10 likes | 112 Views
MÅNADSPLAN FOR BLÅBASE I JANUAR. Godt nytt år! Etter ein etterlengta ferie, så startar vi opp med ny giv; store og små. Vi bruker den første veka til å finne tilbake til rutinane, vi leiker , spiser og søv til faste tider. Vi ønskjer Birk velkomen til Blå.
E N D
MÅNADSPLAN FOR BLÅBASE I JANUAR • Godt nytt år! • Etter ein etterlengta ferie, så startar vi opp med ny giv; store og små. Vi bruker den første veka til å finne tilbake til rutinane, vi leiker , spiser og søv til faste tider. Vi ønskjer Birk velkomen til Blå. • Vi startar året med å feire Arnt Edvald 2 år og Kristin 1 år, dei hadde bursdag i desember. I januar er det 3 barn som rundar 2 år ; hipp hurra for Cassandra Birk og Simon. • Vi byter turdag, frå torsdag til onsdag (det er dei eldste barna som går på tur). Etter påske blir det turdag på måndagane. Picasso held vi fram med på torsdagane. Då får barna bli kjend med ulike formingsmaterialar og ulike teknikkar. Fleire barn synes ikkje alltid at det er like kjekt å ta i dei ulike materialane. (dei får f eks pensel/svamp når vi har fingermaling). • Vi fortsett med middagar på fredagane, Middagen er det gulbase som har ansvaret for, men vi hjelper til. Vi har og leikegrupper på fredagane. Då er barna i smågrupper samen med ei vaksen, vi nyttar da ulike rom/baser i barnehagen. • Kvar dag er det samling; ca 9.30, då syng, speler, dansar og fortel vi. (også her er det rutinane som gjeld… vi må/bør synge songane i riktig rekkefølgje for barna husker kva vi gjorde sist. • Tilslutt vil minne vi dykk om at det er viktig å sjekke ekstraklede nå etter ferien. – er ullsokkane , vottane osv på plass.