1 / 1

Tour de Bremanger 2012

Tour de Bremanger 2012. Dette er ein invitasjon til alle trimglade i alder 30+. Velkomen til ein sykkeltur Bremanger rundt.

aldis
Download Presentation

Tour de Bremanger 2012

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. Tour de Bremanger2012 Dette er ein invitasjon til alle trimglade i alder 30+. Velkomen til ein sykkeltur Bremanger rundt. Dette skal vere ein roleg og sosial sykkeltur, som startar utanfor Lasses kro i Svelgen sentrum. Det viktigaste på turen er å nyte naturopplevingane, ta det med ro, og ikkje stresse for å komme fram. Vi har heile dagen på oss. Vi startar laurdag 2. juni klokka 08 45. Turen går i gjennom Ålfotdalen, vidare til Davik og til Rugsund. Det blir servert mat på Gloføykje. Vi syklar vidare til Oldeide, Konsdalen , Struen, Smørhamn og ferja over til Kjelkenes og til Svelgen. På Svelgen hotell blir det sosialt samvær med mat og drikke. Vi skal sykle roleg i lag og ha felles stoppestadar. Sykkel og hjelm må sjølvsagt vere i god stand og etter alle føreskrifte. Det blir to følgjebilar som kan frakte sekkar med nødvendig utstyr som klede, litt mat og drikke. På sjølve sykkelen bør du ha med drikkeflaske, eventuelt ein liten sekk med det mest nødvendige. Eg anbefaler sykkelbukse. Følgjebilane har med verktøy til dei ”aller fleste” typar syklar og førstehjelpsutstyr. I bilen er det og rikeleg med sportsdrikk , kaffi, frukt og grønt og middagsmat. På dei forskjellege stoppeplassane vil det bli servert forfriskingar som frukt, sportsdrikk underhaldning og fysisk velvere. Dersom du vil vere med, ta kontakt med Per Arne Sæterlid på telefon 95967770 Deltakaravgift 150 kr. Bli med på Tour de Bremanger !!!!!! Turen er sponsa av, Elkem Bremanger, Bremanger kommune Svelgen hotell og Svelgen kraft. Arrangørkomiteen fråskriv seg eit kvart ansvar for uhell og konsekvensane av uhell

More Related