140 likes | 421 Views
NYNORSK. Kapittel 8: Mellomalderen i Europa. Elevane skal kunne – gjere greie for eit utval av sentrale økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle utviklingstrekk i mellomalderen
E N D
NYNORSK Kapittel 8: Mellomalderen i Europa Elevane skal kunne – gjere greie for eit utval av sentrale økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle utviklingstrekk i mellomalderen – presentere eit emne frå mellomalderen ved å vise korleis utviklinga er prega av brot eller kontinuitet på eit eller fleire område – gjere greie for årsaker til at folkegrupper emigrerer, og drøfte konsekvensar av møtet deira med andre kulturar
1 Periodisering Tidleg mellomalder: frå år 500 til 1000 Europa på defensiven: Folketalet er lite Angrep frå mange kantar Små byar og lite handel
1 Periodisering Høgmellomalder: 1000–1300 Europa på offensiven: Handelen aukar, og byane veks Sjølvtilliten aukar i takt med veksten på ulike område i samfunnet
1 Periodisering Seinmellomalder: 1300–1500 – Periode prega av folketapet på grunn av svartedauden. – På den positive sida blømer renessansekunsten i Italia og Nederlanda, og folk flest får høgare levestandard.
2 Folkevandringar - Kven? Første bølgje: Germanske og slaviske stammer. Andre bølgje: Vikingar, madjarar og arabarar. - Kvifor? Romarriket blei gradvis svekt frå omkring 200 e.Kr., og rikdommane verka som lokkemat på ytre krefter. Klimaendringar, krig, overbefolkning og svolt medverka også til folkevandringane og invasjonane.
2 Folkevandringar Resultat: Nedgangsperiode i europeisk historie. Byar mista innbyggjarar og forsvann. Slutt på bruk av myntar i økonomien, på grunn av politisk uro og manglande vern for handelsmenn. Få kunne leve av overskotet frå bøndene. Dei fleste levde i naturalhushald. Lite historisk kjeldemateriale frå perioden 500–800 e.Kr. - Lese- og skriveferdigheitene på retur.
3 Føydalsystemet Ein modell som vi kan bruke når vi skal prøve å forklare mellomaldersamfunnet. Korleis? – Samfunnet var bygd opp hierarkisk, som ein pyramide. – Kongen på toppen. For å sikre seg lojalitet kunne han låne ut jord til mennene sine (feudum/len). – Dei som lånte jord, blei kalla vasallar og var forplikta til å utstyre riddarar og ta del i forsvaret av kongen. – Domenejord: Jorda til godsherren, som han dreiv sjølv. Bøndene måtte forplikte seg til å arbeide ei viss mengd dagar på godset.
3 Føydalsystemet Kvifor? – Kongane mangla midlar til å finansiere sin eigen hær. – Samfunnsordenen var innstifta av Gud. – Frankarane under Karl den store bygde opp dette systemet først. – Målet var å byggje ei sterk statsmakt, med ein konge på toppen av føydalpyramiden.
4 Oppgangsperiode Høgmellomalderen 1000–1300. Kvifor? – Vendeplogen av jern gjorde fleire område dyrkbare, og jorda var mindre utsett for utpining. – Utviklinga av bogtreet, som hindra at hesten blei kvelt, gjorde hesten til eit viktig trekkdyr. – Rotasjonssystem hindra utpining av jorda. Treskiftebruk.
4 Oppgangsperiode Resultat: – Auka vareproduksjon – Befolkningsvekst – Fleire kunne arbeide utanfor jordbruket – Byvekst og handel skaut fart
5 Maktkamp: Verdsleg makt mot kyrkjemakt – Paven: Ønskte full råderett over presteskapet og ville forfølgje brot på kristen lov. – Meinte at kyrkja styrte i åndelege saker, mens kongen hadde autoritet i verdslege saker. – Fridom til å utnemne biskopar – investiturstriden. – Kongen: Ønskte kontroll med presteskapet og ville sjølv utnemne biskopar.
6 Byar – Sentrum for handelsfolk og handverkarar som danna grunnlaget for framveksten av byborgarskapet. – Sjølvstyre: Eigne lover og skikkar. – Kunne du brødfø deg sjølv, fekk du fridommen. Forlokkande for bønder. – Høge dødstal på grunn av manglande sanitær tilrettelegging og lite innsikt i hygiene. – Sjukdommar og parasittar florerte. – Katedralskolane og universiteta i byane blei nye kunnskapssentra frå 1100-talet.
7 Handel – Frå omkring 1000: Handel med luksusvarer over dei norditalienske byane Venezia og Genova. – Utvikling av handel med forbruksvarer på kryss og tvers over kontinentet. – Hanseatane i Nord- Europa var med på å utvikle dette handelsnettverket som mellomledd mellom dei ulike marknadene. – Medverka til byvekst og konsentrasjon av rikdom hos byborgarskapet.
8 Svartedauden Byllepest frå Asia som herja i Europa 1346–1350. – Kom på toppen av ei jordbrukskrise som hadde vakse sidan tidleg på 1300-talet. – Svartedauden reduserte befolkninga i Europa med mellom 30 og 50 %. – Mange meinte at pesten var ei straff frå Gud. – Reduksjonen i folketalet førte til mangel på arbeidskraft. – Adelen måtte gi bøndene betre vilkår til gjengjeld for arbeidskrafta deira. - Resultat: Maktforholda i samfunnet endra seg. Bøndene fikk det noko betre.