20 likes | 446 Views
Månedsplan februar 2012 Blomane. Månedsbrev februar.
E N D
Månedsbrev februar Tusen takk for godt oppmøte på misjonskafeen! Me har hatt ein veldig kjekk og eksotisk månad på Blomane. Me har lært ein heil del om Indonesia denne månaden, me har blant anna hatt ”flyturar” , prøvd klede og smaka på Indonesisk frukt. Ein av samlingane våre gjekk ut på å dele barnegruppa i to. Den eine gruppa fekk mange druer og den andre gruppa fekk bare et par. Etter mykje snakk blant overgidde ungar fann dei ut at dei ville dele med kvarandre, flott å sjå! På denne måten fekk me formidla til ungane at me kan vera med og dela med andre som treng det. På misjonskafeen fekk me inn 10 246,50 kr til Indonesia, dette var kjempe bra!! Denne månaden er det vennskap som er tema, me har ekstra fokus på å vera medmenneske og å vera ærleg. Tysdag 14. februar skal me ha vennskapsfest i pysjamas. Då kjem me i barnehagen i pysjamas og tar kosedyret med! Dei som ikkje har dag på tysdagar er og velkomne til å komme frå 10-12. ( gi beskjed om dykk kjem, så me veit kor mykje mat me skal handle). Skuleklubb på Motland og Bø: me ventar på brev frå skulane om kva tid skulebesøka starter opp, det kan bli endring i månadsplanen når me får datoane… Veke 8: har skulane på Nærbø vinterferie. Av erfaring er det fleire av ungane i barnehagen og som har fri denne veka. Skriv dykk opp på lapp som heng i gangen, så veit me kor mange av personalet son skal vera på jobb denne veka! Me samarbeider med Sommarfugelavdelinga denne veka Barnas val: i veke 9 begynner me med nytt tema. I dette temaet er det ungane som skal velje seg ein aktivitet dei skal gjera to gonger. Dei får fem aktiviteter å velgja i. Detter er gruppene: fotoorientering, miljøvern, speidargruppe, gymsal og energigruppe(vindmøllebesøk). Det blir spanande med noko heilt nytt! Helsing oss på Blomane Annette, Valbjørg, Berit, Margareth og Kristina