1 / 16

Skulebiblioteket vårt

Skulebiblioteket vårt. Bruk og utvikling - Ein presentasjon i tekst og bilete. Os skule. Ein barneskule som ligg i sentrum i Os-bygda 361 elevar og 45 tilsette Strategisk plan for 2005-2008 Visjon – LIVSGLEDE og LÆRELYST! Utviklingsområde Tilpassa opplæring Matematikk

zeki
Download Presentation

Skulebiblioteket vårt

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. Skulebiblioteket vårt Bruk og utvikling - Ein presentasjon i tekst og bilete

  2. Os skule • Ein barneskule som ligg i sentrum i Os-bygda • 361 elevar og 45 tilsette • Strategisk plan for 2005-2008 • Visjon – LIVSGLEDE og LÆRELYST! • Utviklingsområde • Tilpassa opplæring • Matematikk • Digital kompetanse • Bibliotek og læremiddelsamling • Arbeid mot mobbing • Uteområde • SFO

  3. Korleis byrja dette? • Har frå midten av 80-talet hatt ein bibliotektime kvar veke i dei fleste klassar • Har laga planar for innhald i bibliotektimen ut frå læreplanar, M87 og L97 (norskfaget og o-fag) • Nytt bibliotek i 2003, Os skule sitt 3. bibliotek på 30 år • To lærarar har skulebibliotekutdanning

  4. Kva planar har skulen? • Utvikling av skulebiblioteket er med som satsingsområde i skulen sin strategiske plan for 2006-2008 • Har eigen årsplan for bruk og utvikling av skulebiblioteket • Samarbeid om og kjennskap til planar på klassetrinna • ”Men alt kan ikkje planleggjast, noko likar/må vi å stupa i….”

  5. Bibliotekplan – for elevane… For skuleåret/timen For ein periode

  6. Innhald i bibliotekplan Mål Biblioteket skal nyttast aktivt av elevar og lærarar. Det skal fremja leseglede hos elevane og stimulera til fritidslesing. Elevane skal kunna søkja informasjon gjennom ulike kjelder. Plan for bruk og utvikling av skulebiblioteket 2005/2006 Lokale Nytt bygg i 2004, 128 m2 Samling Skjønnlitterære bøker ca 4000 Fagbøker ca 1500 6 lydbøker 1 PC med Mikromarc 2 tidsskrift Tid på biblioteket • 2.- 7.årssteg 1t/v på biblioteket med biblioteklærar • 1.årssteg annakvar veke på biblioteket • Alle elevar kan låna bøker frå kl. 8.30 – 14.00 alle skuledagar. 5.-7. årssteg kan og låna i midttimane • Elevane kan bruka biblioteket utanom oppsette tider til t.d. å finna fagbøker, arbeida med arbeidsplanar • To lærarar har ansvar for innkjøp og anna kontorarbeid. Dei har to t/v kvar til dette

  7. Framhald Bibliotekplan Innkjøp til læremiddelsamling Biblioteket har i fleire år hatt eit bokbudsjett på kr 13.000 dvs. kr 36 pr. elev. For denne summen kan vi kjøpa ca 65 bøker. I tillegg får vi ein del bøker frå Kulturfondet. Innkjøp skal dekka: Lettlesbøker, biletbøker, skjønnlitteratur, fagbøker, lydbøker og videoar. Det skal innehalda bøker til lesing/fritidslesing og bøker til arbeid med ulike emne. Planar • Biblioteket skal inkluderast i planar for dei ulike faga, der dette er naturleg og føremålstenleg. Kontaktlærarar i samarbeid med biblioteklærar har ansvar for dette. • 3.-7.årssteg skal ha minst eitt leseprosjekt kvart skuleår. • Elevane skal ta i bruk faglitteratur når klassen arbeider tema, minst eitt pr.år. • Biblioteklærar samlar halvårsplanar/periodeplanar. Bibliotektimar • Biblioteklærar skal samarbeida med kontaktlærarar. • Biblioteklærar kan hjelpa til med å finna fagstoff på skule- og folkebibliotek når klassar arbeider med tema. Rutinar • Gjennomgang av utlånslistene tre gongar i året ein gong før jul, før påske og før sommarferien. • Elevane har høve til å låna med seg bøker til sommarferien. Evaluering • Planen skal evaluerast og presenterast ved skulestart kvar haust for lærarane.

