120 likes | 333 Views
UNIVERSET. ATMOSFÆREN:. Eit lag med gassar (oksygen, nitrogen, CO2, H2O) som ligg rundt jorda. Jordas atmosfære gjer det mogleg for oss menneske å leve på jorda. Den hindrar farleg stråling frå sola å nå ned til bakken. Den beskyttar jorda mot steinar og bitar som svevar i verdsrommet.
E N D
ATMOSFÆREN: • Eit lag med gassar (oksygen, nitrogen, CO2, H2O) som ligg rundt jorda. • Jordas atmosfære gjer det mogleg for oss menneske å leve på jorda. • Den hindrar farleg stråling frå sola å nå ned til bakken. • Den beskyttar jorda mot steinar og bitar som svevar i verdsrommet.
GALAKSE: • Ein galakse er ei samling av gass, støv og milliardar av stjerner og planetar som blir heldt saman av tyngdekraft. • Tre typar galakser: elliptiske, uregelmessige og spiralforma. • Vår galakse, Melkevegen, er spiralforma. • I vår galakse er det ca 200 milliardar stjerner.
GALILEO GALILEI: • Italiensk filosof, fysikar og astronom. • Han forbetra dei første teleskopa som blei laga. • Han observerte solflekkar, fjell, krater og dalar på månen, samt fire av Jupiters månar.
HUBBLE – TELESKOPET: • Har tatt dei klaraste bileta av universet. • Blei skutt opp i 1990. • Det bruker 97 minutt på ei runde rundt Jorda. • Fart rundt Jorda: 8 kilometer i sekundet. • Det er dobbelt så stort som ein buss, og får plass inni romferja.
STJERNER: • Stjerner er himmellekamar som er sett saman av svært varm gass som på grunn av kjernefysiske reaksjonar stråler ut sjølvprodusert energi, ofte i form av sterkt lys. • Sola er ei stjerne.
PLANETAR: • Planetar er store, kule-forma himmellekamar som går i bane rundt stjerner. • Dei er sett saman av stein, metall og gassar. • Dei kan ha månar, ringar og ein atmosfære rundt seg. • Det er 8 planetar i solsystemet vårt: Merkur, Venus, Jorda (Tellus), Mars, Jupiter, Saturn, Uranus og Neptun. • Pluto er ein dverg – planet.
ASTEROIDE: • Mellom Mars og Jupiter er det fleire milliardar stein- og metallbitar som heiter asteroidar. • Asteroidar er mykje mindre enn planetane. • Forskarane trur asteroidane er delar av ein planet som det ikkje blei noko av. • Dei fleste asteroidane finnast i to område eller belte. Det eine belte ligg mellom Mars og Jupiter, og det andre ligg utanfor Neptun.
KOMETAR: • Kometane kjem frå ytterkanten av solsystemet. • Kometane består av is og støv, omtrent som skitne isfjell som driv gjennom verdsrommet. • Når kometane kjem nær sola, blir isen til gass. • Når ein komet nærmar seg sola, dannar den to halar. Ein av halane er av gass, og den andre er av støv. Gasshalen peiker bort frå sola. • Desse halane av støv og gass kan vere fleire millionar kilometer lange. • På same måte som planetane, går kometane i bane rundt sola.
SOLA: • Sola er den store stjerna i midten av solsystemet vårt. • Sola gir lys og varme til jorda. Den består av ein stor masse av brennande hydrogen og andre gassar. • Sola er så stor at den kunne romme jordkloden ein million gonger! • Sola er nesten fem milliardar år gamal. • Vi kallar sentrum i sola for kjernen.
MÅNEN: • Månen er jordklodens næraste nabo i verdsrommet. • Det fins verken liv eller vær på månen – ingen skyer, vind, regn eller snø. • Månen bruker ein månad på å kretse rundt jorda ein gong. Den bruker også ein månad på å dreie rundt seg sjølv. • På månen veg astronautane berre ein seksdel av det dei veg heime på jorda. • Overflata på månen er full av krater – digre steinblokker kolliderte med månen for fleire millionar år sidan.