310 likes | 447 Views
Meir enn førebygging. Refleksjonar i ei postmoderne tid. Identitetsetablering. Strukturell tilnærming Vår nære historie er sterkt prega av institusjonane Skule og nå barnehage Behov for felles faktagrunnlag og haldningar Kritisk tenking Ansvar for både eige og andre sine liv. Stabilitet.
E N D
Meir enn førebygging Refleksjonar i ei postmoderne tid Helge Vreim
Identitetsetablering • Strukturell tilnærming • Vår nære historie er sterkt prega av institusjonane • Skule og nå barnehage • Behov for felles faktagrunnlag og haldningar • Kritisk tenking • Ansvar for både eige og andre sine liv. • Stabilitet Helge Vreim
Identitetsetablering • Individuell tilnærming • Vår tid fokuserar på individet • Valfridom • Sterke påverknadskrefter • Det som sel er rett og verdfullt • Det beste grunnlaget for å velje er kjennskap til alle sider ved saka. • Open og ærleg dialog Helge Vreim
Menneskesyn 1 • Mennesket som maskin • Tilpassing til maskinane (F. Taylor) • Automatisering av arbeidsoperasjonar • Tidsstudier • Motivasjon = Lønn • Akkordsystem • Lydige medarbeidarar skaper den gode organisasjonen • Styring og kontroll Helge Vreim
Menneskesyn 2 • Mennesket som organisme • A. Koestler ”The Ghost in the Machine” • Inne i einkvar var det noko som ikkje var kontrollerbart, ei ånd. • Arbeidarrørsla sin kamp for betre rettar • Motivasjon er mykje meir enn lønn • Bli sett, hørt, teke med på. • Menneskja påverkar kvarandre • Maslow • Tilfredse medarbeidarar skaper den gode organisasjon • Sjølvstyrte grupper • Medråderett Helge Vreim
Menneskesyn 3 • Mennesket som hjerne • Ta ansvar • Arbeida i høve til mål • Kommunisere med andre og nyttiggjera seg deira erfaringar og innsikt • Bryte ned og kombinere komplisert informasjon. • Ingenting er gitt, alt må konstruerast. • Arbeidsdelinga må endrast raskt, i høve til oppgåvene • Kreative, sjølvstendige og myndiggjorte medarbeidarar skaper den gode organisasjon • Individuell medråderett Helge Vreim
Rasjonalitet • Ei handling er instrumentelt rasjonelldersom den vert grunngjeve ut frå tekniske (objektive) handlingsreglar. • Ei handling er strategisk rasjonell når den i tillegg vert grunngjeve ut frå interesser og val frå andre aktørar , men framleis siktar mot i hovudsak å nå dei måla ein på førehand har satt seg. • Ei handling er kommunikativt rasjonell når den vert grunngjeve ut frå ein føresetnad om gjensidig forståing for vala. Helge Vreim
Vår etterkrigsforteljing • Forteljinga om planar og system • Kunnskap og vitskap som samfunnskraft • Organisering • Planlegging – Kontroll – Evaluering • Spesialisering som mål • Effektivisering • Desentralisering av oppgåver - Sentralisering av makt • Jakta på kosmos • Organisasjonsmakt Helge Vreim
Vår nye forteljing • Forteljinga om mangfaldet • Problemløysing • Samhandling • Spesialisering som premiss • Kommunikasjon • Kultur • Erkjenning av kaos • Organisasjonsforvirring Helge Vreim
Den norske skulesoga • Skulen er læraren • Skulen er skulebygget • Skulen er overalt Helge Vreim
Frå levestandard til livskvalitet • Må bygge på det livet vi lever, og ikkje det som andre måler eller definerer via • Statistikk • Diagnosar • Media • Folkeprat • Må knytast til det opplevde, det subjektive • Oppleving • Engasjement • Deltaking • Fellesskap Helge Vreim
EIN FILOSOFISK FORMEL FOR MÅLING AV LIVSKVALITET • Aktivitet • Opplevd fellesskap • Opplevd eigenverdi • Ei grunnstemning av glede Arne Næss, 1994 Helge Vreim
Den raske verda • Teknologi • Medier • Globale betalingsmidlar • Vellukka vaksne (Leiarar?) • Inngangen til vaksenverda kjem tidlegare og tidlegare • Det ein før brukte eit liv på å erfare, har ein nå erfart før fylte 15 år Helge Vreim
Den langsame verda • Naturen • Folk flest • Dei nære relasjonane • BARN!!!! (også hyperaktive) • Den raske og den langsame verda eksisterer side om i side, rundt oss og i oss! Helge Vreim
Meistring av spenningsfeltet • Akseptere at • Den raske verda prøver å ta over større og større deler av livet vårt • Mange opplever at ei vond kjensle av kaos og utryggleik veks fram. • Mange opplever at ”det er berre eg som har det slik”. • Kan meistrast når den einskilde blir trygg på at ”det eg opplever er sant for meg”, og difor bli i stand til å møte det ytre trykket med eigne opplevingar og erfaringar. • Livsstyrketrening?? Helge Vreim
Dialog og meiningstablering • Den russiske kommunikasjonsteoretikaren Bakthin sine idear om korleis ”meining” blir etablert har sitt utgangspunkt i at det ikkje er individet, men eit ”vi” som etablerar den • Meiningsetablering er avhengig av at mottakaren møter bodskapen med ein aktiv respons. • Gjennom dette oppstår meining og gjennom det kunnskap. Helge Vreim
