131 likes | 656 Views
Celler. Vekst og celler. Alt liv er bygd opp av celler Cella inneheld oppskrifta for liv, DNA . Cellene er svært små, mellom 0,01 og 0,1 mm Fyrst oppdaga i 1665 Robert Hooke 1839 : Teorien om at alle levande organismar er bygde opp av celler. Mikroskopet.
E N D
Vekst og celler • Alt liv er bygd opp av celler • Cella inneheld oppskrifta for liv, DNA. • Cellene er svært små, mellom 0,01 og 0,1 mm • Fyrst oppdaga i 1665 Robert Hooke • 1839: Teorien om at alle levandeorganismar er bygde opp av celler.
Mikroskopet • Med hjelp av mikroskop kan vi sjå ulike celler. • Eit lysmikroskop kan forstørra om lag 1000 gonger. • Elektronmikroskopet forstørrarein million gongar. *augelinse * objektiv *objekt + objektbord *grov- og finskrue *dekkglas http://tv.nrk.no/serie/kroppen/FBUA02004779/sesong-1/episode-1#t=4m18s
Cella er byggjesteinen • Alle celler har ein cellemembran (cellevegg). • Cellemembranen er halvgjennomtrengjeleg. • Cellevæska består av vatn og stoff som cella treng for å vekse og leve. • Arvestoffet (DNA) styrer produksjonen i cella, korleis cella skal sjå ut og kva oppgåver cella har. • Alle celler kan dela seg. Når vi veks, deler cellene i kroppen seg. • I dyre- og planteceller ligg DNA i kjernen. • http://www.nrk.no/viten/1.11938918
Alle organismar har sju livsprosessar • 1. Dei skaffar seg mat. • 2. Dei bryt ned maten slik at dei kan bruke energien i maten. • 3. Dei kvittar seg med avfallsstoff • 4. Dei har rørsle. • 5. Dei kan sanse og reagere på endringar i omgivnadene. • 6.Dei kan formeire seg. • 7. Dei kan vekse.
Dyrecella • Cellemembranen er veggen til cella. Den kontrollerer transport inn og ut av cella. • Kjernen inneheld arvestoffet (DNA). I cellekjernen fins all den informasjonen som er nødvendig for å laga eit individ. Kjernen er ein slags kommandosentral som indirekte styrer cellefunksjonane. • Cytoplasma er ei geléaktig væske med organellar som ribosom og mitokondriar. Væska inneheld oppløyst næring og gassar. • Mitokondriane er cella sin kraftstasjon. Her føregår celleanding. • Plasmanettverket er eit transportsystem inni cella. Ribosoma byggjer protein etter oppskrift frå arvestoffet. • Lysosomer er små bobler med enzym. Dei kan bryta ned giftstoff, bakteriar og slitte organellar i cella.
Plantecelle • Plantecella har mange av dei same celledelane som dyrecella. • Dei har cellemembran, cytosol, cellekjerne, mitokondrier og ribosomar. • I tillegg har plantecella kloroplast og vakuole.
Eincellaorganismar • Bakteriane var dei første organismane. • Eincella, med enkel oppbygning, men viktige for livet på jorda. • Me har fleiremilliardar på oss og inni oss. • Eincellaorganismar lever i vatn. Dei har ikkjenoko vern mot uttørking.
Tøffeldyret • http://forskning.no/forurensning-miljovern-zoologi/2014/04/toffeldyr-transporterer-giftige-stoffer • Tøffeldyret har flimmerhår som dei brukar til å komma seg fram med . • Planktonalgar er eincella. Dei svever fritt i vatnet. • Algar kan veregrøne, raude eller brune. • Alganeutnyttar sollyset, slik som plantene, og produserer O₂. • Alt som lever er avhengig av oksygengass. Algane er den største produsenten av oksygengass på jorda. • Algane er og viktig mat for små dyr, f.eks krill, reker og dyreplankton.
Frå celle til fleircella organisme • Dei fleste organismane du ser rundt deg består av millionar av celler som samarbeider. • Slike organismarkallarmefleircella. • Tang og tare = enkle fleircella • Planter og dyr = kompliserte fleircella • Kvar celletype har si spesielle oppgåve (nervecelle, muskelcelle, hudcelle…..osv) • Like celler er samla i vev. • Eitorgan består av fleiretypar vev. ( Magesekken har muskelvev + nervevev + overflatevev). • Fleire organ samarbeider og utgjereitorgansystem. ( fordøyingssystemet, nervesystemet, krinsløpssystemet) • Organsystema utgjer kroppen din. Kroppen er sett saman av 11 organsystem. Dei har alle kvar sine oppgåver, slik at kroppen fungerer godt. www.youtube.com/watch?v=GZk4hT7ncv0