440 likes | 622 Views
Jesus blir synleg. Menneske fiskarar. Varme. Tryggleik. Fellesskap-. Openheit. Velkomen til Familiegudsteneste på Longva bedehus. Haram kyrkjelyd – Jesus blir synleg Varme – Openheit – Trygggleik – Fellesskap - Menneskefiskarar. Preludium. NoS 479 Deg å få skode er sæla å nå.
E N D
Jesus blir synleg Menneske fiskarar Varme Tryggleik Fellesskap- Openheit Velkomen tilFamiliegudsteneste på Longva bedehus Haram kyrkjelyd – Jesus blir synleg Varme – Openheit – Trygggleik – Fellesskap - Menneskefiskarar
NoS 479 Deg å få skode er sæla å nå Deg å få skode er sæla å nå, Gud, ver det syn som mitt hjarta vil sjå; ver du for tanken min dyraste skatt, ljoset som strålar ved dag og ved natt!
Ver du min visdom, mi sanning og trøyst, tal du det levande ord med di røyst! Far, lat meg vere barn her hjå deg. Kom til meg, Herre, ja, bu du i meg!
Ver du i striden mitt skjold og mitt sverd; ver du det merket som syner mitt verd, livd for mi sjel, den tryggaste vakt; lyft meg mot himlen, du makt i mi makt!
Rikdom og ære som menneske gjev, er ikkje meir enn den morknande vev. Du er min arv som varer til sist, himmelske konge, det veit eg for visst.
Konge i æva, å lat du meg då sigrande inn i ditt rike få gå! Ver du mi tru, den vona eg ber til eg får skode din herlegdom der. Amen.
NoS 943 Måne og sol, vindar og hav Liturg eller Forsongar Syng for Herren, pris hans namn. Forkynn frå dag til dag hans frelse! Måne og sol, vindar og hav og blomar og born skapte vår Gud. Himmel og jord, allting er hans, Herren vår Gud vil vi takka.
Omkvede Herre, vi takkar deg, Herre, vi prisar deg, Herre, vi lovsyng ditt heilage namn!
Jesus, Guds Son, død på ein kross for alle, for oss, lever i dag. Ja, han er her, ja, han er her. Herren vår Gud vil vi takka.
Omkvede Herre, vi takkar deg, Herre, vi prisar deg, Herre, vi lovsyng ditt heilage namn!
Anden, vår trøyst, levande, varm og heilag og sterk, talar om Gud, leier oss fram dag etter dag. Herren vår Gud vil vi takka.
Omkvede Herre, vi takkar deg, Herre, vi prisar deg, Herre, vi lovsyng ditt heilage namn!
Tekstlesing Liturg: Lat oss høyra Herrens ord Kyrkjelyd: Gud vere lova. Halleluja. Halleluja. Halleluja.
Min båt er så liten Min båt er så liten og havet så stort, men Jesus har grepet min hånd. Når han styrer båten, da går det så bra, på veien til himmelens land. Når han styrer båten, da går det så bra, på veien til himmelens land.
Min bil er så liten og veien så lang, men Jesus har grepet min hånd. Når han styrer bilen, da går det så bra, på veien til himmelens land. Når han styrer bilen, da går det så bra, på veien til himmelens land.
Kva heit kongen som drepte for å kunne gifte seg med ei dame?
Kva vart Jesus av mannen nsom nokre trudde kunne være messias??
Kva samla Jesus læresveinane sine til før han gjekk i hagen Getsemane?
Truvedkjenning (Apost.) L: Lat oss vedkjennast vår heilage tru. K: Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmelen og jorda. Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre, som vart avla ved Den Heilage Ande, fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, skal kome att derifrå og døme levande og døde.
Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppstoda av lekamen og evig liv. Amen.
Kan du bibelens bøker Kan du bibelens bøker - ifrå perm og til perm? Seks og seksti til saman. - Høyr godt etter min venn. Ein, to, tre, fir, fem Moses.- Josva, Domarane, Rut. Ein, to Sam. Kong. Kong. Krøn. Krøn- Esra Nehem. Ester.
Job og Sal. Ord. Fork. Høgsong. - Jes Jer. Klag. Esek Dan. Hos. Jo. Am. Ob. Jon. Mi. Nah.- Hab Sef. Hag. Sak. Malaki. Ma. Ma. Luk. Jo. Apostel.- Ro. Ko, Ko. Gal Ef. Fil. Kol. Tess. Tess. Tim. Tim.. Tit Filem. - He. Ja. Peter2. Johannes3. Ju. Jo.
Forbøn med Taize kyrie K: Kyrie Kyrie eleison.Kyrie Kyrie eleison.
Fader vår Fader vår, du som er i himmelen! Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen. Gjev oss i dag vårt daglege brød. Forlat oss vår skuld, som vi òg forlét våre skuldmenn. Før oss ikkje ut i freisting, men frels oss frå det vonde. For riket er ditt, og makta og æra i all æve. Amen.
Takkoffer Takkofferet vert tatt opp...
Takkofferbøn Liturg: Herre Gud, himmelske Far, di er jorda og det som fyller henne. Alt det vi eig, høyrer deg til. Signa desse gåvene, så dei kan verta til gagnfor ditt rike og for vår neste, ved Jesus Kristus, vår Herre.
Når det stormer Når det stormar, når det stormar, Når det stormar rundt omkring; HEI! Når det stormar, når det stormer, Når det stormar rundt omkring; HEI! Gud er stormar, når eg er svak Hjelper meg å ta nye tak Når det stormar, når det stormar Når det stormar rundt omkring; HEI!
Når det brisar, når det brisar, Når det brisar rundt omkring; HEI! Når det brisar, når det brisar, Når det brisar rundt omkring; HEI! Gud er sterk, når eg er svak Hjelper meg å ta nye tak Når det brisar, når det brisar Når det brisar rundt omkring; HEI!
Velsigning Liturg: Lat oss prisa Herren. Kyrkjelyd: Gud vere lova. Halleluja. Halleluja. Halleluja. Velsigning Kyrkjelyd: Amen. Amen. Amen
Fredshelsing Liturg: Gå i fred. Ten Herren med glede