20 likes | 161 Views
LEVERANSESKILDRING. Bustadar for sal i Kapteinsvegen. Ferdigstilling: Bustaden er i utgangspunktet tenkt levert nøkkelferdig, men ikkje nedvaska. Dette føresett vi vert gjort som eigeninnsats. Utvendig overflate:
E N D
LEVERANSESKILDRING Bustadar for sali Kapteinsvegen Ferdigstilling: Bustaden er i utgangspunktet tenkt levert nøkkelferdig, men ikkje nedvaska. Dette føresett vi vert gjort som eigeninnsats. Utvendig overflate: Utvendig bordkledning vert levert med eit strøk grunningsfarge. På taket vert det levert betongtakstein. Bærande konstruksjonar og dekke på balkong / terrasse består av trykk impr.materialar. Innreiing / maling: Bustadane vert levert med Huntonit ferdigmala vegg- og takplater, flislagde veggar og golv på bad, og flis på golv i V.F. Parkett på golv i stove og kjøken i 2 etg., laminatgolv på dei andre tørre roma i 1 etg., og på innv. bod i 1. Etg. vert det levert golvbelegg. Dette huset har loft, men det er i utgangspunktet levert som uinredt loft. Trapper til loftet vert levert med, og er lakka. Trappa er levert av Stryntrappa i Tradisjon serien, og er av typen; ”Skreddar” Kjøkken, Bad og Garderobe innredning: Kjøken av type; Kvit profil, Kvit Melamin eller Kvit Melamin med eikekant. baderomsinnredning og garderobeskap vert levert i h.h.t. teikning. Alt utstyr vert levert i kvit utføring. Rørleggar- / Sanitærarbeid : Anlegget leverast komplett, og omfattar m.a. varmtvasstank (200L), avløp og uttak for vaskemaskin og oppvaskmaskin, eittgreps blandebatteri, dusjbatteri med dusjsett, heildekkande servant. Alt utstyr vert levert i kvit utføring. Det vert montert utvendig stoppekrane til kvar bustad. Ventilasjon: God ventilasjon er avgjerande for eit godt innemiljø. Bustadane vert levert med balansert ventilasjon med varmegjenvinnar. For å holde fyringsutgiftene så lave som mogeleg, er det viktig å gjenvinne mest mogeleg av varmen i ”bruktlufta”. Varmevekslaren er utstyrt med pollenfilter på innsugingssida. Det vert levert eige avtrekk frå kjøkenventilatoren Sentralstøvsugar: Støvpartiklar i innelufta kan virke irriterande for luftvegane, men med sentralstøvsugar vil desse støvpartiklane forsvinne ut av huset. Anlegget består av ein sentraleining og røyropplegg med naudsynte kontaktar i kvar etasje, og slange med munnstykke. Elektriske installasjonar: Det vert levert 60 elektriske pkt. Varmekabel vert levert på bad og med jordfeilbrytar. Lavenergi: Dei av bustadane som skal ha finansiering gjennom husbanken, vert bustadane bygdt etter Mesterhus sitt lavenergi konseptet .Kva som er med der kan du lese meir om på www.mesterhus.no/lavenergi Uteplas: Bak om huset der det er innkøyring vert felles areal, men på SØR sida ver det slik at kvar seksjon har einerett til bruk av det utearealet som r utanfor sin eigarseksjon. Garasje : Det vert levert ei dobbel garasje i h.h.t. teikning. Denne garasja skal seksjonseigarane dele, der kvar seksjon har einerett til bruk av sin plass. Garasja vert ikkje delt av. Tomannsbustad på svak skråande tomt, med fin utsikt og samtidig sentrumsnært! Utbyggjar;Mesterhus Volda Snippa 6, 6100 VoldaTlf : 700 55 911e. kl. 16.00; 982 36 760 (Odd M. Velsvik)E-post: odd.velsvik@tussa.com
OVERSIKTSKART Kapteinsvegen 6 BESKRIVELSE AV PROSJEKTET PRISAR OmrådetTomta ligg i Kapteinsvegen 6 som er på Engeset i Volda. Engeset er eit naturskjønt område, og ligg med utsikt mot SØR. Det er kort veg til til det meste, og ein har ei fantastisk utsikt over Volda, fjord og fjell! Tomta / UtomhusTomta har Gnr. 18, bnr. 243 i Volda, og haadressa Kapteinsvegen 6. Tomta ligg på nedsida av vegen, har flott utsikt, og er svak hellande mot SØR. Tomta har eit gards og bruks nr. med to eigarseksjonar. På oppsida av bustaden vert det felles areal, men på SØR sida og sidene av huset vert det slik at kvar seksjon ha einerett til bruk av det utearealet som er utanfor sin seksjon. Plenen vert levert maskinplanert slik at ein skal sleppe å leige inn gravemaskin for å få vekk steinar etc. Skule / barnehage / butikkar ogidrottsanleggFrå området er det kort veg til m.a.: barneskule, vidaregåande skule, Høgskulen, barnehage, idrottsanlegg, fri-og rekerasjonsområde og til Volda sentrum BetalingsplanVi held byggjelånet for deg, og du betaler ingen ting før du overtek bustaden. Det einaste vi krev er at du har finansieringa i orden og leverer oss eit finansieringsbevis. EigarformDet vert eit gnr. og bnr nummer, med to eigarseksjonar. Det vertutarbeidt sameige-vedtekter. For å sikre at detteer i trygge hender, så leiger vi inn advokat Jørund Knardal i Volda til å hjelpe oss med dette. HustypeDet vert ein tomannsbustad med to etasje + loft. Loftet leverer vi uinnredt, men mot tillegg i prisen så kan ein få dette innredt. Har ein ikkje behov for større hus no, så kan ein ta igjen dette seinare. Bustadane vert levert nøkkelferdige med asfaltert innkjøring og garasje m leddport og port opnar. Bustad nr. Pris kr. _______________________________________________________________________ Pris med lavenergi hus: 1. (Vest) kr. 1.800.000,- 2. (Vest) kr. 1.800.000,- Pris for nøkkelferdig bustad, med garasje! SITUASJONSPLAN Her ser du området der tomta er Utsikt frå tomta mot SØR