190 likes | 353 Views
Nye tankar om gamle tema. Arne Torp Pensjonert professor i nordisk språkvitskap Institutt for lingvistiske og nordiske studium Universitetet i Oslo Sjølvkritisk blikk frå ein lærebokforfattar med relativt lang fartstid Tema i Grip teksten Vg2 2014: Norrønt språk ( kap . 5)
E N D
Nye tankar om gamle tema Arne Torp Pensjonert professor i nordisk språkvitskapInstitutt for lingvistiske og nordiske studiumUniversitetet i Oslo Sjølvkritisk blikk fråeinlærebokforfattar med relativt lang fartstid • Tema i Grip teksten Vg2 2014: • Norrønt språk (kap. 5) • Språkhistorie på 1800-talet (kap. 6)
Språkhistorie: Ein disiplin i nedbygging • gjeld både lærarutdanning og skole • nasjonsbygginga fullført i 1945? men i år feirarme 1814! Sjå på dette…
http://www.uib.no/fg/forse/24160/ny-norsk-spr%c3%a5khistorie
Lærebokforfattaren ser seg attende • Norrønt språk i Språklinjer (1990) • Vikingenes språk (700-1350; s. 44-51) • Norrønt språk (s. 52-76) • 7 «leksjonar», 11 tekstutdrag • Dette kapitlet blei brukt som pensum på grunnutdanninga i Lektorprogrammet ved UiO frå 2003 («kvalitetsreformen») til 2012, då emnet blei nedlagt.
Døme på norrøn tekst i Språklinjer (1991: utdrag fråStrengleikar; omsett frå fransk på 1200-talet) Men sjå s. 23 og s. 314-316 i Grip teksten!
Kongsspegelen-Konungsskuggsjá:Eingammalnorsk læretekst fråmidten av 1200-talet Grip teksten s. 23; jf. http://folk.uio.no/arnet/konungs.wmv
Læreplan norsk vg2 om språkhistoriske disiplinar • Språk, litteratur og kultur • Hovedområdet språk, litteratur og kultur handler om norsk og nordisk språk- og tekstkultur, også med internasjonale perspektiver. Elevene skal utvikle en selvstendigforståelse av norsk språk og litteratur, og få innsikt i hvordan språk og tekster har endret seg over tid og fortsatt er i endring. • Elevene skal få kunnskap om språket som system og språket i bruk. • Spesielt om norrønt språk: • Mål for opplæringen er at eleven skal kunne: • gjøre rede for noen sentrale likheter og forskjeller mellom norrønt og moderne norsk språk • Då går me til s. 180-181 i den nye boka
Er engelsk nordgermansk (nordisk) (jf. Grip teksten s. 201) • Siste ord (førebels) frå Faarlund i ordskiftet: • Joseph Emonds og eg meiner ikkje at vi kan “bevise” noko som helst - det er sjeldan mogleg i historisk lingvistikk, men vi meiner at vi kan sannsynleggjera ei anna historie enn den vanleg aksepterte. Dagens engelsk har sitt geografiske opphav i eit tospråkleg område. Vokabularet er ei blanding av to språk - det er det allmenn semje om - men syntaksen skil seg på viktige punkt frå eit mogleg vestgermansk opphav, noko som ville føresetja syntaktiske endringar av uventa slag i engelsk språkhistorie. Dersom ein reknar med eit nordgermansk opphav i staden, er ei rekkje syntaktiske drag i dagens engelsk svært lette å forklare. (http://www.apollon.uio.no/artikler/2013/1_engelsk-skandinavisk-motsvar2.html)
Læreplan norsk vg2 om språkhistoria på 1800-talet • gjøre rede for norsk språkdebatt og språkpolitikk på 1800-tallet • Dette er utdjupa slik på s. 205 i Grip teksten VG2:
Parallellar mellom norsk og finlandsk historie (1) • Norge før 1800-talet • 1450: Union mellom Danmark og Norge som skal vare ”til ewightijd” • Unionstraktaten er skrivenberre på dansk • 1500-tallet: Bibelen kjem på dansk i Norge • 1700-talet: Den norske overklassa begynner å rette talemålet sitt etter det danske skriftspråket • Finland før 1800-talet • 1300-talet: Russland og Sverige blir einige om at Finland skal vereein del av Sverige • 1500-talet: Bibelen kjem på finsk (men ikkje stort anna) • Finland blir heile tida styrt på svensk; overklassa snakkar og skriv berre svensk
Parallellar mellom norsk og finlandsk historie (2) • Norge/Noreg etter 1800 • 1814: Norge blir kongerike i union med Sverige • 1853: Ivar Aasen skaper landsmålet • 1885: Landsmål (> nynorsk) blir jamstilt med ”det almindeligeBogsprog” • 1907: Riksmålet (> bokmål) skiller lag med dansken i Danmark • 1905: Norge/Norig blir eget kongerike • Finland/Suomi etter 1800 • 1809: Finland blir et russisk storfyrstedømme • 1830-åra: Det nye finske skriftspråket blir skapt • 1863: Finsk blir jamstilt med svensk • 1850-talet: ”Svenskarär vi intelängre, ryssar vill vi inte bli, låt oss vara finnar!” • 1917: Finland/Suomi blir republikk
Finland og Noreg – fakta og kontrafaksjon Snellmans’sagenda was exceptionally radical, since its implementation meant that the Swedish-speaking upper classes would intentionally adopt Finnish, the majority language with less social prestige. As a result, the Swedish-speaking upper classes were divided during the 19th century. Some followed Snellman’slanguage-political agenda and began to use Finnish at home. Others continued speaking Swedish. The linguistic division could tear families apart: some siblings became Fennomaniacs, others holding on to Swedish […] (Heikki Paunonen. 2005. ”Standard written Finnish as mother tongue.”) Aasen’sagenda was exceptionally radical, since its implementation meant that the Danish-speaking upperclasseswouldintentionallyadoptNorwegian, themajoritylanguagewith less social prestige. As a result, theDanish-speakingupperclassesweredivided during the 19th century. SomefollowedAasen’slanguage-political agenda and began to useNorwegian at home. OtherscontinuedspeakingDanish. The linguisticdivisioncould tear families apart: somesiblingsbecame “målstrevarar”, othersholdingon to Danish[…]
Ein nynorsk freistnad på å kopiere fennomanane? • Her kunne det blitt ein generasjon med nynorsk som førstespråk: • I 1923 kjøpte Bondeungdomslaget i Oslo garden Smestad og delte han opp i tomter som blei selde til lagsmedlemmer. • Heimegrendi blei namnet på dette heilnorske Oleanna. • Det seier litt om visjonane i norskdomsrørsla på den tida. • Etter Kleiva m.fl. red. 1985: Nynorsk av hjartans lyst (s. 120)
1878-vedtaket om undervisningstalemålet i skolen: det viktigaste vedtaket i norsk historie for vern av dei norske dialektane • og grunngjevinga var pedagogisk og praktisk: Frå Språklinjer 1991: Men det var berre tøv og tant… sjå side 227
I 1814 var det knapt nokon som drøymde om at Noreg skulle få eit eige skriftspråk • Kring 1900 var det klart for alle at Noreg snart ville få to(meir eller mindre) norske skriftspråk. • Men dette var ikkje planlagt – det var nærmast ei arbeidsulykke i nasjonsbyggingsprossessen. • I 2014 er det mange som framleis ser den norske tospråkssituasjonen som ei arbeidsulykke, mens det politisk korrekte er å sjå denne stoda som einmeirverdi. I alle fall har det gjeve oss som er glade i språkhistorie, mykje å stelle med!