100 likes | 265 Views
OMSORG, ANSVAR OG RESPEKT OMGREP SOM GIR MEINING Utarbeidd av elevar, foreldre og personal. Heime viser eg omsorg for barnet når eg…. Er til stades for barnet, gjerne ved å snakke, lytte til det og gi det fysisk nærleik (positiv kommunikasjon og klemmar) i kvardagen.
E N D
OMSORG, ANSVAR OG RESPEKT OMGREP SOM GIR MEINING Utarbeidd av elevar, foreldre og personal
Heime viser eg omsorg for barnet når eg… • Er til stades for barnet, gjerne ved å snakke, lytte til det og gi det fysisk nærleik (positiv kommunikasjon og klemmar) i kvardagen. • Trøyster barnet eller hjelper det når han/ ho er sjuk. • Kan vere ein trygg rollemodell – slik at barnet sjølv kan bli trygt. • Fortel at eg er glad i barnet. • Hjelper barnet til å finne ein god balanse mellom åleinetid og tid saman med føresette og venner. • Tar barnet med på ulike aktivitetar og utflukter. • Deler sorg og glede. • Sørgjer for at barnet får i seg sunn mat, nok søvn, reine klede – og ansvar for ulike oppgåver i heimen. • Følgjer opp tannlegetimar, legetimar og andre instansar.
Heime viser eg ansvar for barnet når eg… • Set grenser for barnet. • Gir barnet oppgåver og ansvarsområde det kan klare å meistre (Rydde av bordet, passe små søsken, bere ved, ta vare på tinga sine, rydde, ta ut søppel, ta vare på husdyra og liknande). • Lagar og følgjer gode rutinar som gjeld mat, søvn og stell. • Lar barnet få være med å bestemme. • Tek populære og upopulære avgjerder. • Hjelper barnet med lekser, fritidsaktivitetar og leik. • Sørgjer for at barnet bruker sykkelhjelm, refleks og rette klede til rett tid. • Lærer barnet å halde avtalar og tidspunkt, samt å ta ansvar. • Sørgjer for at barnet kjem seg trygt til skole og fritidsaktivitetar. • Lærer barnet ulike ting som matlaging, snekring og liknande. • Forklarer og rettleiar barnet i korleis det oppfører seg i lag med andre på ulike arenaer. • Lærer barnet normer og reglar. • Lærer barnet å vere glad i seg sjølv.
Heime viser eg respekt for barnet når eg… • Tar barnet mitt på alvor. • Høyrer på kva barnet har å seie. • Gjer jobben min som forelder så godt eg kan. • Gir barnet tid. • Gir barnet privattid og privatrom som høver til alderen. • Gir barnet høve til å prøve og feile. • Ler med, og ikkje av, barnet. • Er hyggjeleg og imøtekomande overfor barnet og barnet sine vener. • Respekterar at vi kan vere ulike og ha ulike meiningar. • Unngår å kritisere og fokusere for mykje på ting som er vanskelege for barnet, men i staden prøver å hjelpe det.
På skolen viser eg som elev omsorg når eg… • Spør medelevar om dei vil vere med på ting. • Spør korleis det går, og om eg kan hjelpe dersom medelevar har skadd seg eller er triste og leie. • Hjelper og støttar medelevar som blir erta eller mobba. • Hente hjelp viss nokon slår seg eller treng det av andre grunnar. • Spør mine medelevar om korleis dei har det. • Seier noko fint til medelevane mine. • Gir medelevane mine positiv merksemd ved hjelp av eit smil, ein kommentar eller ein klapp på skuldra.
På skolen viser eg som elev ansvar når eg… • Følgjer skolen og klassen sine reglar. • Har orden i skolesakene mine. • Leverer tilbake utstyr eg har lånt i same stand som då eg lånte det. • Er aktiv deltakande i læringa mi. • Rekkjer opp handa for å svare på spørsmål eller spørje om noko. • Arbeider konsentrert og er roleg i timane. • Gjer det eg har får beskjed om å gjere. • Tar vare på mitt eige og skolen sitt utstyr. • Hjelper medelevar som ønskjer det. • Gir beskjed til vaksne når eg ser nokon som ikkje har det så kjekt i timane eller ute i skolegarden.
På skolen viser eg som elev respekt når eg… • Lyttar til det dei vaksne og medelevane har å seie. • Ler med, og ikkje av, andre. • Hjelper andre. • Er hyggeleg og imøtekommande overfor andre medelevar og vaksne. • Viser nestekjærleik. • Respekterar at vi kan vere ulike og ha ulike meiningar. • Helsar på medelevar og vaksne. (Seier ”hei” og ”ha det”). • Viser omsyn til ”STOPP” - regelen. • Unngår å kritisere, lyge og sladre slik at andre medelevar blir lei seg. • Unngår å erte, plage og mobbe slik at andre medelevar blir lei seg.
På skolen viser eg som lærar omsorg når eg… • Helsar på kvar enkelt elev om morgonen. • Spør elevar om dei vil være med på ting. • Spør korleis det går og om eg kan hjelpe dersom dei har skadd seg eller er triste og leie. • Hjelper og støttar elevar som blir erta eller mobba. • Viser interesse for det som elevane interesserer seg for. • Seier noko hyggeleg eller fint til eleven. • Tar elevane på alvor. • Gir elevane positiv merksemd ved hjelp av eit smil, ein kommentar eller ein klapp på skuldra. • Hjelper eleven på ein omsorgfull måte med skulearbeidet. • Gir dei støtte, tillit og tryggleik både i klasserommet og på andre arenaer.
På skolen viser eg som lærar ansvar når eg… • Set grenser og forventar at elevane følgjer skolen og klassen sine reglar. • Gir elevane ei undervisning som er tilpassa, og som følgjer dei fagplanane som er pålagde. • Gir elevane hjelp, støtte, motivasjon og ”rettleiing” til å meistre det skolekvardagen gir av utfordringar. • Er aktiv deltakande i elvane si utvikling. • Gir elevane ansvar. • Er eit godt forbilde for elevane. • Tar vare på mitt eige og skolen sitt utstyr. • Informerer elevar, foreldre, lærarar og instansar om ulike saker som kan vere viktig å få vite til ei kvar tid. • Kjem førebudd til undervising. • Følgjer opp forventa arbeid som gjeld retting, vekeplanar, kartleggingsarbeid og dokumentasjon av ulik art.
På skolen viser eg som lærar respekt når eg… • Lyttar til det elevane har å si. • Hjelper elevane om dei ønskjer det. • Er hyggeleg og imøtekommande overfor elevar og vaksne. • Viser nestekjærleik. • Respekterar at vi kan vere ulike og ha ulike meiningar. • Helsar på elevar og vaksne (Seier hei og ”ha det”). • Fokuserar på det positive. • Er ærleg med elevane. • Viser at eg har tru på elevane. • Gir elevane høve til å velje, og hjelper dei med å ta rette val.