samarbeidsmøte, med forpliktande tiltak tilpassa den enkelte avdeling/sone • Undersøking av brukarane med tilbakemelding til pleiar/avdeling • Informasjon og instruksjon til dei brukarane som klarar munnstellet sjølve • Prosedyrer for tann- og munnstell, med bruk av munnstellkort
…fortsettelse • Tilbakemelding frå avdeling/sone • Behovsretta hjelp frå tannhelsetenesta • Evaluering og avvikskontroll
Gode råd om tann- og munnstell: • Kvifor er tann- og munnstell viktig? • Når pasienten har heil- eller delproteser • Tannstein på proteser • Misfarging av proteser • Når pasienten har eigne tenner • Munntørrheit • Når pasienten ikkje vil ha hjelp • Når pasienten er døyande
Kvifor er tann- og munnstell viktig? • Tann- og munnstell førebyggjer sjukdom og lukt frå munnen • Matrestar og belegg blir fjerna ved tannpuss og reingjering • Tannbelegget er bakteriar som disponerer for infeksjon i tenner, tannkjøtt og munnhule • Tann- og munnstell er viktig for appetitt og smak • Dersom ein bevarer eigne tenner, kan ein velje mat som krev tygging • Tann- og munnstell og bevaring av eigne tenner er viktig for å oppretthalde eit sosialt liv
…fortsettelse: • Tann- og munnstell er viktig for velværet!! • Har betydning for utsjånaden • Førebyggjer dårleg ånde • Det kjennest godt å ha ein rein munn
Når pasienten har heil- eller delprotese: • Det er like mykje bakteriar i ein munn med kunstige tenner (proteser) som i ein munn med eigne tenner • derfor er det daglege reinhaldet svært viktig
…fortsettelse... • Protesene må tas ut av munnen for reingjering. Bruk protesebørste • Flytande oppvaskmiddel er effektivt, men skyll godt • Det blir anbefalt at protesene gjerne kan ligge i vatn natta over, slik at munnhulen blir avlasta • Dersom en pasient har delprotese, må også dei gjenståande tennene bli nøye reingjort
Tannstein på proteser: • Legg protesene i 1 del vanleg husholdningseddik (blank) og 1 del vatn natta over • Børst deretter godt med protesebørste • Gjenta ved behov. Ikkje skrap med skarpe gjenstandar på protesen • Misfarging av proteser (brune flekkar) er ganske vanleg • Årsak kan vere: medisin, snus, kaffi, te og røyk • Misfarging kan fjernast ved å leggje protesen i 1 del klorin og 4 deler vatn i 1 time, eller i eit glas med vatn og 1 ts klorin natta over
...fortsettelse... • Det er viktig å skylle protesene godt etterpå så all klorin er fjerna. Legg gjerne protesen i munnvatn for å få god smak • Obs: delproteser med metall tåler ikkje klorin
Når pasienten har eigne tenner: • Personar kan av ulike grunnar ha problem med å oppretthalde ei tilfredstillande munnhygiene • Som pleiar er det viktig å tilby pasientane hjelp til dette • Tann- og munnstell skal utførast morgon og kveld med utgangspunkt i pasienten sitt munnstellkort • Opplæring til dette blir gitt av tannhelsetenesta
Munntørrheit: • Mange pasientar er plaga av munntørrheit og pasientar som et og drikk lite, er spesielt utsett • Bruk av medikament og nokre sjukdommar kan gi munntørrheit • Å skylje munnen ofte kan vere eit godt alternativ • Sukkerfrie pastillar kan hjelpe på spyttsekresjonen • Kunstig spytt kan fås kjøpt på apotek, likeså fluortablettar og fluortyggegummi som også hjelper mot tannråte
Når pasienten ikkje vil ha hjelp: • Nokre pasientar seier at dei klarar tann- og munnstellet sjølve, mens du som pleiar har ei anna oppfatning • Det er viktig å forklare pasienten og pårørandekvifor tann- og munnstell er så viktig, og kva konsekvensar det kan få dersom det ikkje blir utført regelmessig • Vi må være tålmodige, og ofte vil det gå betre etter kvart når det er blitt rutine for pasienten
Når pasienten er døyande: • Når ein pasient er så sjuk at han eller ho ikkje lenger kan eller vil drikke, bør fukting av lepper, munn og svelg gjerast ofte. Nokre vil ha behov for fukting fleire gonger i timen • Dette bør også dei pårørande informerast om, slik at dei kan bistå med hjelp til pasienten
Hjelpemidler og utstyr: • Det finst mange ulike hjelpemidler som gjer det daglege tann- og munnstellet enklare og meir effektivt • Tannbørstar: - vanleg mjuk - solobørste - elektrisk - protesebørste - interdentalbørste/tannstikker - tungebørste
..fortsettelse.. • Tannkrem: - vanleg fluortannkrem - Zendium, tannkrem som ikkje skummar - Sensodyne, motverkar ising - Her finst mange typer og merker Fluor finst i tannkrem, tablettar, tyggegummi og kan gis ved pensling Midler til reingjering av proteser: - vanleg oppvaskmiddel - hushaldningseddik 5-7% - klorin
Protesefestemiddel: • Finst som: - krem - pulver - flytande Zendium salivagel kan også brukast, men ikkje ved melkeallergi!
Midler ved munntørrheit: • Fysiologisk saltvatn • Glyserol (1 del glyserol og 1 del vatn) • Kunstig spytt • Sugetablettar • Pomade til lepper
Skyllemidler: • Hydrogenperoksid 3% (1ss i eit halvt glas vatn) • Corsodyl (Blandast med vatn 1:1, er bakteriedrepande) • Fysiologisk saltvatn • Munnvatn, for eksempel Vademecum utblanda med vatn, kan brukast for å få god smak