160 likes | 315 Views
Kunstgrasbane på Bjørgum i 2009?. Presentasjon for grenda 25. mars 2009. Arbeidsgruppe for kunstgrasbane Gjennomført forprosjekt Kunstgras er framtida for fotballen Når andre får det til, kan vel me óg Kunstgrasbane omfattar meir enn fotball Det handlar om å få til noko i lag!. Bakgrunn.
E N D
Kunstgrasbane på Bjørgum i 2009? Presentasjon for grenda 25. mars 2009
Arbeidsgruppe for kunstgrasbane Gjennomført forprosjekt Kunstgras er framtida for fotballen Når andre får det til, kan vel me óg Kunstgrasbane omfattar meir enn fotball Det handlar om å få til noko i lag! Bakgrunn
Banen på Bjørgum • Veleigna til kunstgras • Minimalt av førearbeid • Rull ut graset • Låge kostnader • Stort område – plass til 11ar bane, 5 ar bane og ballbinge • Noko dugnadsarbeid ved bygging • Gjerde – sokkel, støyping • Ballbinge • Ut med graset
Det handlar om finansiering • Skepsisen har gjerne grobotn i spørsmålet om finansiering • Ein kunstgrasbane er ikkje gratis. Me må yta noko. • Spørsmålet om finansiering handlar om me er villige til å bidra. • Og det bør me, for å driva idrettsaktivitetar på Bjørgum har i alle år vore nesten gratis.
Gutar 98/99 trenar ca 60 timar i året. I tillegg kjem cup og kampar!! Treningsavgifta er på 300 kr – dvs 5 kr pr time trening! I år blir det meir om me legg til ein kjøpt andel. Men berre for dette året! Betalar ein 1000 kr, vil det seie 16 kr pr treningstime, men då kan me få ein bane som varar i 15 år! Kva er prisen me betalar i år?
Litt meir om finansiering • 1 dag på fjellet blir fort 1000 kr for ein familie. • Får me eit topp moderne anlegg, vil me halde ungane våre lengre i grenda. • Me sparar utgifter til køyring og høgare treningsavgifter hjå andre lag. • Me skal framleis ha låge kostnader for å vera aktiv i Bjørgum IL.
Finansieringsplan • Finansiering • Spelemidlar 1 403 842 • Momskompensasjon 762 305 • Dugnader/rabattar 710 000 • Sal av andelar 675 000 • Eigenandel BIL/lån 260 378 • Totalt 3 811 525
Slodding – ein til to gonger i veka. Eigen slodd – kan bruke bil (30 min) Minimalt med vedlikehald At ein tek vare på banen – halde den i god stand Og det gjer me om me har vore med og realisert banen Kva krev ein kunstgrasbane i drift?
Meirarbeid og ein bane med bismak? • Skal ikkje føre til meir dugnad og plikter for tillitsvalde eller foreldre! • Må bygge opp fond til nytt gras etter ca 15 år • Arenareklame • Grasrotandelen • Må ha plassnemnd som no
Fotball på grus og kunstgras er to ulike idrettar Støv og merking Auka sunn aktivitet blant fleire Auka aktivitet ved at folk blir verande her lenger Vitalisere idrottslaget Ungane våre fortener det, få dei meir aktive Få til noko som me alle står i lag om Kvifor vil me dette?
Vegen vidare • Me er overtydd om at dette er vegen å gå • Forprosjektet viser at me kan få dette til • Me har sendt søknad både om spelemidlar og momskompensasjon • Alt ligg til rette for at me kan få realisert kunstgrasbanen, og den kan vere klar til hausten
Det er opp til oss – blir det kjøpt nok andelar så får me det beste skule og idrettsanlegget i heile bygda! På kunstgraset blir det plass til alle – både trening og kamp!! Breiddeanlegg!!! Alt er avhengig av sal av andelar
Me startar sal av andelar i dag! Og auksjon til ”Gullklubben” Du kan kjøpe andel ved å signere ein giro. Kvar andel kostar 1000 kr Alle andelane vert sett inn på ein eigen konto og vert berre nytta dersom banen vert bygd Om ikkje så skjer, får du pengane tilbake Me har laga eigne bedriftspakker – andel + annonse + reklame Føresetnader for andelskjøp
Framdrift • Arbeidsgruppa har laga ein framdriftsplan for prosjektet • Så snart finansieringa er på plass, vil Idrottslaget i lag med Voss kommunen hente inn tilbod på gras • Dette vil styre når graset kan koma på plass • Må planleggjast slik at me kan bruke banen så lenge som mogleg
Konklusjon • Det er fullt mogleg å få til kunstgrasbane på Bjørgum allereie i år. Spørsmålet er ganske enkelt følgjande: Vil du?