520 likes | 720 Views
Doktorgradsstipendiat Geir Kåre Resaland. ”60 minutt lærarstyrd fysisk aktivitet kvar dag i skulen”. Nettverk for kompetanseutvikling – Nettverk for fysisk aktivitet. 12. desember, 2005. Doktorgradsarbeid 2004-2008 ” 60 minutt dagleg fysisk aktivitet over 2 år for 9 år gamle barn ”.
E N D
Doktorgradsstipendiat Geir Kåre Resaland ”60 minutt lærarstyrd fysisk aktivitet kvar dag i skulen” Nettverk for kompetanseutvikling – Nettverk for fysisk aktivitet. 12. desember, 2005
Doktorgradsarbeid 2004-2008”60 minutt dagleg fysisk aktivitet over 2 år for 9 år gamle barn” Rettleiarar er professor Lars Bo Andersen og førsteamanuensis Sigmund A. Anderssen - 125 barn har 60 minutt lærarstyrd fysisk aktivitet kvar dag i skulen- 134 barn fungerar som kontrollgruppe- Alle 259 elevane gjennomførar fysiologiske testar før og etter prosjektet 4. Klassingar ved Trudvang skule, oktober 2004
Dr. gradsarbeid 2004-2008 • Barna vil vere 9 år (4. klasse) når prosjektet startar og 10 år (5. klasse) ved prosjektet sin avslutting • Mange er involvert: • 259 barn • Ca 500 foreldre • Ca 100 lærarar • 4 rektorar • 1 professor + 1 førsteamanuensis • Bioingeniør, helsesøster, studentar, andre…..
Intervensjonsskulen: Trudvang skule i Sogndal • 2005/2006 • 384 elevar (1-6. klassetrinn) • 67 elevar ved 4.trinn • 58 elevar ved 5.trinn • Sogndal • Skulen er lokalisert midt i Sogndal sentrum – som er ”senter” i Indre Sogn • 6 794 innbyggarar (per 01.01.05) • Skulestad
STATUS Kroppsøving/ Fysisk aktivitet ved Trudvang skule, 5. klasse 2003 Kroppsøving 2 gangar i veka 90 minutt 2005 Kroppsøving/ Fysisk aktivitet 5 gangar i veka 300 minutt I tilegg kjem storefri med frileik (20 minutt kvar dag etter at elevane har hatt 20 minutt matpause)
Dr. gradsarbeid 2004-2008 • Aktiviteten skal ha eit innhald som gjer at elevane opplever den som: • morosam og • spennande med fokus på • aktivitetsglede og • lystbetona aktivitetar der • variasjon er sentralt 3 hovud pedagogiske-filosofiske prinsipp: • Meistring • Trivsel • Medråderett Eit førebyggande helseperspektiv der så mange barn som mogleg får ei positiv oppleving med det å vere fysisk aktiv
2. Dansing (t.d. spiondansen..) 4C har kreativ dans med Reidun Nerhus Fretland, April 2005.
3. Orientering (med nytt kart tilpassa barn)
7. Leik Sisten-leikar, stiv heks, snipp og snapp, gøymsel, middelalder-leikar, tautrekking, lappeleik, osv
8. Turn 8. Turn Meir tid til turn, ferdigheit ↑
Kva er gjort for å stimulere lærarane ved intervensjonsskulen ?
Fagleg input og inspirasjon • Stipendiat Geir K. Resaland 19. mars 2004 • Besøk Gol Ungdomskule 31. mars 2005 • Besøk Ballerup, København (Per Kølle) 4. april 2005 • Stipendiat Geir K. Resaland 29. august 2005 • Professor Lars Bo Andersen 17. oktober 2005 • Konferanse Førde 11. og 12. mai 2006
Per Kølle Alle lærarane + assistentar var på ”studietur” til København april 2005 Der fekk dei; Sjå ein skule (Rosenlund) som har drive systematisk fysisk aktivitet i 25 år Møte ein inspirerande og engasjerande person med stor erfaring, Per Kølle
Kva er gjort for å stimulere foreldra ved intervensjonsskulen ?
