210 likes | 465 Views
Demokrati. Foto: www.kremlin.ru . Demokrati. Demokrati er ei styreform der retten til å ta avgjerder tilhøyrer folket. Demokratiet blir kjenneteikna av at alle borgarar har dei same rettar. Ordet demokrati er gresk og betyr folkestyre. Foto: White House . Demokrati.
E N D
Demokrati Foto: www.kremlin.ru
Demokrati • Demokrati er ei styreform der retten til å ta avgjerder tilhøyrer folket. • Demokratiet blir kjenneteikna av at alle borgarar har dei same rettar. Ordet demokrati er gresk og betyr folkestyre. Foto: White House
Demokrati • Demokratiet si historie går tilbake til det gamle Hellas for 2 500 år sidan. • I Athen kunne alle frie menn over 18 år delta i styringa av samfunnet. Verken kvinner, slavar eller utlendingarfekk delta i styret av staten.
Demokrati • Det moderne demokratiet voks i særleg grad fram i det 18. hundreåret. • Det spreidde seg tankar om at folket skulle delta i styringa av landet. Den amerikanske sjølvstendeerklæringa frå 1776 sa at alle menneske var fødde frie og like. Landet skulle styrast etter folkeviljen.
Demokrati Kvar finn vi demokrati i verda i dag? Kva land er mest demokratiske?
Demokrati • Eit direkte demokrati blir kjenneteikna av at alle avgjerder blir tekne av folket. • Alt blir avgjort gjennom folkerøystingar. I eit indirekte demokrati vel borgarane representantar som skal ta avgjerder på deira vegner. Foto: Lars Røed Hansen
Demokrati • Kva kjenneteiknar eit fungerande demokrati? • Frie val • Ytringsfridom • Eigedomsrett • Likestilling • Rettstryggleik • Maktfordeling Foto: Salty Soul Biletet viser demonstrantar i Oslo. Kva vil det seie å demonstrere?
Demokrati • Alle skal ha lov til å seie det dei meiner. • Alle skal kunne publisere tankane og meiningane sine. • Ein skal ha lov til å organisere seg og demonstrere. Ytringsfridom
Demokrati • I Noreg er ytringsfridomen grunnlovfesta. • Alle har lov til å ytre seg om alt ein ønskjer. • Ytringsfridomen er også ein viktig del av De sameinte nasjonane sine menneskerettar. Foto: Vindheim FN seier også at barn har ytringsfridom. Barn sine meiningar skal bli vektlagde i saker som angår dei.
Demokrati • Alle har rett til å røyste på den personen eller det partiet som dei sjølv vil. • Alle skal også ha lov til å stille til val. • Det er folket som skal fastsetje kven som skal styre landet. Frie val
Demokrati • Alle menneske har rett til å eige eigedom. • Ein kan gjere som ein vil med det ein eig. • Ingen må bli fråteke eigedomen sin. Eigedomsrett Foto: NeilsPhotography
Demokrati • I ein del udemokratiske land har retten til privat eigedom vore fråverande. • I eit land som Nord-Korea er det meste ått og styrt av staten. Foto: Stephan Menneska i Nord-Korea får ikkje lov til å skape sin eigen arbeidsplass ut frå eigne idéar og innsats. Foto: Stephan
Demokrati • Ingen skal bli sett i fengsel utan rettssak og dom. • Skuld må provast. • Det skal vere likskap for lova. Rettstryggleik Foto: Sean Toyer
Demokrati • Det finst mange land der menneska ikkje har rettstryggleik. • Under talibanstyret frå 1996-2001 blei Afghanistan styrd etter strengje lover. • Det var stor forskjell på menn og kvinner sine rettar. Det fanst eit eige religiøst politi som tok seg av lovbrytarar. Vald, amputasjon og steining var straffemetodar ein nytta seg av.
Demokrati • Maktfordeling hindrar at somme får for mykje makt. • I Noreg er makta delt mellom Stortinget, regjeringa og domstolane. Maktfordeling
Demokrati • I diktatur blir makta utøvd utan grenser. • Eit eller eit fåtal personar kontrollerer dei tre statsmaktene. • Diktatoren styrer landet, lagar lovene og har kontroll over domstolane. Foto: www.kremlin.ru
Demokrati • Somme meiner demokratiet har feil og manglar. • Demokratiet skaper ustabilt styre. • Folk flest har ikkje nok kunnskap til å velje leiarane sine. • Ting tek for lang tid i eit demokratisk styre. ”Demokrati er den verste styringsforma som finst, bortsett frå alle dei andre som er blitt prøvd opp gjennom tidene.” Winston Churchill
Demokrati • Demokratiet er stadig utsett for press og truslar. Foto: Justin Baeder