310 likes | 522 Views
STIF gjennom 75 år:. Bli med på ei lita reise i bilete gjennom dei første 75 åra til Svelgen Turn- og Idrettsforening. Del 1 omhandlar stiftinga, særskilde ”hendingar”, æresmedlemar og leiarar. Oktober 2005 Utarbeid av: Frank Ryland Konsulent: Stine Senneset.
E N D
STIF gjennom 75 år: Bli med på ei lita reise i bilete gjennom dei første 75 åra til Svelgen Turn- og Idrettsforening. Del 1 omhandlar stiftinga, særskilde ”hendingar”, æresmedlemar og leiarar Oktober 2005 Utarbeid av: Frank Ryland Konsulent: Stine Senneset
I samband med at ein i 1927 byrja å bygge den første rujernsomnen, og at omnen kom i drift i 1928, flytta det mange tilflyttarar til Svelgen.
Blant desse tilflyttarane var Alf Zachariassen, som hadde representert Brann i Bergen. Han var den første som dreiv med idrettstrening i Svelgen. Damene i bygda kvapp ofte når han sprang langs vegane, dei trudde det var ”fant” som var på ferde. I 1929 vart Zachariassen den første aktive idrettsmannen i bygda, då han deltok på friidrettsstemner for Florø TIF.
Ut på hausten 1930 tok fire karar initiativ til å kalle inn til stiftingsmøte for eit idrettslag i Svelgen. Dei fire var f.v. Lauritz Midtbø, Kaare Kjølberg, Alf Zachariassen og Alf Midtbø.
STIF vart stifta 8/9 - 1930 i Folkets Hus (t.h.). T.v. ser ein logoen som STIF nytta frå 1930 til 1962. I 1930 var folketalet i Svelgen 328.
Krigen øydela mykje også for STIF. I 1947 reise STIF minnestein etter Erling Julin Olsen (bileta), ei eldsjel og den mest lovande idrettsmannen STIF hadde før krigen.
I 1962 fekk STIF ny logo, og i 1964 fekk laget ny fane. Biletet syner turndamene i 1965.
I 1965 kom friidretts- eliten i Norge til Svelgen og stemnet ”Vestkystleikane”. Dette var eit internasjonalt stemne, men det var berre ein svenske som kom av utlendingane. På biletet går Stein Sletten over 2,04 m i høgde.
I mange år var sjøvegen einaste måten å kome utabygds på. I 1965 fekk ein veg mot Sunnfjord, og i 1972 mot Nordfjord. Her er symjarane på veg til Måløy i 1967.
”STIF-dagane” vart arrangert f.o.m. 1978 t.o.m. 1995, og var laget si viktigaste inntektskjelde i mange år.
Under ein fotballkamp i 1984 fall eldsjela Ragnfred Ommedal om, og døydde nokre timar seinare.
Rosenborg besøkte Svelgen i 1990. Vitjinga gav STIF gode inntekter, og 1800 tilskodarar mot Sogndal gav ny publikumsrekord for Svelgen stadion.
I 1995 arrangerte Volleyballgruppa og STIF NM for 17-åringar. Dette er det einaste NM som har vore arrangert i Bremanger kommune. Biletet syner arrangementkomitèen.
Ingvald Ytrehus fekk i 1984 Bremanger kommune sin kulturpris (t.v.), og i 2003 fekk han Norges Vel si utmerking ”Ildsjelen”.
I november 2003 kom historieboka ”Heia STIF!” ut. Biletet syner boknemnda og forfattaren.
Åtte av eldsjelene rundt Svelgen Idrettshus, før og etter opninga, samla til 10-årsmarkeringa til idrettshuset i 2003.
Svein Frøyen (t.h. på begge bileta frå NM 1951) utførte STIF sin fremste sportslege prestasjon ved å ta sølvmedalje i 10 kamp under senior NM i friidrett i 1951. I 1950 tok han bronse i same øving.
Fire særgrupper i STIF har teke medalje i NM. Her ser du ein medaljevinnarar frå kvar gruppe: T.v. vektløftaren Per Alv Eikeset. Nede t.v. symjaren Arne Helle. I midten friidrettsutøvaren Svein Frøyen. T.h. 16-årsgutelaget i volleyball 1978/1979
I alt fire utøvarar har representert Norge som STIF-medlemar. Desse er f.v. Idar Eikeland, Thor Åge Midttun, Marit Renate Midthjell og Arne Helle. Midthjell i fotball, dei øvrige i symjing.
Gjennom breiddeidretten, her representert ved to 11`ar- lag i jentefotball i 1985, har STIF også fått fram …..
…. utøvarar på elitenivå for seniorar etter tida i STIF. Bl.a. ein landslagsutøvar i friidrett med NM-gull (t.h.), og tre eliteserieutøvarar både i fotball (øvste rekke) og volleyball (nederst).
Æresmedlemar: STIF har i alt utnemnd 14 æresmedlemar i åra mellom 1935-2002. Med heidersmedaljen følgjer æresmedlemskap i STIF. Her følgjer grunngjevinga for tildeling av utmerkinga: ”§1: Heidersmedaljen er STIF si høgste utmerking. Medaljen kan tildelast einskildpersonar for særlege utmerkingar i aktiv eller administrativ innsats innan idretten.”
8 av æresmedlemane til STIF samla i 2002, i samband med fotografering til historieboka.
Formenn/leiarar i Hovudstyret i STIF: I alt 29 menn og ei kvinne har vore øvste leiar i STIF. Kaare Kjølberg (øvst t.h.) var den første, og den yngste, formannen STIF har hatt. Reidun Holm (t.v.) er STIF sin einaste kvinnelege formann/leiar. Arne Loftheim (neste øvst t.h.) har vore leiar lengst, då han leia idrettslaget i 7 år. Svein Arne Sandvik (nede t.h.) vart vald til leiar i desember 2003, og er framleis leiar i jubilèumsåret 2005.