Fagleg input og inspirasjon • Stipendiat Geir. K Resaland held 1-2 førelesingar på eigne foreldremøte pr år • Stipendiat Geir. K Resaland har sagt at foreldre kan kontakte han dersom dei har spørsmål • Elevane påverkar foreldra….
FYSISK AKTIVITET KVAR DAG VED TRUDVANG SKULE SOGNDAL, SOGN OG FJORDANE Resten av skulen kjem etter….
Resten av skulen kjem etter…. • 6. Klasse = • 2 dagar kroppsøving i veka (40 min) • 5 dagar fys akt i veka (25 min – kl. 11.05-11.30) • 3 dagar saman med 5. klasse samt 2 dagar åleine) • 3. Klasse = • 2 dagar kroppsøving/symjing i veka (40 min) • 4 dagar fys akt i veka (25 min – kl. 11.05-11.30) • 1 dag fri 11.05-11.30 = fys akt 11.30-11.50 = mat 11.50-12.10 storefri
Resten av skulen kjem etter…. • 2. Klasse = • 1 dag kroppsøving i veka (40 min) • 4 dagar fys akt i veka (25 min – 11.05-11.30) • 1 dag fri • 1. Klasse = • 1 dag kroppsøving i veka (40 min) • 1 utedag i veka (heile dagen) • 3 dagar fys akt (uteleik) i veka (40 minutt) • 1 dag fri Også Ungdomskulen i Sogndal har no 30 min fys akt dei dagane dei ikkje har kroppsøving
Strategi i forhold til kosthald Alle elevane i 4. og 5. klasse har fått utdelt drikkeflaske til å ha i klasserommet. Barna blir oppfordra til å drikke vatn (også alle elvane ved kontrollskulen har fått slike drikkeflasker). Usunn mat rik på sukker/feitt er lett tilgjengeleg, billig og smakar godt – så det er ikkje rart barn vil ete det – men kva er konsekvensen på sikt…. Alle elvane blir opplyst om at det er viktig å ete frukost kvar dag og andre generelle råd i forhold til kosthald. Alle foreldre blir oppmoda om å sende med barnet frukt kvar dag. →
Evaluering og dokumentasjon Testing Kondisjonsnivå (Aerob kapasitet) Beinhelse (Beintettleik) Kroppssamansetnad (Feitt/musklar) Helsemål (Blodprøve) Blodtrykk Antropometri (Høgde, vekt, BMI, midjemål, hoftemål) Det er viktig å dokumentere positive verknadar av fysisk aktivitet i skulen. Dette blir etterlyst i Stortingsmelding nr. 16 (Resept for et sunnere Noreg, 2002-2003) som understrekar at det er behov for vitskapleg baserte undersøkingar omkring utvikling av meir fysisk aktivitet, slik at tiltak som blir sett inn er basert på forsking og utprøving. Det er avgjerande at me er i stand til å måle verknadane av tiltaka som blir sett inn.
Meir fysisk aktivitet !! Kva er det blitt mindre av ? • Skulen startar 5 minutt før kvar dag (startar kl 08.55) • Skuletimane er 40 minutt i staden for 45 minutt • Nokre friminutt er redusert og inngår i fysisk aktivitet • Skulen tek tid frå alle fag (rekna ut frå årstimar) • Natur og miljø \ utetid \ norsk \ engelsk \ KRL • KRL = Skulen satsar på steg for steg opplegget med metode for konfliktløysing • Delar av timen nyttar me praktisk. Oppstår det utfordringar/problem undervegs tar me det der det skjer og tar ungane på alvor, der dei er med å løysa utfordringar/problema. DERSOM DE VIL – FÅR DE DET TIL…..
