150 likes | 300 Views
Særavtalar i skuleverket. KORTKURS om SGS 1001, SGS 1002 og SGS 1010 SFS 2213 Utarbeidd av Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane, til bruk i klubbane. SGS - SFS. SGS betyr: Sentral Generell Særavtale
E N D
Særavtalar i skuleverket KORTKURS om SGS 1001, SGS 1002 og SGS 1010 SFS 2213 Utarbeidd av Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane, til bruk i klubbane
SGS - SFS • SGS betyr: Sentral Generell Særavtale - avtale som er inngått mellom KS og alle fagorganisasjonar som har medlemmar i tariffområdet • SFS betyr: Sentral Forbundsvis Særavtale - avtale som er inngått mellom KS og Utdanningsforbundet Særavtalane - Kortkurs til bruk i klubbane
Særavtalar • Ein særavtale er ein del av tariffavtalen og er såleis ufråvikeleg. • Både arbeidsgjevar og arbeidstakar er forplikta til å følgje ein særavtale. • I nokre avtaletekstar er det gjeve høve til lokal tilpassing. Dette må i så fall avtalast. Særavtalane - Kortkurs til bruk i klubbane
Særavtalar • Ein særavtale er ein del av tariffavtalen og er såleis ufråvikeleg. • Både arbeidsgjevar og arbeidstakar er forplikta til å følgje ein særavtale. • I nokre avtaletekstar er det gjeve høve til lokal tilpassing. Dette må i så fall avtalast. Særavtalane - Kortkurs til bruk i klubbane
SGS 1001 Reiseregulativet 1 • Regulativet regulerer utbetaling av utgiftsdekking ved tenestereiser i inn- og utland. • Tenestereiser er pålagde og/eller godkjende reiser i oppdrag for arbeidsgjevar. Arbeidsgjevar skal samtykke i reise og reisemåte før reisa startar. Bruk av eigen bil skal godkjennast på førehand Særavtalane - Kortkurs til bruk i klubbane
SGS 1001 Reiseregulativet 2 • Utgifter er kostnad til billettar, bruk av eigen bil og overnatting. • Regulativet definerer kilometergodtgjersle for bruk av bil og andre framkomstmiddel. • Andre utgifter som vert dekka: Bompengeavgift, parkering, piggdekkavgift, nødvendig bagasjeoppbevaring. • Regulativet definerer også kostgodtgjersle, med kronesatsar for reiser av ulik lengde. Måltid som er dekka av arbeidsgjevar/arrangør kjem til frådrag. Særavtalane - Kortkurs til bruk i klubbane
SGS 1002 Arbeidstøy og musikkinstrument • Normalt: Arbeidstakar får utdelt arbeidstøy etter behov. Evt. vert det gjeve refusjon for faktiske utgifter. • Dersom private musikkinstrument eller privat utstyr må nyttast i undervisninga ved studieretninga Musikk/Dans/Drama og i undervisninga ved kommunale musikk- og kulturskular, skal det gjerast avtale mellom dei lokale partane om dette. • Avtale vert altså evt. inngått med kommunen/fylkeskommunen. Særavtalane - Kortkurs til bruk i klubbane
SGS 1010 Følgje av pasient/klient/elev - "Leirskuleavtalen” 1 • Avtalen føreset at det på førehand vert utarbeidd ein samla arbeidsplan for personalet for reisa til og frå, samt for opphaldet på institusjon, leirskule, ved ferieopphald, ekskursjonar eller liknande Særavtalane - Kortkurs til bruk i klubbane
SGS 1010 Følgje av pasient/klient/elev - "Leirskuleavtalen” 2 • Del 1 gjeld dei som skal følgje elevar, med omsorgs- og tilsynsoppgåver, på reise til t.d. institusjon eller på ekskursjon og ubemanna leirskule. Avtalen regulerer arbeidstid og kviletid på reise (med eller utan tilsynsansvar). For lærarar skal avtalen sjåast i samanheng med deira eigen arbeidstidsavtale.Avtalen har definert kronesum som ekstra godtgjering pr. døgn. • Del 2 gjeld berre for lærarar som er med på bemanna leirskule. Avtalen regulerer arbeidstid på reise, under opphaldet og ekstra godtgjering. Særavtalane - Kortkurs til bruk i klubbane
