300 likes | 412 Views
Velkommen til FORELDREKURS. OM VIDAREGÅANDE OPPLÆRING. Kva er foreldrekurs?. Ei innføring i struktur og rettar i vidaregåande opplæring Trening i å finne fram i informasjonsmateriell om utdanning og yrke Bevisstgjering om valprosessen. Kvifor foreldrekurs?.
E N D
Velkommen til FORELDREKURS OM VIDAREGÅANDE OPPLÆRING
Kva er foreldrekurs? • Ei innføring i struktur og rettar i vidaregåande opplæring • Trening i å finne fram i informasjonsmateriell om utdanning og yrke • Bevisstgjering om valprosessen
Kvifor foreldrekurs? • Opplæringsloven legg vekt på foreldremedverknad (jf. forskrift juni 06 kap. 20) • Forsking viser at foreldre, særleg mor, er den viktigaste påverknadsagenten når det gjeld val av utdanning og framtidig yrke • Fråfall/bortval frå vidaregåande skule • Mange angrar på valet av vidaregåande opplæring
Kva viser forsking? • berre 2 av 3 (65,8 %) elevar oppnår studie- eller yrkeskompetanse (får bestått vitnemål eller fagbrev) • godt over 30 % av eit årskull i vidaregåande skule droppar ut Senter for økonomisk forskning NTNU 2009 • foreldreengasjement er veldig viktig for gjennomføring av vidaregåande opplæring NIFU STEP 2007
Råd frå forskarane til foreldre • Ver vakne for interessene og ønska til ungdommen, legg eit grunnlag for dialog og kommunikasjon med din ungdom • Følg med på korleis det går på skulen, om arbeid blir gjort, om ungdommen får tilpassa undervisning, sosiale forhold • Følg med på fråvere, venner og fritidsinteresser. Går venner framfor skule eller plikter?
Framhald: Råd frå forskarane … • Ver positiv til samarbeid med skulen • Finn det positive hos ungdommen • Hjelp til slik at ungdommen har realistiske og gjennomførbare ambisjonar • Hjelp til slik at ungdommen lærer å arbeide jamt og trutt, men òg kan satse og ta eit skippertak når det er nødvendig • Bruk god tid på å drøfte val av utdanningsprogram, moglegheiter og avgrensingar
Kva er vidaregåande opplæring? • Inngangsporten til vidare studiar og til yrkeslivet: • Studieførebuande opplæring legg vekt på teoretisk kunnskap (studiekompetanse) • Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse med eller utan fagbrev eller sveinebrev
Ulike typar sluttkompetanse • Generell studiekompetanse • Spesiell studiekompetanse • Yrkeskompetanse • Grunnkompetanse
Det er 12 utdanningsprogram • 3 studieførebuande utdanningsprogram • 9 yrkesfaglege utdanningsprogram
Studieførebuande utdanningsprogram Studiespesialisering Idrettsfag Musikk, dans og drama
Yrkesfaglege utdanningsprogram Bygg- og anleggsteknikk Design og handverksfag Elektrofag Helse- og oppvekstfag Media og kommunikasjon Naturbruk Restaurant- og matfag Service og samferdsel Teknikk og industriell produksjon
Oppbygging av vidaregåande opplæring • VG1 – vidaregåande trinn 1 • VG2 – vidaregåande trinn 2 • VG3 – vidaregåande trinn 3
Retten til vidaregåande opplæring Dei som går ut av ungdomstrinnet, har rett til: • Tre års vidaregåande opplæring i det fylket dei bur • Å komme inn på VG1 i eitt av tre utdanningsprogram som dei søkjer i prioritert rekkjefølgje: 1- 2 - 3. Retten er ikkje knytt til ein bestemt skule • Å komme inn på eit VG2-program som byggjer på det utdanningsprogrammet dei har starta på • Å gjere eitt omval på same nivået
Retten til vidaregåande opplæring • Å ta ut retten i løpet av ein periode på fem år viss opplæringa skjer i skule, eller seks år viss delar av opplæringa skjer i bedrift • Å ta to pauseår i løpet av opplæringstida • Å få eitt års utvida rett dersom dei har gjort eit omval Men: • Opplæringa må fullførast innan utgangen av det året dei fyller 24 år
