10 likes | 170 Views
mini gaiden. Informasjon fra Arbeidsutvalget. Nr. 2 uke 5 - 2009. www.ntl.no/nav. ESTRAORDINÆRT MBA-MØTE, onsdag 28.01.09 Informasjon fra NDU/Direktoratet, IT-problemene i etaten
E N D
mini gaiden Informasjon fra Arbeidsutvalget Nr. 2 uke 5 - 2009 www.ntl.no/nav ESTRAORDINÆRT MBA-MØTE, onsdag 28.01.09 Informasjon fra NDU/Direktoratet, IT-problemene i etaten NTL NAV har fått mange klager frå medlemmer om den ustabile IKT-situasjonen. Denne situasjonen toppa seg fredag 23. januar. Vi vidaresendte våre medlemmer sin frustrasjon og på bakgrunn av dette blei det kalla inn til ekstraordinert MBA. I dette møtet gjekk IKT drift i NAV drift og utvikling (NDU) gjennom situasjonen nærmast dag for dag, time for time frå 15. desember og fram til i dag (sjå vedlagde lysark). Bakgrunnen for problema er dei store endringane som har skjedd i våre datasystem i det siste, m.a. nytt pensjonssystem (PESYS) og lanseringa av ”Kjempen”. Ein del av problema var ein klar over og hadde ein beredskapsplan i forhold til. Problemet som førte til at datasystemet i stor grad kollapsa fredag 23. januar var ein ikkje klar over og problemet var umogeleg å oppdage på førehand. Dette fordi NAV er den største kunden i forhold til ei systemløysing ein hadde kjøpt i Nederland. Saman med det nederlandske selskapet fann IKT drift ei løysing på problema i løpet av fredag. IKT folka jobba på spreng i heile helga med feiloppretting og måndag 26. januar var datasystema nokolunde stabile. Systema er framleis nokolunde stabile, men likevel er IKT drift fortsatt uroleg over driftssituasjonen. Dei kan ikkje garantere for at alle dataproblem er rydda av vegen. IKT drift tok sjølvkritikk at dei kunne vore betre på informasjon om situasjonen ut i etaten og vil prøve å bli betre på dette. Det vil derfor bli lagt ut fortløpande informasjon om datasituasjonen på NAVET. NTL NAV opplever situasjonen som kritisk for tilsette i NAV som ikkje får gjort jobben sin og for våre brukarar som ikkje får vedtak og i feil i utbetalinga. Likevel er vi overtydd om at IKT drift tar situasjonen på alvor og arbeider på spreng for å rette opp feila som oppstår. Direktør for pensjon, Svein Marfi, var også oppteken av å takke alle sine medarbeidarar i pensjonseiningane for den ekstraordinære innsatsen dei har gjort, og framleis gjer, i denne kritiske fasen. Denne takken vil NTL NAV slutte seg til. Jostein Hegli og Jarle Berge Ansvarlig redaktør: Jarle Berge Redaktør/produksjon: Esther Van Veen Et produkt fra redaksjonsutvalget i NTL NAV