130 likes | 271 Views
Terminologikurs, Tromsø, 21.11.2011. Eit lite termprosjekt med utgangspunkt i EU-rettsakt Kort presentasjon av EØS-EU-basen. Sylvi Dysvik EØS-sekretariatet, UD. Bakgrunn for arbeidet. 1990: Forhandlingar mellom EF og EFTA om eit europeisk økonomisk samarbeidsområde (EØS).
E N D
Terminologikurs, Tromsø, 21.11.2011 Eit lite termprosjekt med utgangspunkt i EU-rettsaktKort presentasjon av EØS-EU-basen Sylvi Dysvik EØS-sekretariatet, UD
Bakgrunn for arbeidet • 1990: Forhandlingar mellom EF og EFTA om eit europeisk økonomisk samarbeidsområde (EØS). • 1993-94: Forhandlingar om norsk EU-medlemskap. • 1994-dd: EØS-avtalen held fram med å gjelde, og blir stadig utvida ved innføring av nytt regelverk. • Eit krav at dei relevante delane av EF/EUs regelverk skal liggje føre på norsk.
: UD har det overordna ansvaret for arbeidet med EØS-avtalen, også arbeidet med omsetjing av rettsaktene. Fagdepartement og andre fagetatar har ansvar for gjennomføringa av regelverket i norsk lovgjeving. Samarbeid mellom UD og dei relevante fagetatane om terminologi.
Ulike typar rettsakter • Forordningar – går ordrett inn i norsk lovgjeving. • Direktiv – gjennomført ved lov, lovendring eller forskrift. • Vedtak, avgjerder, rekommandasjonar. Desse kan vere: • Grunnleggjande rettsakter, endringsrettsakter, gjennomføringsrettsakter, konsoliderte rettsakter eller enkeltståande tekstar.
Kjeldespråk - målspråk • Rettsaktene ligg føre på alle offisielle EU-språk, og er parallelle utgåver av same kjeldetekst. • Alle språkversjonane har same status. • Vi nyttar i hovudsak engelsk og fransk språkversjon, med støtte i tysk, svensk og dansk. • Rettsaktene vert omsette anten til bokmål eller nynorsk.
Stab og omfang • EØS-sekretariatet: 11 personar (leiar/koordinator, terminolog, tekstrevisorar og omsetjarar). • Ekstern omsetjing: frilansarar, byrå. • Store tekstmengder og aukande arbeidsmengd: • om lag 4 600 sider vart innlemma i EØS-avtalen i 2010 • talet har auka jamnt opp gjennom åra • tekstmengdene set store krav til kvalitet, standardisering og effektivisering, og ein termbase er uunnverleg i dette arbeidet
Kvifor er termbasen viktig? • Kvalitetssikring, for å få mest mogleg • korrekt informasjonsinnhald • einsarta terminologi • konsistent språkbruk • ideelt: éin term for kvart omgrep • Sikre snøgg og effektiv tilgang til korrekte fagtermar. • Oppnå standardisering av tekstane.
EØS-EU-basen • Oppretta i 1990, då EØS-omsetjingsarbeidet starta. • Registrering av franske og engelske termar med norske ekvivalentar (bokmål og/eller nynorsk). • Termregistrering er ein integrert del av omsetjingsarbeidet. • Kontakt med fagekspertar på eit tidleg stadium. • Terminologen gjev hjelp undervegs, og godkjenner termane til slutt.
Termar – tre hovudtypar • Juridiske termar (døme: ”juridisk person”). • Spesielle ”EU-termar”, dvs. vide omgrep utan motsvar i nasjonal språkbruk (døme: ”fellesskapsrettsakt”). • Andre fagtermar, knytte til ulike bruksområde (døme: ”motorvogn”, ”framdriftsmotor”).
Kva registrerer vi? Viktig: • Legaldefinisjonar. I dette direktiv menes med: c) «framdriftsmotor» enhver forbrenningsmotor med gnist- eller kompresjonstenning som brukes til framdrift, herunder totakts og firetakts innenbordsmotorer, hekkaggregater med eller uten integrert eksosanlegg og utenbordsmotorer, • Andre sentrale termar med mange førekomstar i teksten.
Innhald • Termar frå over 70 ulike bruksområde. • i alt 40 343 termpostar • 172 509 søkbare felt (medrekna språkuavh. felt) • bokmål: 36 768 termar • nynorsk: 8 453 termar • av desse har 1 689 termar status ”ferdig til godkjenning”, og 1 634 status ”i arbeid” • Standardiserte referansar. • Lenke til sluttførte rettsakter i tekstbasen.
Døme på enkel termpost Forkortingar: eng hvd = engelsk hovudterm ref = referanse, her til tekstnummer nbo hvd = norsk bokmål hovudterm kom = kommentarfelt (valfritt felt) brk = bruksområde ini = omsetjarens/terminologens initialar eng hvd ref 305D0360; ref OJ L 118/05; nbo hvd ref . kom ref . brk MILJØ . dato 21-11-2011:ini =
Gratis tilgjengeleg! Adresse: http://decentius.hit.uib.no/udbase/home.html Brukarnamn: gjest Passord: gjest Ansvarleg for innhaldet: EØS-sekretariatet, UD. Teknisk ansvarleg for utvikling, drift og vedlikehald: Uni Computing.