MEIR OM STUDIEFØREBUANDE • Studiespesialisering • Formgivingsfag (2 943 timar totalt) • Realfag (2 523 timar totalt) • Språk, samfunnsfag og økonomi (2 523 timar totalt) • Idrettsfag (2 943 timar totalt) • Musikk, dans og drama (2 943 timar totalt) • Musikk • Dans • Drama
Fellesfag i studieførebuande utdanningsprogram • Norsk og kroppsøving – VG1, VG2, VG3 • Matematikk (praktisk eller teoretisk) – VG1 og VG2 • Historie – VG2 og VG3 • Naturfag og engelsk – VG1 • Religion og etikk – VG3 • Samfunnsfag og geografi – varierer mellom VG1 og VG 2 • Framandspråk – VG1 og VG2 ev. òg VG3
YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM Fellesfag: • Norsk,engelsk og kroppsøving – VG1 og VG2 • Matematikk og naturfag – VG1 • Samfunnsfag – VG2 Prosjekt til fordjuping – VG1 og VG 2
Eksempel på oppbygging av eit utdanningsprogram:Helse- og sosialfag
Andre vegar til studiekompetanse • Naturbruk • vg3 naturbruk • Media og kommunikasjon • Vg3 media og kommunikasjon • Påbygging til generell studiekompetanse etter vg2 yrkesfag, vg3 yrkesfag eller fagbrev
Vg3 påbygg til generell studiekompetanse Pr veke: 10 t norsk 5 t matematikk, praktisk eller teoretisk 3 t naturfag 5 t historie 2 t kroppsøving 5 t valfritt programfag frå utdanningsprogram for studiespesialisering
VIDAREUTDANNING ETTER FAG-/SVEINEPRØVE • FAGSKULE • Du kan ta fagskuleutdanning i mange fag, m.a. tekniske fag og helsefag. • Kursa kan vare frå eit halvt til to år. • Etter to års studiar og bestått eksamen får du yrkestittelen fagteknikar. • Somme tekniske fagskular er opptaksgrunnlag til 2-årige ingeniørutdanningar.
VIDAREUTDANNING ETTER FAG-/SVEINEPRØVE, framh. 2.Y-VEGEN • Y-vegen = yrkesfagleg veg til ingeniør • Du kan no søkje opptak til fleire ingeniørstudium med eksamen frå yrkesfagleg retning og fagbrev, m.a. maskin, elektro, bygg, nautikk og havbruksdrift og leiing. (Sjå velgriktig.no, høyere utdanning, Y-veien; tilbud ved 7 høgsk,1 univ.) 3.MEISTERBREV • Det er mogleg å utdanne seg til meister i meir enn 70 handverksfag. • Som meister er det lettare å starte eiga bedrift eller ha ei leiande stilling i ei bedrift.
Videreutdanning etter fag-/sveineprøve, framh. 2 • Forkurs på 1 år som er eit alternativt løp for dei som ikkje har nødvendig spesialisering i matte og fysikk frå vgs (matte, fysikk, norsk, engelsk, teknologi & samfunn) Bestått forkurs gir grunnlag for opptak til ingenørutdanningar og maritime høgskuleutdanningar i N (eigen kvote)
Studium ved høgskule eller universitet • Norsk høgare utdanning har denne gradsstrukturen: • Høgskulekandidat (2 års studium) • Bachelor (3 års studium) • Mastergrad (2 års studium som byggjer på bachelorgraden) • Ph.d.: Doktorgradsstudium. Forskarutdanning (med rettleiing) som byggjer på ein mastergrad. • Dr.philos.: Tittelen blir gitt etter godkjende forskingsarbeid (utan rettleiing).
For å komme inn på eit studium må du ha studiekompetanse • Noreg har 8 universitet. • Universiteta har varierte studietilbod, frå kortare kurs til doktorgradsstudium. Nokre studium er retta mot eit bestemt yrke som lege eller jurist. Desse blir kalla profesjonsstudium. • Noreg har ca. 24 statlege høgskular og omtrent like mange private.
Fleire lenkjer Om vidaregåande opplæring: • www.mittyrke.no www.udir.no Om vidare utdanning etter vgs: • www.samordnaopptak.no • www.mesterbrev.no • www.fag-skole.no og www.hordaland.no • www.fagskoleopptak.no • www.utdanning.no (om begge nivå)