380 likes | 569 Views
gjennom 38 aar. Gjennom den fyrste femårs- bolken kan ein fyrst og fremst fylje Selskaps-karane gjennom referat i ulike hyttebøker m.v. Det fyrste utkastet til lovverk vart skrive i 1971, på om lag same tid vart kontakta med ” Humlekokeriet i Viken ” etablert. Ein har ALDRI
E N D
Gjennom den fyrste femårs- bolken kan ein fyrst og fremst fylje Selskaps-karane gjennom referat i ulike hyttebøker m.v. Det fyrste utkastet til lovverk vart skrive i 1971, på om lag same tid vart kontakta med ”Humlekokeriet i Viken” etablert
Ein har ALDRI unnlate å nemne, kanskje bortsett frå brevveksling med sjefen for HKH Kronprinsens adjutantstab kva MÅLFØRE og MJØDMERKJE som skal nyt(t)ast der Selskapskarar samlast !
Brevvære og brevark var før ’digitaltida’ ei langsiktig investering. Selskapskarane har difor site i dei Umboda dei vart valde til under fyrste Generalforsamlinga Ein hugseregel er soleis: Umboda varer livet ut!
Når Selskapskarane samlast til Generalforsamling byrjar ein alltid med å synge Opningsverset Sume gonger har ein også , når morgonljoset har krope fram, makta å få fram nokre spede tonar frå Slutningsverset. Ein har jamvel bydd fram Småmeistaren til prøvesong hjå NRK, med dei tok ikkje mot dette storfelte tilbodet !
Selskapskarane gjorde i 1974 ein freistnad på å få noverande kong HARALD V • Til å vera ’Vaktar’ for DNSMHOK • Framstøyten fall på steingrunn, og svaret kom på bokmål… • Så vi er framleis våre eigne ’Vaktarar’ • Og i så langt råd er: • Vaktarar over ’Storebror’
Under Generalforsamlinga i 1975 tok vi opp eit assosiert medlem, som etter godkjend prøvetid – sidan har vore GREIESTYRAR i DNSMHOK Ein vil sjå av det tilsende brevet at ein noggrant må dokumentera kvalifikasjonane sine når ein søkjer Umbod innan Selskapet
Ei av Mjødkallen sine viktigaste oppgåver er å halda kontakt med Humlekokeriet i Viken. Attåt dette skal han inspisera og melde fraa om alle nyhende på Mjødfronten. Her er ’søknaden’ frå 1975
Svaret let ikkje vente lenge på seg, og som vanleg var det ikkje neiord å finna frå inspektør Birger Graarud si penn !
Året er 1977, portoen er 100 øre, postkortet er frå Dronningriket i Sud, men postlagt (stempla) i Oslo. Greiestyraren og Lovseiemannen har vore på granskingsferd til ’Kongens By’ og røkt etter om staden kan vera høveleg møteplass for DNSMHOK si Jubileumsfeiring året etter. ’Det Norske Selskap’ [-det opphavelege] hadde tilhald her eit par hundreår tidlegare
OPPM(J)ODINGA 1978 Selskapet fatta på GF [Generalforsamling] Vedtak om å oppm(j)ode alle ordførarar i kommuner som har Selskapskarar busett, ’Å lata Ringnes Mjød og –vørterdrykk FLYTA FRITT. Vi tala truleg for dauve øyro !
Planlegginga av 10-års jubileet starta som mangt anna i ’manneflokken’ kring 9 månader før den store hendinga I staden for å ro eller segla, tok vi kontakt med A/S Danske-båtene for å høyra kva dei hadde å by oss Vi godtok tilbodet deira i juni 1978
Ein ’høgst underdanig’ Smaameistar melder frå om at han vil borda ’Danskebåten’ i Horten
Stormeistaren tek affære, og søkjer ’Fylkesmannen i Vestfold’ om tidsavgrensa utsleppsløyve for Smaameistaren
Fylkesmannen ser alvoret i saka, og gjev løyve til og med UTAN kvantumsgrense – mot at Smaameistaren ’fær fram gjennom fylket med vit og lempe’
Då eit par av Umbodshavarane er i militærteneste, set Greiestyrar og Tjeldmeistar kreftene inn på å få permittert dei – i samband med turen til Kaupenhamn. For Runemeistaren sin del fører dette til at troppsjefen hans vert kontakta frå Forsvarsleiinga på Akershus Festning
Ljodmeistaren søkjer permisjon…. På permisjonssetelen står ’raudt på kvitt’ ”Innnvilges ikke !” Så vidt eg hugsar var Ljodmeistaren tilstades heile Jubileumsferda ! Kanskje kompanisjefen ikkje brukte kuleramma denne helga ?
Kjenslejunkaren melde avbod, men var likevel tilstades – både under inspeksjonen av Humlekokeriet, og vidare nedover Skagerak. Han heldt strengt oppsyn med ’Kjenslone’ under heile ’Kransferda til Kaupenhamn’
Lovseiemannen tok i god tid før Kransferda kontakt med Ambassaden i Kaupenhamn for å varsku dei kva slag storhende som skulle bli Danane til del. Presseattacheen med make vart invitert til Lunsjen vi skulla ha hjå Madam Juel’s i Sværtestrætet nummer sju. Vi fekk nokre dagar etter orsakingsbrev frå ambassaden – litt desorientert på kva land han eller vi haddde vitja tykkjest han vera ut frå svaret. [Og etter all ’Vin ad libitum’ på båten er stormeistaren redd for at vi ikkje synte oss frå vår beste side – Hell i uhell !]
