180 likes | 305 Views
Kva er ” Trygt heim for ein 50-lapp”?. ”Trygt heim for ein 50-lapp” er eit tiltak for å få ungdomen trygt heim frå arrangement laurdag kveld/natt. Natt til søndag vert det sett opp taxiar, maxi, taxiar og rutebussar frå ulike byar/tettstadar i Sogn og Fjordane. Evalueringa.
E N D
Kva er ” Trygt heim for ein 50-lapp”? ”Trygt heim for ein 50-lapp” er eit tiltak for å få ungdomen trygt heim frå arrangement laurdag kveld/natt. Natt til søndag vert det sett opp taxiar, maxi, taxiar og rutebussar frå ulike byar/tettstadar i Sogn og Fjordane.
Evalueringa • Trafikktryggingsutvalet ynskte å evaluera prosjektet ”Trygt heim for ein 50-lapp”. • Vegdirektoratet og Statens Vegvesen sitt regionkontor på Leikanger tok på seg kostnadane med evaluering av prosjektet. • Evalueringa gjeld frå oppstart 2002 t.o.m. 2004. Utført av Transportøkonomisk institutt (TØI).
Målet er: • Å redusera helgeulukker i trafikken ved å tilrettelegga for bruk av kollektivtransport til å koma seg heim natt til søndag, framfor att dei sjølve køyrer eller sit på med andre. • Målgruppa er 16 – 24 år, men gjeld for alle • Kostnader for ungdom kr 50, -.
Evalueringa • Er delt opp i to delundersøkingar • Del 1 hadde til føremål å sjå om det har skjedd ein reduksjon i tal skadde og drepne i trafikken som følgje av tiltaket.
Evalueringa • Del 2 er basert på ei spørjeundersøking gjennomført blant brukarane av ”Trygt heim...” i fylket. Ser på om fleire nyttar tilbodet framfor å køyre eller sitje på i bil. Kva må til for å få fleire til å nytta tilbodet ? • Del 2 kjem i løpet av november 2005
Samandrag del 1 • TØI har vurdert effekten ”Trygt heim. .” har hatt på tal skadde og drepne i tidsrommet laurdag kveld frå kl 20.00 t.o.m. natt til søndag kl 06.00. • Bakgrunnen for å inkludera tal skadde og drepne på laurdagskveldane er at tilbodet ”Trygt heim...” også kan påverke reisemønsteret på laurdagskveldane.
Verknaden av ”Trygt heim…” er rekna ut for to grupper: • Aldersgruppa 16-30 år og • Alle aldersgrupper Alle trafikantgrupper er sett på samla
Verknaden av ”Trygt heim…” : • Ei før -og etterundersøking vart utført der tal skadde og drepne i perioden laurdag kl 20.00 t.o.m. søndag kl 06.00 i Sogn og Fjordane er samanlikna med utviklinga i alle andre fylke i Norge til saman.
Verknaden av ”Trygt heim...”: • Tal skadde og drepne i Sogn og Fjordane er også samanlikna med kvart av dei 18 andre fylka i landet. • Analysen fangar opp den systematiske variasjonen i tal skadde som kan tilskrivast andre moglege årsaksfaktorar, som folketal, tal ungdom i fylke, trafikkarbeid, trafikktettleik og årleg trend.
Kjem me ”Trygt heim…” ? Dei ulike analysane viser ein nedgang på 22 til 30prosent i tal skadde og drepne i aldersgruppa 16-30 år i den perioden tilbodet ”Trygt heim for ein 50-lapp” har vore tilbydd.
Men…. • Reduksjonen i skadetalet er ikkje stor nok til å vera statistisk truverdig • For at ei slik endring skal vera statistisk truverdig, måtte det i dette tilfellet ha vore ein reduksjon i tal skadde og drepne på om lag 40-50 %
Fleire høve som talar for ”Trygt heim…” • Alle dei ulike analysemodellane gjev same konklusjon, også dei best kontrollerte analysane (dvs. ein nedgang i tal skadde og drepne ungdomar på 22 til 30 %). • Skadetala er ikkje unormalt høge i før-perioden.
Fleire høve som talar for ”Trygt heim…” • Reduksjonen i tal skadde og drepne i Sogn og Fjordane er større i tida ”Trygt heim…” er nytta, enn på andre tidspunkt i perioden 2002-2004. • Reduksjonen i tal skadde og drepne er størst blant målgruppa for tiltaket (dvs. ungdom under 30 år).
Fleire høve som talar for ”Trygt heim...” • Spørjeundersøkinga viser at mange svarar at dei vil nytte tilbodet ”Trygt heim...” i staden for sjølve å køyre bil eller å sitje på med andre. Dette er ein føresetnad for det skal vere eit årsak-verknadsforhold mellom ”Trygt heim…” og ein reduksjon i skadetala.
Nytten av tiltaket Den samfunnsøkonomiske nytten ved tiltaket er 4,4 gonger større enn kostnaden. Dette er basert på at tiltaket gjev ein nedgang på 22 % i skadetala for aldersgruppa 16-30 år. Kostnadseffekten av tiltaket er estimert til å være 11 millionar kroner.
”Trygt heim...” bør vidareførast • Tiltaket bør vidareførast, og nye analysar bør gjennomførast på nytt om nokre år. • Eit anna argument for å vidareføre tiltaket er at det er eit relativt rimeleg tiltak samanlikna med andre trafikktryggings-tiltak.
”Trygt heim...” bør vidareførast • Det skal små reduksjonar i skadetala til før tiltaket blir samfunnsøkonomisk lønsamt. • Fleire av ungdomane seier at dei vil setja att bilen på laurdagskveldane som følgje av ”Trygt heim...”.
”Trygt heim...” bør vidareførast • Når persontransport vert overført frå personbil til kollektive transportmiddel, er ein reduksjon i skadetala venta.