10 likes | 141 Views
Tour de Bremanger. Trimtur rundt Bremanger Dette er ein invitasjon til alle trim glade i alder 30+. Velkomen til ein sykkeltur rundt Bremanger. Dette skal vere ein roleg og sosial sykkeltur , som startar utanfor Lasses laurdag 2. juni presis klokka 08.00 .
E N D
Tour de Bremanger Trimtur rundt Bremanger Dette er ein invitasjon til alle trim glade i alder 30+. Velkomen til ein sykkeltur rundt Bremanger. Dette skal vere ein roleg og sosial sykkeltur, som startar utanfor Lasses laurdag 2. juni presis klokka 08.00. Turen går over dalen til Ålfoten, vidare til Davik, Rugsund, Oldeide, Bremanger, Smørhamn, Kjelkenes og til slutt registrering for fullført Tour de Bremanger ved Lasses i Svelgen. Her blir det sosialt samvær med mat og drikke. Vi skal sykle i lag og ha felles stoppeplassar. Sykkelen og hjelm må sjølvsagt vere i god stand. Det blir følgjebil som kan frakte sekkar som inneheld nødvendig proviant som klede, litt mat og drikke. På sjølve sykkelen bør du ha med drikkeflaske eventuelt ein liten sekk med det mest nødvendige innhaldet. Følgjebilen har med verktøy til dei aller fleste typar syklar og førstehjelpsutstyr. Eg anbefaler sykkelbukse. På dei forskjellege stoppeplassane vil det bli servert forfriskingar, underhaldning og fysisk velvere. Det blir også anledning til å bruke rulleski, for dei som kan det. Dersom det skulle bli stygt ver, vert turen utsett til slutten av august. Følg med på Svelgen no. om eventuelle forandringar Bli med !!!!!! Dersom du vil vere med ta kontakt med Per Arne Sæterlid på telefon 95967770 Deltakaravgift 100 kr.