SGS 1010 Følgje av pasient/klient/elev - "Leirskuleavtalen” 3 I høve til bemanna leirskule gjeld berre SGS 1010 • Medfølgjande lærar får godskrive 9 t. av arbeidsplanfesta tid pr heile døgn reisa/opphaldet varer, rekna frå tidspunktet reisa starta. For deler av døgn utover dette, vert det rekna eit forholdsmessig timetal. • Det skal utbetalast daggodtgjering for eventuelt arbeid utover godskriven tid, ansvar, ulemper m.v. som følgje av reisa og opphaldet. • Daggodtgjering vert rekna frå reisa startar til ein er heime igjen og blir utbetalt med full takst også for del av døgn når dette er 3 timar eller meir. Godtgjeringa er høgare for laurdag, søndag, offentlege fridagar og heilagdagar. • Denne godtgjeringa kan takast ut som avspasering dersom lærar og rektor er samde om det. • Reglar for kostgodtgjersle følgjer kommunalt reiseregulativ for reisa til og frå leirskulen og evt. diett som ikkje vert dekka av leirskulen. Særavtalane - Kortkurs til bruk i klubbane
SGS 1010 Følgje av pasient/klient/elev - "Leirskuleavtalen” 4 • For reiser utanlands (t.d. reiser med ”Kvite bussar”) vert det godskrive arbeidstid på 12 t pr. døgn i høve til arbeidsplanfesta tid. Det er også høgare daggodtgjering enn ved innanlands reiser. Særavtalane - Kortkurs til bruk i klubbane
SFS 2213 Arbeidstid 1 • Avtalen vert inngått mellom dei lokale partane, dvs mellom arbeidstakarorganisasjonane og kommunen/fylkeskommunen. • Avtalen skal vere innafor rammene av intensjonane (innleiing til avtaleteksten) • Avtalen skal byggje på omforeinte utviklingsmål for skulen i kommuen/fylkeskommunen. Særavtalane - Kortkurs til bruk i klubbane
SFS 2213 Arbeidstid 2 Dei lokale partane fastset sjølv kva bestemmelsar dei vil ta inn i en lokal avtale. Dette kan blant anna vere: • Tal veker arbeidstida skal fordelast på, ut over 38 veker innanfor årsverket på 1687.5 timar • Korleis arbeidstida skal plasserast innanfor denne tida • Fordeling av tid til undervisning, anna arbeid med elevar, kollegialt samarbeid, individuelt arbeid, kompetanseutvikling og samarbeid med føresette og andre instansar utanfor skulen. • Kva prinsipp som skal leggast til grunn for fordeling av arbeidsoppgåver og ansvar til den enkelte lærar. • Tid til å utføre funksjonar • Seniorpolitiske tiltak og korleis dei skal praktiserast • Eventuelle avvik frå sentralt fastsette reglar som utløyser overtid. Særavtalane - Kortkurs til bruk i klubbane
SFS 2213 Arbeidstid 3 Intensjoner (1) • Arbeidstidsavtalen skal bidra til størst mulig profesjonalitet i lærernes yrkesutøvelse slik at opplæringstilbudet til elevene blir best mulig. • Avtalen skal legge til rette for varierte arbeidsformer og til at arbeidstiden kan nyttes best mulig i forhold til organiseringen av arbeidet på den enkelte skole. • Avtalen skal sikre den enkelte lærer tilstrekkelig og rimelig tid til de oppgaver som følger direkte eller indirekte av undervisningsoppgavene. Særavtalane - Kortkurs til bruk i klubbane
SFS 2213 Arbeidstid 4 Intensjoner (2) • I tillegg til selve undervisningen består lærernes arbeid i hovedsak av annen tid sammen med elevene, kollegialt samarbeid, individuelt arbeid, kompetanseutvikling og samarbeid med foresatte og instanser utenfor skolen. • Avtalen skal gjøre det mulig å vurdere forholdet mellom tid til undervisning og tid til andre oppgaver ut fra en vurdering av byrdefullhet knyttet til undervisningen. • Avtalen skal ikke medføre redusert ressursbruk i skolen. Særavtalane - Kortkurs til bruk i klubbane