1 / 22

Sau på innmarksbeite

Sau på innmarksbeite. kostnadseffektiv kulturlandskapspleiar – eller feil bruk, med låg tilvekst, sjukdom og parasittar som resultat. Beitehistorikk. I ”uminnelege tider” har beiting i utmark vore viktig for folk i Noreg.

yeriel
Download Presentation

Sau på innmarksbeite

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. Sau på innmarksbeite kostnadseffektiv kulturlandskapspleiar – eller feil bruk, med låg tilvekst, sjukdom og parasittar som resultat

  2. Beitehistorikk • I ”uminnelege tider” har beiting i utmark vore viktig for folk i Noreg. • Dei store beita heldt på fôrressursar som ein ellers ikkje kunne gjere seg nytte av. • Om sommaren flytta ein drifta av garden til utmarka, på stølane, slik at ein kunne nytte graset heime til vinterfôr.

  3. Beitehistorikk • I dag er utmarksbeite framleis ein viktig ressurs som mange bønder gjer seg nytte av. • Den er ryggmargen for store deler av dyrehaldet i Noreg i dag. • Mange stader er beiting i utmark 5-6 månader. • I tillegg er gode vår- og haustbeiter av avgjerande betydning for mange bønder, særskilt med tanke på tilvekst av lam. • Halve ”årsforbruket” av fôr vert dermed henta gratis i utmark.

  4. Problem • Dei siste 30-40 åra er store deler av det gamle sjølvforsyningsjordbruket lagt ned. • Storleiken på buskapaneaukar og bøndene vert færre og færre, i tillegg har dyretalet gått ned noko • Både innmark og utmark gror att i stort tempo. • Småteigar vert ikkje prioritert og rasjonaliteten i jordbruket har gått drastisk opp.

  5. Verknad • Resultatet av dette er at det nærliggande kulturlandskapet som me alle ynskjer å halde i hevd, gror att. • I tillegg er det dette som ofte trekker turistar til Noreg.

  6. Kulturmark forsvinn • Ein av deiviktigaste habitata for raudlisteartar i Noreg er den gamle kulturmarka. • Rundt 1300 artar av planter, insekt, fuglar og pattedyr er knytt heilt eller delvis til kulturmark. • Spesielt den ugjødsla beite- og slåttemarka som vert halden ved like på gamal måte. • Ved flattørking av høy får plantene frøa seg på naturleg vis ved at frøa dett av.

  7. Kvar er dette?

  8. Bilete av Hardangervidda • Bilete av Hardangervidda om hundre år. • Klimaendringar og mindre beitepress fører til at vidda gror att. • Hardangervidda har ein gong i tida vore overgrodd av skog.

  9. Utmarka gror att • Den Norske utmarka gror att i rekordfart. • Gamle stølar som for berre tjue år sidan var opne kulturlandskap er no sterkt gjengrodde av krattskog og kratt. • Årsaken er mindre stølsdrift, færre dyr, kanskje kortare sesong og klimaendringar. • Færre nyttar fjellet som næringsveg og endringar er ikkje like synlege.

  10. Utmarka gror att • Skogsdrift er mindre lønsamt og den store granplantinga på 50- og 60-talet (spesielt på vestlandet) er i ferd med å gjere seg gjeldande.

  11. Utmark som næringsveg • Her er eit enormt potensiale for både turisme og næringsutvikling med tanke på dyrehald og skogsdrift (bioenergi med nullutslepp). Kan ein kombinere dette i større grad enn eingjer? • Jens A. Risnes, Noregs største reiseguru seier at det kulturlandskapet me har, i kombinasjon med villmark, er eineståande i verdssamanheng. Det er eit turistmål i særklasse.

  12. Kva skal einvelje? Innmark eller utmark? • Det er freistande å stille seg spørsmålet, er det like enkelt å svare?

  13. Kvifor velje? • Forlenge beitesesongen mest mogleg i begge retningar. • Ha eit intensivt beite på innmark på vår og haust. • Viktig å ha optimalt dyretal på beite. • Ikkje for lite slik at renningar med krattskog får komme opp. • Heller ikkje fôre med rundballar ute som har vorte til overs etter vinteren.

  14. Kvifor velje? • Passe på at alle parsellar i bygda vert brukt. • Gå saman om å ruste opp gjerder som ikkje er i stand eller kjøp elektrisk gjerde.

  15. Tilstrekkeleg beite • Gå over og sjekk tilstanden ofte, helst kvar dag. • Om det vert intensivt beita kjem ikkje krattskogen opp, men pass på å ikkje svelte dyra! • Det er bra tilvekst på vegetasjonen om våren, men lamma er avhengig av mora si mjølkeevne for tilvekst.

  16. Tilstrekkeleg beite • Er det mykje kratt og krattskog til å begynne med, kan ein opne dette opp først med litt hogst og so sleppe på litt geiter. • Geitene kan godt gå på innmark heile sommaren.

  17. Sambeiting • Den beste utnyttinga av beitet får ein om fleire dyreslag beitar saman. • Sauen er den beste landskapspleiaren me har, men kan av og til trenge litt hjelp av andre. • Geiter er best til å opne landskap. • Kyr og hest går godt saman med sau, men har ein tendens til å lage tuer om dei går aleine.

  18. Auk dyretalet • Dei fleste stadar er det uproblematisk å kjøpe fôr, gode vår- og haustbeite er ofte den avgrensande faktor. • Viss det er mogleg å få tak i gode beiter burde ein auke dyretalet • Med auka dyretal får ein meir intensiv beiting i både innmark og utmark.

  19. Ta ut ved • Kanskje forsøke å lage ein vedsentral for omsetjing av den veden ein tek ut. • Det er trass alt lettare å hogge skogen på innmark enn den i utmark

  20. Sjukdommar • Ein kan lettare få sjukdommar og snyltarar når dyra går tett ilag på beite. • Viktig med beiterotasjon. • Flugemakk kjem lettare til på innmarksbeite. • Innvollsparasittar er eit større problem på innmark. • På den andre sida er det lettare å hindre t.d. Sjodogg og Flått.

  21. Tilvekst • Ikkje grunnlag for å seie at det er dårlegare tilvekst på innmarksbeite enn på utmarksbeite, ifølge Bioforsk-rapport. • Men kvifor då kjøpe Norsk lam og ikkje skotsk eller new zealandsk?

  22. Utmarksbeite gamal tradisjon • Det er viktig å ikkje miste den særeigne norske tradisjonen me har med beite i utmark. • Det er viktig å halde denne tradisjonen i hevd då den er trua frå mange hald. • Når det gjeld attgroinga er det like viktig å hugse på utmarka som innmarka.

More Related