440 likes | 586 Views
Iskemisk hjartesjukdom. Sjukepleiar sitt observasjons- og omsorgsansvar, inkludert livreddande tiltak. Fagdag i kardiolologi, 26. oktober 2012. Siv Osdal. Eg vil snakke om. Generelle tankar og litt talfakta Likt og ulikt mellom kvinner og menn med iskemisk hjartesjukdom
E N D
Iskemisk hjartesjukdom Sjukepleiar sitt observasjons- og omsorgsansvar, inkludert livreddande tiltak Fagdag i kardiolologi, 26. oktober 2012 Siv Osdal
Eg vil snakke om • Generelle tankar og litt talfakta • Likt og ulikt mellom kvinner og menn med iskemisk hjartesjukdom • Samarbeid og grenseoppgang mellom sjukepleiar og lege i omsorg, observasjon og behandling av den aktuelle pasientgruppa • Gjennomførte prosjekt og samarbeid mellom sjukehusa i Helse Midt Norge • Hjarte- og lungeredning
Den ”klassiske” infarktpasienten • Førekjem sjeldnare? • Endra innleggingsmønster/sentralisering? • Auka kunnskap om levesett og førebygging? • Tidlegare diagnostikk? • Betre behandling? • Oppfylgjing på hjartepoliklinikk mm? Det kan gå lang tid mellom kvar gong vi får inn ein DÅRLEG pasient med iskemisk hjartesjukdom
Desto viktigare å ha KUNNSKAP –KOMPETANSE - FOKUS • Kva ser vi etter? • Tidleg EKG, sml evt gamle EKG • Symptom, obs variasjonar • NSTEMI-pas vel så høg mortalitet som STEMI-pas sjølv om dei ofte har mindre symptom og ikkje er så dårlege initialt • Rask overflytting til invasiv utgreiing/behandling
Lågare mortalitet • Island: 80% reduksjon av mortalitet pga iskemisk hjartesjukdom blant begge kjønn i aldersgruppa 25-74 år frå 1981 til 2006 • 75% relatert til reduksjon av risikofaktorar (kolesterol, BT, røyking og fysisk aktivitet) • 25% relatert til individuell behandling (medikament, PCI, CABG) • Same trend for resten av Europa og USA (Aspelund, 2009)
Mortalitet • Hjarte- og karsjukdom framleis største dødsårsak • Trass fallande mortalitet vil auka levealder medverke til at det også i framtida er mange som vert råka av desse lidingane
Nokre talfakta • Hjarte- og karsjukdom vil auke og vere årsak til flest dødsfall på verdsbasis fram til 2030 (WHO, 2010) • I Norge var hjarte- og karsjukdom viktigaste dødsårsak i 2008 med knapt 35% (SSB, 2010) • Tal frå 2009 viser at dette også var største diagnosegruppa ved innlegging i norske sjukehus • Iskemiskhjartesjukdom var årsak til 5,1% av sjukehusinnleggingane (SSB, 2010).
