140 likes | 242 Views
Medlemsmøte i OIL 10. april 2013. Nye planar for bygging av leilegheit i Idrettshuset. Utgangspunktet i dag. Det er lekkasje i taket over scena. Noko må gjerast før haustregnet set inn Det vert betalt ut 335 000 kr i forsikringspengar for skadane etter Dagmar
E N D
Medlemsmøte i OIL10. april 2013 Nye planar for bygging av leilegheit i Idrettshuset
Utgangspunktet i dag Det er lekkasje i taket over scena. Noko må gjerast før haustregnet set inn Det vert betalt ut 335 000 kr i forsikringspengar for skadane etter Dagmar Søknaden om dispensasjon frå reguleringsplanen og bruksendring av huset er innvilga
Argument for å byggje leilegheit Oppstryn bygdeutviklingslag har gjennom mange år arbeidd for å leggje til rette for bygging av husvære i Oppstryn Ei leilegheit i Idrettshuset vil gje panoramautsikt mot det finaste landskapet vi har Leilegheita vil bli heilt isolert i forhold til resten av huset med eigen, utvendig inngong
Argument for å byggje leilegheit Det er allereie lagt inn straumkabel med sikringsboks Det er lett å kople seg til rør for vatn og kloakk Septiktanken på 4,5 m3 har stor nok kapasitet Leilegheita tilfredsstiller dei krav som er sette, også når det gjeld uteområde og utvendig bod
Argument for å byggjeleilegheit Vi har ein svært interessert leigetakar som er villeg til å skrive under leigeavtale for fleire år Inntektene for utleige vil kome på om lag 60 000 kr per år I 2012 var dei totale inntektene på treningskort og utleige av kjellarsalen om lag 47 000 kr. Utgiftene til straum, forsikring, avgifter og vedlikehald var på om lag 44 000 kr
Argument for å byggje leilegheit Inntektene på utleige av ei leilegheit vil gjere oss økonomisk i stand til å utvikle treningstilbodet vidare Det vil etter kvart kome større vedlikehaldskostnader Det er ønskje om å byggje garderobe- og dusjanlegg på sikt
To prioriterte område • Leilegheita er utsett for vêr og vind og må byggjast ekstra solid • Det må vere ekstra god lydisolasjon mellom leilegheita og resten av huset
FRAMDRIFT • Råbygget vert sett opp i løpet av sommaren • John-Eirik vert ansvarleg for arbeidet. Han får betalt 50 000 kr. Elles vil det meste bli gjort på dugnad • Forsikringspengane vil dekkje alle utlegg • Leilegheita vert innreia vinteren og våren 2014 dersom årsmøtet gjev løyve • Kostnadsoverslaget viser at det må takast opp eit lån på 210 000 kr
Konklusjon Styret for Oppstryn Idrettshus ser på dette byggjeprosjektet som ei svært god investering for framtida Prosjektet vil leggje til rette for tilflytting, noko som bygda sårt treng