1 / 2

mini gaiden

mini gaiden. Informasjon fra Arbeidsutvalget. Nr. 5 uke 9 - 2009. www.ntl.no/nav. SITUASJONEN I NAV Som kjent er det daglege nyheitsinnslag om krisa i NAV. Politikarar, tilsette og misnøgde brukarar og snart har dei aller fleste ei meining om Nav. NTL NAV i media

uma
Download Presentation

mini gaiden

An Image/Link below is provided (as is) to download presentation Download Policy: Content on the Website is provided to you AS IS for your information and personal use and may not be sold / licensed / shared on other websites without getting consent from its author. Content is provided to you AS IS for your information and personal use only. Download presentation by click this link. While downloading, if for some reason you are not able to download a presentation, the publisher may have deleted the file from their server. During download, if you can't get a presentation, the file might be deleted by the publisher.

E N D

Presentation Transcript


  1. mini gaiden Informasjon fra Arbeidsutvalget Nr. 5 uke 9 - 2009 www.ntl.no/nav SITUASJONEN I NAV Som kjent er det daglege nyheitsinnslag om krisa i NAV. Politikarar, tilsette og misnøgde brukarar og snart har dei aller fleste ei meining om Nav. NTL NAV i media Som leiar i landsforeininga blir eg omtrent dagleg kontakta av media. Eg uttalar meg så langt eg kan fordi det er viktig at NTL NAV er synlege og har ei meining om situasjonen. Eg har uttalt meg til NRK, TV2, Dagbladet, VG, Aftenposten, Dagens Næringsliv, Vårt land for å nemne nokre. Kva og kor mykje av det eg seier til pressa som kjem ut, avgjer pressa sjølv. Når eg uttalar meg er det alltid som tillitsvald for 6000 medlemmer i NTL NAV, dvs å forsvare jobben vi gjer og be politikarar om å løyve meir pengar til NAV slik at vi kan komme ut av krisa vi er oppe i. I tillegg er det ei rekkje andre NTL medlemmer og tillitsvalde som uttalar seg om situasjonen, både i aviser og i Radio/TV. NTL NAV har også eit konstruktivt samarbeid med NTL forbundet i denne saka. Vi kjem med innspel til forbundsleiar Turid Lilleheie når ho går i møte med statsråd Dag Terje Andersen og er i andre politiske kanalar. I tillegg er vi med NTL forbundet i møte og høyringar på Stortinget. Systemkrise Det er viktig å få fram i media at dette er ei systemkrise som skuldast omstillinga og at krisa ikkje skuldast dei tilsette. Dette prøver eg å understreke når eg uttalar meg. Det er veldig synd dersom våre medlemmer opplever medieoppslaga som personleg kritikk. Politikarane på banen Det positive med medieoppslaga er at vi får det politiske miljøet på bana og at det blir løyvd meir pengar til Nav. No sist fekk vi ein positiv nyheit med at bemanninga frå 2008 skal vidareførast inn i 2009. Denne ekstraløyvinga hadde vi nok ikkje klart utan medieoppslaga. Det negative med medieoppslaga er at borgarlege parti, spesielt Høgre, utnyttar situasjonen og føreslår privatisering og/eller kommunalisering av NAV oppgåver. Dette spesielt i forhold Ansvarlig redaktør: Jarle Berge Redaktør/produksjon: Hans Olav Kirknes Et produkt fra redaksjonsutvalget i NTL NAV

  2. mini gaidenside 2 Nr. 5 uke 9 - 2009 til arbeidsformidling og dagpengar. Våre arbeidsplassar er ikkje til sals og privatisering og/eller kommunalisering er uaktuell politikk for NTL NAV. Det minste vi treng no er nye reformer. I tillegg har Nav skyhøge utgifter til private selskap gjennom konsulenttenester. Dette er i ferd med å ta eit kvelartak på økonomien. Privatisering, eller kjøp av tenester er derfor eit veldig dårleg forslag! Ro til å jobbe Tida er no inne for at vi som arbeider i Nav får arbeidsro. På denne måten kan vi betre konsentrere oss om jobben vi skal gjere overfor brukarane. Vi er i ein konstruktivt dialog med arbeidsgivar i forhold til tiltak som kan gjere at vi arbeider på ein betre måte. I dette arbeidet etterlyser vi innspel frå medlemmene om tiltak som kan effektivisere saksbehandlinga. Send inn forslag! Jarle Berge Leiar NTL NAV

More Related