Sidan vi skulle leggje ned ein blomekrans med norske fjellbygdsplanter under feiringa i Kaupenhamn, fann vi det rettast å søkje ’Statens Planteinspeksjon’ om utførsleløyve Ein kan aldri vita kva Skjællendske tolltenestemenn kan finna på når nordmenn strøymer ut til Kvæsthusbroen – og bær med seg både ”Kjerringris, brisk, kræklinglyng og fjellbjørklauv”. Kransen, laga hjå gartnar Steindebakken på Fagernes, hamna sidan ved føtene til H C Andersen
Olav Drivenes ved Statens Planteinspeksjon sende oss så det BESTE svarbrevet vi har motteke gjennom all tid! Noko utførsleløyve var ikkje nødvendig, men han utstyra oss med eit ’phytosanity certificate’ som burde berga kransen gjennom sjølv dei minste EF-nålauge Til sist gjer han Selskapskarane merksame på at kransen har ein mangel – Det er ikkje noko ’Filipendula Ulmaria’ å finna ioppskrifta !
Å samla inn pengar av deltakarane framfor bilettluka fann vi å måtte unngå. Med hjelp av Ærestilvist Offiser / banksjef i Vestre Slidre Sparebank fekk vi ein likvid medel stor kr. 10.300,-. Dette vart betalt attende 18/9-1978, slik avtalen lydde !
Ein tok før Jubileumsferda kontakt med den 4. statsmakta for å gi dei høve til å få meir opplysningar om DNSMHOK. Ein tillyste ’Bladmannsamrøde’ på lokalet merkt ”Karar” på Etna Stasjon klokka 02.55 måndag 11/9 (men ingen frå Selskapet møtte fram) Så vidt vi veit, hadde både ’Oppland Arbeiderblad’ og ’Sogningen/Sogns Avis’ teke inn pressemeldinga vår.
Selskapslovi § 3 1.punktum slær fast at berre KARFOLK kan vera medlemmer i Selskapet. Greiestyraren ottast at vi skulle få vanskar med den nye ”Jamstellingslovi”, og sende ein søknad om varig fritak til Departementet.
Underskrivaren til det vyrde Departement, Audun Edvardsen, er vel den einaste som med reine ord har stempla oss som UDUGELEGE. Vi vil tru at han ser på seg sjølv som svært dugande ! Humørlause Byråkratar !!
Myntslagaren tok eit alvorleg tak for å betra ’Myntonomisk Stode’ og sende ein søknad om kulturmidlar til Oppland fylkeskommune [ etter ’Rekneskapen’ å døma, er Myntslagaren ein god diktar ! ] Vedtaket i fylkeskommunen vart som venta, og Myntslagaren finn det ikkje eingong turvande å sjenka dei noko ’Budsjett’. - Dette hadde han gløymt å dikta opp då han ’utarbeidde’ rekneskapen.
”Stova åt Majoren” (Majorstua) Under ei samling i Årdal våren 1978 fann ein å måtte rette ymse spursmål til Rikskringkastingi. Mjødkallen sette ord på tankane til dei frammøtte, og skikka eit brev i veg. Kristian Øgrim i NRK tykkjer brevet er ’underleg’. Han sender tilbodet om å frigi Småmeistaren til ’Prøvesong’ vidare til Underhaldningsavdelinga, som skjønar sitt eige beste – dei let Småmeistaren synge i eigen heim !
I 1979 har Selskapet Generalforsamling på Grindaheim Hotell. Her på ’heimebanen’ fortel Greiestyraren om dei stygge utsegnene som kjem frå ’Statssekretærutvalet’ Dei har meint å ’tappa kaldvatn på Pilsflaskene’! Med sterk innsats frå Greiestyreren vert kvelden vellukka og aktiviteten i DNSMHOK aukande i arbeidsbolken 1980
Greiestyraren hadde ei lang brevveksling med ’Folkeaksjonen for Pilsen’, Ikkje minst med ’Rotestyrar’ Helge Wettre (Umbodstitlane våre er smittsame, ser det ut for ) Rotestyraren er på språkleg vikande grunn, og vel å sende attpartar både til Noregs Mållag og Rigsmaalsforeningen
Ei vidare brevveksling med Folkeaksjonen Kunne Greiestyraren senda Stormeistaren og Lovseiemannen avgarde til ’Engebret’ på bankplassen for å få ei møtestund saman med ’Folkeaksjonistane’
Stormeistaren tek mot ’Den Gylne Seidel’ på vegne av DNSMHOK
Same Ættnamn men ulikt syn på Mjød Helsing frå Selskapet ved Generalforsamling 1980
’Vi kan i det minste få eit svarbrev’ (Ljodmeistar Eivind Røyne)
I 1993 runda DNSMHOK 25-årsmerket, og Umbodshavarane samlast. Ved dette høvet fann ein det turvande å fortelje Humlekokeristyresmaktene at ein var lite nøgd med at dei la ned lager/distribusjon i Valdres, og istaden flytta dette til Hallingdal.
Te Selskapet rår i alle fall over eit tosifra beløp i Vestre Slidre Sparebank Myntslagaren seier i april 2006: Kan stutt nemna at den myntonomiske stoda i selskapet nett no er sers stabil, då banken ikkje har lagt til renter dei siste åra!
3. juni 2006 samlast vi til ’Vårslepp på Valdres Folkemuseum
Vi let Selskaps-hymnen slutta dette stutte oversynet om ein underleg blom i blant norske Organisasjonar