Skilnad på kvinner og menn • Kvinner vert i snitt råka av iskemisk hjartesjukdom 10 år seinare enn menn • Kvinner med risikofaktorar misser fort denne fordelen • Klassiske retrosternale smerter hjå 54% av kvinnene mot 69% hjå menn med hjarteinfarkt • ”Atypiske” symptom og forvarsel • Færre STEMI, men fleire NSTEMI blant kvinner
Spesielt for kvinner med iskemisk hjartesjukdom • Symptoma hos kvinner er meir varierte og uspesifikke enn hos menn • Kvinner med risikofaktorar og koronarsuspekte symptom må undersøkast nærare • Ikkje-invasive undersøkingsmetodar har lavere diagnostisk presisjon hos kvinner enn menn • Teknikkar for påvising av koronarsjukdom hos kvinner må betrast (Halvorsen og Risøe, 2009)
Samarbeid mellom lege og sjukepleiar • Legen stiller diagnose, ordinerer behandling og informerer pasienten/pårørande • Sjukepleiar iverkset ordinert behandling, observerer og fylgjer opp og ofte utdjupar informasjon til pasient/pårørande • Sjukepleiar må ha naudsynt kunnskap og tore å stille spørsmål dersom ikkje standardisert behandlingsopplegg vert iverksett
Sjukepleiar skal observere pasienten • EKG har topp prioritet • Klinisk vurdering • BT, puls, temp, O2-metning • Omsorgsfull kommunikasjon • Fokus på pasienten si oppleving av å ha MANGE helsepersonell rundt seg som stiller spørsmål og utfører undersøkingar og behandlingstiltak • Ivaretaking av pårørande • Sjukepleiar: 24/7
Sjukepleiar bør ha kunnskap om • Symptom på iskemisk hjartesjukdom, inkludert kjønnsrelaterte skilnader • Differensialdiagnosar • Behandlingsalgoritmen ved ulike former for iskemisk hjartesjukdom • Grunnleggande om EKG og dei vanlegaste forandringane ved iskemisk hjartesjukdom
Symptom • Brystsmerter • Utstråling til venstre arm, evt og/eller høgre • Utstråling til nakke/kjeve • Dyspnoe • Trøyttleik, slapp • Hjartebank • Kvalme
Brystsmerter- årsaker • Hjerte • Hjerteinfarkt • Angina pectoris • Pericarditt • Lunger • Lungeemboli • Pleuritt • Pneumoni • Store kar • Aortadisseksjon/aneurysme evt ruptur • Magetarm. • Cholecystitt • Magesår • Aortaaneurysme • Diverse • Angst/hyperventilasjon • Myalgier, ++ (Helge Ose Velle, 2005)
Brystsmerter- sterke smerter !! • Infarkt- ikkje max frå start • Lungeemboli- resp avh. • Disseksjon- max frå start,rivande • Husk at kvinner i høgre aldersgrupper har like ofte infarkt som menn, litt andre symptom.? • Husk at infarktpasienter ikkje treng ha smerter- ofte berre dyspnoe eller ”dårlig”- særlig eldre (Helge Ose Velle, 2005)
Behandling ved UAP/NSTEMI • Tidleg EKG! • MONA • Medisinering på sjukehus (ASA, Klexane, Brilique/Plavix, statinar, betablokkarar) • Kontinuerleg overvaking av EKG • Poengtere at pas må melde frå ved symptom - for å fange evt endringar på EKG - for å lindre symptoma • Overflytting for cor.angio innan 72 timar
Behandling ved STEMI • Tidleg EKG! • Tidspunkt for smertedebut - indikasjon for trombolytisk behandling (Metalyse)? • Evt kontraindikasjonar for Metalyse? • Metalyse så tidleg som råd og innan 20 min! • Nytt EKG etter 45 min, vurdere tilbakegang • Krav om > 50% tilbakegang av ST-elevasjon • Viss ikkje, rask overflytting for rescue-PCI
Medisinske intensivteam • Same prinsipp som kirurgiske traumeteam • Sikrar og samlar topp kompetanse i det pasienten kjem til mottak • Unngår unødig forseinking i undersøking og behandling • Utprøvd både nasjonalt og internasjonalt med stort hell • Noko å tenkje på i våre sjukehus?
Sjukepleiar – omsorg 24/7 • Sjukepleiar er nærast pasienten • Fagleg kompetanse • Dei små, men viktige handlingane • ”Englevakt” • Klinisk blikk • Magefølelse • Ryggmargsrefleks • Novise – Ekspert-dimensjonen
Studie 2007-2008 • Tema: Evaluering av pasientinformasjon • Inkluderte alle pasientar innlagt i Volda og Ålesund ila eit år med STEMI/NSTEMI/UAP som vart overflytta St. Olavs Hospital for invasiv utgreiing/behandling • Spørjeskjema til 138, knapt 100 svarte – 67% • Spørsmål relatert til opphald på lokalsjukehus og STOH, samt reise til og frå sjukehusa
Funn – kort oppsummert • Rimeleg tilfredse pasientar, men klart forbetringspotensiale • Mangelfull skriftleg informasjon • Mangelfull informasjon om medikamentbiverknader • Lite informasjon om psykiske reaksjonar og konsekvensar for seksualliv • Mangelfull informasjon om praktiske og økonomiske forhold i samband med flytting mellom sjukehus
Konsekvensar • Samarbeid i helseregionen • Klarare ansvarsdeling mellom behandlingsnivåa • Gjennomgang av informasjonsrutinar • Betre munnleg informasjon • Betre, oppdatert og NY skriftleg informasjon • Meir forsking
Nye brosjyrar • Info om praktiske ting • Info om koronar angio • Info om hjartepoliklinikken - utarbeidd av hjartepoliklinikken uavhengig av nemnde prosjekt!
