280 likes | 497 Views
Velkomen til foreldremøte. 1. klasse 2014 - 2015. Program. Velkomen, presentasjon, bli kjent Litt om dagen i dag Infoheftet Annan informasjon - Leksehjelp - Utbygging/ombygging Forventningane / dei viktigaste oppgåvene - Trivsel - Læring: 1. klasse hovudvekt på lesing
E N D
Velkomen til foreldremøte 1. klasse 2014 - 2015
Program • Velkomen, presentasjon, bli kjent • Litt om dagen i dag • Infoheftet • Annan informasjon - Leksehjelp - Utbygging/ombygging • Forventningane / dei viktigaste oppgåvene - Trivsel - Læring: 1. klasse hovudvekt på lesing • Klasseforeldremøte: - Val av klassekontaktar
Nokre fakta • 27 elevar, 10 jenter 17 gutar • To kontaktlærarar: • Mona Tveito • Margunn Ramstad Støylen • Alltid minst to vaksne. • Timar til spes.ped, lærar og assistent kjem utanom. • Stasjonsundervisning.
Dersom påstanden stemmer, må du reisa deg! • Alle som er foreldre til ei jente i klassen. • Alle som har barn på skulen frå før. • Alle som har barn i Solhaugen barnehage. • Alle som likar fotball. • Alle som har barn i Kolås barnehage. • Alle som er foreldre til ein gut i klassen. • Alle som likar å bake. • Alle som har barn som ikkje har gått i Kolås eller Solhaugen. • Alle som kan gå til skulen. • Alle som har gått på Lindås barneskule. • Alle som har elevar som får buss til skulen.
Nye førskuledagar • Onsdag 4. juni for dei som går i Solhaugen. • Onsdag 18. juni for resten. Klokka 8.45 – 10.00 er dei med fadrane sine. Klokka 10.00 – 14.00 er dei på tur med SFO. Dei må ha med seg uteklede. Treng ikkje å ta med mat.
Heimesida http://www.minskole.no/lindasb
Lindås barneskule si pedagogiske plattform • TRIVSEL OG LÆRING
Korleis kan heim, skule og elevar i samarbeid utvikla eit godt skulemiljø?
Opplæringslova seier: § 9a-1: • ”Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.” • Dersom foreldre og elevar opplever at skulen ikkje tek på alvor dei rettane elevane har, kan dei venda seg skriftleg til skulen. Skulen må då gjera eit enkeltvedtak i saka.
Opplæringslova pålegg: • Skulane å arbeida aktivt og systematisk for å fremja eit godt psykososialt miljø. • At alle tilsette undersøkjer og varslar dersom dei får kunnskap eller mistanke om mobbing, vald rasisme eller liknande negativ åtferd.
Positivt skulemiljø – foreldre/føresette • Delta på foreldremøte: • Den gode skulen. Det gode skulemiljø. • Organisera aktivitetar for/med elevane. • Invitera heim nokon som ikkje har vore på besøk før • Vise positiv interesse for dei andre elevane • Snakka positivt om dei andre elevane og foreldra deira • Oppmuntra sitt barn til å vera positiv og inkluderande • Spørja etter og gi ros for positiv handling. • Motarbeida tendens til ”klikk-danning” elevane imellom. • Ta kontakt med skulen når noko ikkje er bra • Ikkje vent og tru det går over om noko ikkje er bra på skulen eller på skulevegen
Kva er mobbing? Definisjon –gjentatte gonger over tid…. • Kva er negative handlingar? (vald, rasisme, diskriminering, utestenging)
Ta barnet på alvor Skulen • Har borna gitt melding til ein vaksen – har dei gitt melding til alle vaksne. • Born kan vera redde for å ikkje bli trudd. • Dei kan vera redde for at ting blir verre når dei melder frå. • Undersøk når eit born fortel om negative opplevingar. • Kunnskap fører til handling. Tiltak. • Informasjon og samarbeid med heimen. • Synlege, tilgjengelege og interesserte vaksne ser mest i friminutta og får høyre mest frå elevane. Heime • Har barnet sagt frå heime ein gong – har det sagt frå om ”at slik har eg det”. • Born vil ”skåna” foreldre for bekymringar. • Lytt til barnet. La det snakke ut. Gi omsorg og støtte. • Informer skulen om barnet har hatt negative opplevingar på skulen/skuleveg. • Unngå å leggja skuld på barnet, vere martyr (fortelje om eigne negative opplevingar), eller oppfordra barnet til å ta igjen. • Samarbeid med skulen.
Gruppeoppgåve: • Korleis kan de heime vise positiv interesse til skulen og medelevar? • Kva forventningar har de til heim-skule samarbeidet? • Forventningar til heimen • Forventningar til skulen
Læring • Hovudmålet for 1. klasse er lesing. • Svært mykje av det vi jobbar med på skulen, handlar om dette. • Foreldra har ei viktig rolle.
Er det dumt at eleven lærer å lesa før dei startar på skulen? • Nei! • Råd for ein god start: • Dine opplevingar er ikkje alltid rette. • Lydar heller enn bokstavnamn. • Vi startar med å skriva dei store bokstavane.
Er leseopplæring berre for pedagogar? • Lesing inneheld mange aspekt: - Leseinteresse - Ordavkoding - Leseforståing - Leseflyt - Fonologisk bevissthet • Ved å lesa med barnet ditt, er du ein viktig støttespelar.
Før barnet kan lesa: • Vel rett tidspunkt. Ikkje for lenge. • Bileta er viktige, snakk om dei. • Lat barnet peika kor du skal starta. • Bruk fingeren. • Dersom barnet kjenner igjen enkeltord, kan dei lesa det. • Hjelp barnet til å tenkja/undra seg. • Det gjer ingen ting om de har lese boka før.
Når barnet kan lesa: • Det er lurt om dei peikar. • Hjelp barnet til å tenkja/undra seg. • Dei møter på bokstavar dei har gløymt: hjelp med å lydera. • Dersom eit barn rettar seg sjølv, er det supert. Ros! • Ikkje forvent at dei skal lesa heile boka sjølv. Medlesing er fint. • Gå på jakt etter lydar og ord. • Hugs tida. Ikkje så lenge at barnet går lei. • Det gjer ingen ting om de les opp igjen ei gamal bok. Det er berre sunt – repetert lesing.
Klassekontaktar • Klassekontakt + FAU ____________ • Klassekontakt + vara FAU ____________ • Vara ____________ • Vara ____________