  8. Kva gjer biblioteklærarane? • Er aktive i høve til planar for bruk av biblioteket, både for elevar og lærarar • Planlegg innhald i bibliotektimane (jfr plakat) • Arbeider med tema/prosjekt ut frå bibliotekplan og klassetrinna sine planar • Held seg oppdaterte om ny barnelitteratur • Tek seg av innkjøp, registrering og klargjering av nye bøker ++ • Orienterer lærarane om nye bøker • Gjev bøker til lærarane som vi trur dei vil lika/ha bruk for • Har tendensar til samlemani… • Er sørvis-innstilte 

  9. Bibliotektimane • Presentasjon av nye bøker eller eit utval av bøker som høver for klassetrinnet • Nye bøker på utstilling minst ei veke før elevane får låna • Høgtlesing • Les utdrag frå bøker eller les korte tekstar • Presentasjon av forfattarar/illustratørar • Sjangerkunnskap • Fantasy, novelle, dikt, forteljing m.fl. • Presentasjon av bøker omkring eit tema • Mobbing, vennskap, indianerar, vikingtid m.fl. • Tekst og tanke – innspel til skriftleg arbeid • Bruk av avis • Om bøker, filmar, forfattarar • Følgjer ei sak over tid • Samanliknar avisoppslag frå ulike aviser • Studerer språkbruk • Reklame • Låna og levera bøker, og lesa! +++

  10. Andre tiltak på skulen • Konkurransar med bokpremie • Kunnskapskonkurranse 5.-7.kl. • Lesevake i 6.kl. • Grip boka 7.kl. • Verdas bokdag 5.-7.kl. • Forfattarprosjekt 6.kl. • Leseundersøking 6.kl. • Biletbøker 5.kl. • Bibliotekassistentar 7.kl.

  11. 6.kl.Leseundersøking Eitt av spørsmåla: Les du bøker av eigen fri vilje?

  12. Bibliotekassistentar • Elevar frå 7.klassane i gr. 2-3 elevar • Arbeider i 5-6 veker • Arbeidsoppgåver • Ryddar • Hjelper elevar • Klargjering av nye bøker/reparasjon • Lagar plakatar, utstillingar • Eigne ønske/idéar • Fordeler arbeidsoppgåver - plan • Arbeider i midttimane, friminutt m.m. • Attest

  13. Kva kan vekkja interesse? • Bokutstillingar • Temautstillingar – elevarbeid • Avisutklypp – nyhende, bokmeldingar og filmomtalar • Bilete og plakatar

  14. Kva gjer dette mogleg? • Organisering av bibliotektimen • Kompetanse og erfaring på skulen • Positiv leiing • Interesserte og dyktige lærarar • Heile skulen ser verdien av å ha eit godt skulebibliotek

  15. Kva meir kan vi finna på? • Tid og ressursar avgjer • Veit kor vi vil, lett å finna på nye tiltak • Kunne gjort meir… • Vore meir aktive i tema- og prosjektarbeid og hatt meir tid til å laga opplegg og samla/systematisera det som blir gjort • Teke fleire initiativ til aktivitetar styrt av biblioteket • Vore tilgjengelege i fleire timar for elevane • Hatt meir fleksibel bruk av timar på biblioteket • Tilbode ulike elevgrupper ekstra tid på biblioteket • Utvida arbeidet med å la elevar få medansvar på biblioteket • Vore meir aktive i høve til føresette, - delteke på foreldremøte og laga informasjonsbrosjyrar • Systematisert og registrert meir materiell på skulen

  16. Kva ventar vi på? • At vi får alle katalogane på skulane og folkebiblioteket på internett • At skulebiblioteket får ressursar og tilgang til å utvikla ei eiga nettside • At Os kommune lagar plan for korleis dei vil utvikla skulebiblioteka som læringssenter og at dette vert sett i samanheng med planar for IKT

More Related