Nye forum • Sjukepleiarar deltek på kardiologiske fylkesmøte og regionmøte saman med kardiologar • Fellesforum medverkar til betre kvalitet på tenestene • Eigen sjukepleiesesjon på regionmøte • Nettverk mellom dedikerte sjukepleiarar på alle sjukehus i regionen
Livreddande tiltak • Hjarte- lunge-redning • Mine føresetnader • Formål: at vi… Reflekterer over eigen praksis og kompetanse Bør vi forbetre opplæringsrutinane? www.nrr.org
Hjartestans – eit helseproblem i Norge • 2500-3000(nrr, 2010) personar vert prøvd gjennoppliva kvart år etter brå, uventa hjartestans, 2/3 utanfor sjukehus • Dei aller fleste har koronar hjartesjukdom • Nokre kan knapt reddast uansett, medan mange har hjarte som er ”for gode til å døy” • 170-200 døyr i trafikkulukker • 80-100 døyr i drukning • Under 50 døyr i brann
Resuscitering på Volda sjukehus • Intern registrering 2005-2012 • Truleg noko underrapportering • 34 personar, 10 kvinner og 24 menn • 40-57 år (5) 62-77 år (10) 80-93 år (19) • 9 VF, resten asystoli eller PEA • 8 overlevde, 3 VF initial rytme, 3 andre døde seinare under sjukehusopphaldet • 5 langtidsoverlevde (40, 45, 54, 57, 70 år) • 4 av 5 mellom 40 og 57 år overlevde
Beredskap og ferdigheitstrening • Kor ofte er vi i ein reell stanssituasjon? • Kor ofte må vi trene ferdigheiter? • Er defibrillator tilgjengeleg og kan vi å bruke den? • Forventningar til oss som helsepersonell • Lovpålagt plikt jfr Helsepersonellova §7 • Rullering av HLR-algoritmen kvart 5. år • Vi pliktar å halde oss oppdatert • Arbeidsgjevar må legge til rette for praktisk ferdigheitstrening
Tiltak som reddar liv • Tidleg og god HLR 30:2 • Tidleg defibrillering av sjokkbarerytmer, gjerne med halvautomatisk defibrillator • Postresusciteringstiltak - behandling av grunnsjukdom - normalverdiar (sirkulasjon, respirasjon, blodsukker) - terapeutisk hypotermi • Vitskapelege studiar har ikkje påvist at medikament under resuscitering gir auka overleving
Svært få av oss blir erfarne livreddarar • Vi blir betre av å trene! • NRR stiller strenge krav til trening for å oppretthalde kompetanse • Årleg utsjekk i BHLR på treningsdokke som gjev tilbakemelding på kvalitet (individuell trening) • Årleg utsjekk i AHLR/DHLR med scenarietrening i grupper
Uttalt frå erfaren anestesioverlege: Trening er viktig! For alle. Ein viktig konsekvens av hlr-treninga er at heile behandlingslaget vert samkøyrt og drilla i dei same algoritmene. Då kan sjukepleiaren gjere dei rette tinga – kanskje før legen kjem. Eller den røynde sjukepleiaren kan med solid basis venleg rettleie den uerfarne legen på rett veg. Tryggare for alle, men det formelle ansvaret er som før.