10 likes | 167 Views
Presentasjon av seks bygningar frå Florø by. - med fokus på ulike kjenneteikn/særmerke knytt til stilartar i arkitekturen –. Molneshuset – ca 1934. Kinns Sparebank - 1887.
E N D
Presentasjon av seks bygningar frå Florø by - med fokus på ulike kjenneteikn/særmerke knytt til stilartar i arkitekturen – Molneshuset – ca 1934 Kinns Sparebank - 1887 Dette bygget har hovudsakleg kjenneteikn frå Sveitserperioden. Det er bygd i ei rektangulær form. Huset har liggande panel og saltak med stort takutstikk. I mønet finn vi ein krysskonstruksjon med utskjæring nedst, noko som også er typisk for måten å bygge sveitserhusa på. Huset har typiske kjenneteikn frå funksjonalismen. Det har ei kvadratisk form, ståande panel og enkelt listverk. Vindauga er to- og tredelte, i horisontalt format. To kvadratiske vindauge på husets nordside ved inngangs-partiets venstre side i 2. og 3. etasje. Vindauga har utskorne ”blonder” rundt listverk på vindu/dør. Vindauga er krysspostvindu med fire inndelte flater. Huset er restaurert i nyare tid, og det har blitt sett på lause sprosser på vindauga. Døra er ei fyllingsdør som også er sett inn i nyare tid. Taket er flatt med gesims, og med eit takoppbygg. Lista som delar 2. og 3. etasje er truleg eit dekorelement for å understreke horisontaliteten i bygget. Inngangsparti på bakside har eit flatt overbygg, og dør er sett inn i nyare tid. Denne står i sterk kontrast til øvrige kjenneteikn ved funkishuset, sidan den har smårutete vindauge med lause sprosser. Fargen på huset er mørk grå. Det er ukjent om dette er husets opprinnelege farge, fordi dei mest vanlege fargane på funkishusa var raudt, gult og kvitt. Kjærhuset - ca 1891 Standalhuset - 1934 Kjær-huset vart flytta frå Ausevika til Florø, og vart sett opp på denne tomta i 1891. Truleg er huset mykje eldre enn dette. Huset har kjellar i mur, med krysspostvindu. Det har saltak, med små takutstikk, noko som ikkje er typisk for sveitserstilen (som hadde lange takutstikk). Skifer på taket. Asymmetrisk ark er plassert på venstre side. I mønet er det utskjæringar malt i grøn farge. Innebygd glasveranda på høgre side som tilbygg. Dette er eit stiltrekk som er typisk for sveitserstilen. Vindauga er typiske jugendvindauge, med småruter øvst. Huset er rikt pynta med utskjeringar, som kan sjå ut som stilisert akantusranke, som er typisk for barokken. Dei er malt kvite. . Huset har kjenneteikn som er typiske både for seinempire og sveitserstilen. Det har ei rektangulær form, med liggande panel og saltak. Vindauga er originale empirevindu, delt i tre pluss tre kvadratiske ruter. Takutstikket er stort, noko som er meir vanleg for sveitsarstilen enn for empire. Huset har liggande panel. Fargen har ikkje endra seg sidan huset vart bygd, i følgje tidlegare huseigar. Det er vanskeleg å plassere dette huset i ein eksakt stilperiode, fordi ein her har plukka med seg litt frå fleire stilartar. Dør i glasveranda har også stilisert dekor/utskjering.Husets bakside har utbygd veranda, og inngangsdør som er av nyare dato. Døra er symmetrisk plassert på huset. Over døra er det eit vindu delt i tre små ruter, og gjennomgåande sprosser. Fargen på huset, vindauge og dør samsvarer med fargar som vart nytta i seinempireperioden. Flora Rådhus - 1903 Dette bygget har fleire kjenneteikn som gjer at det truleg er eit jugendhus. Huset har mansardtak med svai mot gesimsen, noko som er svært typisk for jugendstilen. Mansarden viser seg som ein ekstra etasje på toppen av bygget. Amfisenteret - 1988 Bygningen er eit kjøpesenter, som ligg i sjøkanten midt i Florø hamn. Bygget har fleire postmodernistiske stiltrekk. Dei store vindauga er inndelt i fire store ruter. Slike vindauge var mykje brukt i denne perioden. Pilaster er avdelte slanke vertikale innebygde søyler, som vi ser på dette bygget. Huset har flatt tak, med eit møne med slak vinkel. I avslutninga av midtpartiet er det innslag av barokk (italiensk/ romersk). Kjenneteikna er dramatikk og kjensler. Verandatilbygget er bygd på i seinare tid – og er plassert asymmetrisk til høgre på bygget som ei ”vorte” (mest truleg etter at røykelova kom). Huset er bygd i mur, og kledd med kvite blanke/glaserte fliser utvendig. Søylene i front med boger mellom, viser at ein blandar stiltrekk frå tidlegare periodar, noko som kjenneteiknar postmodernismen. I midtpartiet (inngangen) ser vi også dei organiske formene som jugendhusa har, her med boge over vindauga og ornament i form av stiliserte blomar. Bygget er i mur. Fargen på muren er lys gul med kvite lister, som er i tråd med Jugendhusa sine fargar. Bygget brann i 1922, slik at berre ytterveggane stod att. Det har blitt ytterlegare renovert i nyare tid. Vindauga på bygget er ikkje klassiske jugendvindauge. Det som kjenneteiknar tradisjonelle jugendvindauge er at dei har gjennomgåande sprosser og seks småvindauge i dei øvste tre vindauga. Døra er bytt ut med ei dør frå nyare tid.