80 likes | 401 Views
Oltedal skole Sosial kompetanseplan. Innleiing. Terje Ogden: ” Sosial kompetanse er relativt stabile kjennetegn i form av kunnskap, ferdigheter og holdninger Som gjør det mulig å etablere og vedlikeholde sosiale relasjoner: Den fører til en realistisk
E N D
Innleiing Terje Ogden: ” Sosial kompetanse er relativt stabile kjennetegn i form av kunnskap, ferdigheter og holdninger Som gjør det mulig å etablere og vedlikeholde sosiale relasjoner: Den fører til en realistisk oppfatning av egen kompetanse, er en forutsetning for sosial mestring, og for å oppnå sosial akseptering eller etablere nære og personlige vennskap.” Oltedal skole har dei siste åra hatt ei stor endring. Vi har fått fleire nye i personalet, og vi har fått mange nye elevar. Dette utfordrar skolekulturen og elevane sine sosiale mønster. Å setje fokus på sosial kompetanse vert derfor veldig viktig. Sosial læring må integrerast i heile skoledagen, og alle må ta ansvar. Sosial kompetanse kan lærast og undervisast i på lik linje med andre fag. Det handlar om å finna balansen mellom strukturerte aktivitetar og å nytta situasjonar som oppstår i skolekvardagen. Det er viktig å styrka overføring av læring til situasjonar kor elevane faktisk har bruk for kompetansen. I tråd med Kunnskapsløftet skal arbeidet med sosial kompetanse gjennomsyra all opplæring. For å utvikla elevane sin sosiale kompetanse skal skolen leggja til rette for arbeidet. Vi må arbeida med sosial kompetanse kontinuerleg gjennom heile skoledagen. Likevel vil vi og at vi skal ta oss tid til å gjennomføra aktivitetar som fremjar sosial kompetanse. 1.-7.klasse skal bruka ein time i veka til dette arbeidet. Ungdomstrinnet skal bruka om lag 15 timar i året. Emneplanane skal føras inn i årsplanane for rle på barnesteget. Vi skal velje ut tema for kvar månad. Dette skal visualiserast med eigne plakatar i klasserom og på personalrom.
Overordna målOltedal skole”læring + trivsel = kunnskap” Oltedal skole ønskjer å gje elevane kunnskap, haldningar og ferdigheiter slik at dei vert i stand til å meistre eigne liv. Dei skal kunne meistra ulike sosiale miljø, og på ein inkluderande måte leia samfunnet vårt vidare.
Evalueringsrutinar Vi vil evaluera arbeidet med sosial kompetanse via: • Dagleg dialog med elev/ klasse • Daglege rutinar og standarder • Elevsamtale • Klasseråd • Elevråd • Foreldresamarbeid • Teamarbeid • Samrådsmøte • Plangruppe