Dialog og meiningsetablering 2 • Ei dialogisk tilnærming legg til grunn at asymmetri i forhold til makt, kunnskap, initiativ og kreativitet ikkje er eit trugsmål, men ein styrke. • Omgrepet dialog forstår vi vanlegvis som å omfatte to, men i Bakthin sitt omgrep ligger det dialogiske i spenninga mellom dei mange stemmene. Helge Vreim
Førebygging • Ikkje bygge på det einaste sanne • Akseptere den ”farbare vegen”. • Bygge på myndiggjering • Legge til rette for at individ skal ha eit best mogeleg grunnlag for sjølv å ta avgjerder som set dei i stand til å meistre livet sitt, både som individ og i sine nære fellesskap Helge Vreim
Det bittersøte dilemma • Rusmidlar har mange sider ved seg • Smerte og glede • Øydelegging og stil • Maktesløyse og makt • Katastrofe og frigjering • Ein førebyggingsarbeid må ha alt dette med seg for å bli trudd!!! Helge Vreim
Krav til samanhang • Behov for ulike metodar og innfallsvinklar • Samhandling på tvers av tradisjonelle grenser • Fag • Profesjonar • Aktørar • Offentlege/Private • Institusjonar • Kommunar • Knytast saman gjennom planverket på alle nivå • SLT Helge Vreim
Så enkelt, og så vanskeleg • Det handlar om å gje individet (unge menneskje) betre kontroll over tilhøve som påverkar deira evne til å meistre dei oppgåvene dei vert stilte overfor, og gjennom det erfare korleis eigne avgjerder kan auka livskvalitet, glede og energi. • Fridom under ansvar • Samsvar mellom utfordringane og det som er mogeleg • Førebygging må knytast til ei gjennomgåande forståing, eit alltid tilstadeverande perspektiv. Helge Vreim
Dyrke planter eller fjerne ugras • Skiljet mellom fremjing av det ein ønskjer og fjerning av det ein ikkje ønskjer er gamalt. • I gresk mytologi var til dømes Hygiea gudinna for helse, medan Asklepios var guden for handsaming av sjuke. Helge Vreim
Utfordring • Endre fokus frå ”å fjerne feil/ikkje ønska handling” til ”å fremje evna til meistring” . • Det sentrale utgangspunktet er ikkje å forstå den einskilde, men å streve etter å akseptere og å respektere vedkomande. • Innleiingsspørsmålet blir • Kva kan du fortelja meg slik at eg kan bli ein god sakshandsamar/assistent/fagperson for deg? Helge Vreim
Utfordring 2 • Endre fokus frå å vektslegge ”Det vi vil du skal gjere” til ”talentutvikling” • Endre fokus frå ”Den vihar lagt til grunn at du er” eller ”Det som dei har sagt at du har” til ” Det du verkeleg gjer eller presterer,--- den du eigentleg er.” • Erkjenne det kontekstuelle. • H.C.Andersen ”Den grimme ælling” Helge Vreim
Leonardo da Vinci (Codex Atlanticus) • Legar, lærarar og dei som tek seg av sjuke, bør ha kjennskap til kva eit menneske er, kva livet er, kva helse er og korleis jamvekt og harmoni mellom elementa held oppe god helse. • Disharmoni mellom elementa øydelegg helsa. Ein person med kjennskap til det som er nemnd ovanfor, er betre til å rette opp det som er feil, enn ein som manglar slik kjennskap. Helge Vreim
Institusjonen som ramme • Må utgjera eit strukturert, stabilt og triveleg miljø med fokus på meistring av den einskilde sitt liv og samfunnsmåla i lovverk og planar • Elevfellesskap • Fellesskapet mellom elev(ar) og lærar(ar) • Demokratisk kvardagsliv, demokratisk kompetanse • Allsidig personlegdomsutvikling • Opplevingar og praktisk-musisk aktivitet • Uteliv, natur og økologi Helge Vreim
Rolla til dei føresette • Aktive medskaparar av livs-, arbeids- og læringsmiljøet • Innsikt i høve til eigne barn • Meiningar om korleis alle burde vera • Berarar både av livserfaringar og kompetanse • Ressurs i planlegging og gjennomføring av læringsarbeidet • Særleg viktige innom arbeidet med haldningar og verdiar Helge Vreim
FAGPERSONROLLA • Rolla til fagpersonen er ei rolle full av mangfald; • ikkje bare fagformidlar, • ikkje bare rettleiar, • ikkje bare kamerat, • ikkje bare autoritet, • Ikkje bare førebilete • men litt av alt. • Det sentrale utgangspunktet er ikkje å forstå, men å møte det einskilde barnet med vilje og evne til å akseptere og respektere det. Helge Vreim
FAGPERSONROLLA 2 • Ha fagleg kompetanse • Ha relasjonell kompetanse • Ha gruppeleiingskompetanse • Ville bruke demokratiske arbeidsprinsipp • Vere humoristisk • Vere forutsigbar • Vere empatisk • Like barn Helge Vreim
FAGPERSONROLLA 3 • Dersom fagpersonar skal få tillit frå barnet, må dei ha makt, evne og vilje til å sette grenser. • Det same gjeld og i høve til føresette, men her må fagpersonen i tillegg syne evne til å meistre den faglege delen arbeidet sitt. • Først og fremst ved å synleggjera og å grunngjeva sine val av metodar/ strategiar, men og ved å vise innsikt i relevante fag/tema. Helge Vreim
Avslutning • Institusjonane våre må ikkje bare bli ei førebuing til livet. Dei må vere sjølve livet for dei som skal ha store deler av barne- og ungdomstida si der! • Ein institusjon for barn og unge, med sine omgivnader og arbeidsformer, må vere ramma rundt eit rikt og minneverdig liv,der gleda er til stades! • Arbeidet i alle institusjonane våre må knytast til ei slik forståing Helge Vreim