FYSISK AKTIVITET KVAR DAG VED TRUDVANG SKULE Kva seier foreldra ? Alle er positive, mange seier at barna er heldige…
Hovudlærar Rebecca Ludvigsen • Me ser at ved å halda på over tid får elevane • eit større spekter av leikar\aktivitetar, samt meir tid til å øve • meistring ↑ • engasjert\aktiv ↑ • Me ser trivsel og samhald i gruppene (blander dei tre klassane). • Me ser at prosjektet startar å bli ein del av kvardagen til elevane • Elevane ser på dette som ein ”naturleg del” av skuledagen • Fys akt/kroppsøving har mål på planen på linje med andre fag rebecca.ludvigsen@sogndal.kommune.no
Hovudlærar Rebecca Ludvigsen • Me ser at elevane tek rask informasjon og ulike organiseringsmetodar, • Dermed nyttast tida til fysisk aktivitet meir effektivt. • Me ser aktive ungar i friminutta • får signal frå foreldra om aktive ungar i fritida. • Me ser at elevane er svoltne i matpausen, og elevane har som regel med frukt. • Elevane drikk mjølk til maten og vatn som "tyste" drikk. Svært sjeldan at nokon drikk saft. rebecca.ludvigsen@sogndal.kommune.no
Hovudlærar Rebecca Ludvigsen • Me ser engasjerte foreldre som er positive til prosjektet. Foreldra er positive til 60 minutt kvar dag !! • Me ser at administrasjonen med rektor i spissen ser positivt på prosjektet og dei ser at ein må investere i meir utstyr, samt uteområdet. • Me ser at ”dagleg fysisk aktivitet” er det einaste prosjektet på lang tid som er komme under huda på oss alle • Hovudforklaring : • studieturen til Danmark og • "oppbacking” frå stipendiat Geir K. Resaland rebecca.ludvigsen@sogndal.kommune.no
REKTOR Aud Marion Larsen • INFORMASJON 2005/06 til alle foreldre: ”… lærarane observerar at elevane har tydleg betre matlyst, er meir motiverte og har gode jobbetimar om dagane…”
REKTOR Aud Marion Larsen "Prosjekt Dagleg fysisk aktivitet har hatt positive verknader ved skulen vår. Som rektor får eg tilbakemeldingar frå foreldre som meiner satsinga på fysisk aktivitet er svært bra, og dei rapporterer òg om auka aktivitet på fritida. Skuledagen har fått eit meir interessant innhald for nokre elevar. Vi ser at dei er meir motiverte for anna skulearbeid. Særleg gjeld dette gutane. Dagleg fysisk aktivitet er på kort tid blitt ein integrert del av skuledagen for elevar og lærarar.” aud.marion.larsen@sogndal.kommune.no
REKTOR Aud Marion Larsen • …me har store utfordringar neste skuleår med dei nye fagplanane. • …fagplanane krev både lokal utarbeiding av kompetansemål for det enkelte steget, og andre lokale tilpassingar. • …. I medarbeidarsamtalane går det igjen hos alle at dagane er blitt meir hektiske og travle, m.a. grunna fysisk aktivitet. • Dei signala må eg ta omsyn til, for ingen er tente med mange sjukemelde lærarar, aller minst elevane. • Dette er ein hårfin balansegang, tru meg. Vi er ikkje negative, lærarane har tru på prosjektet, men kommande år har vi meir enn vi kan gape over. E-post 7. desember 1005 aud.marion.larsen@sogndal.kommune.no
4. Korleis få til eit slikt prosjekt, og råd til andre som ynskjer å få til det same?
”Oppskrift” • Ver audmjuk • Ha ein gjennomarbeid plan • Få med rektor på laget • Få med foreldra på laget • Få med lærarane på laget • Få med elevane på laget (ta barna på alvor) • TING TAR TID • Start i det små → bygg opp etterkvart • Opplegget bør vere; • Variert, motiverande, morosamt og enkelt • Du må tora !!! • Du må vere villig til å prioritera !!!
Vegen vidare….. • Airtrack • Vatnkjølar • Uteområde • Oppruste gymsal (lydanlegg mm) • Vedlikehold (masse aktivitet slit på utstyret) • Lavvo • Alle som tek buss må stoppe 10 min frå skulen • Halde oppe den gode kjensla for prosjektet blant lærarar, foreldre og barn. • SUPERVISJON = • alle elevar 60 minutt fysisk aktivitet kvar dag….