190 likes | 454 Views
«Vossamodellen» – kvardagsrehabilitering på Voss. Ergoterapi og Eldres helse 24.01.2012. Solrun Hauglum, ergoterapeutspesialist i eldres helse, mastergrad i rehabilitering, pleie- og omsorgsleiar i Voss kommune. Utfordringar framover. Fleire brukarar.
E N D
«Vossamodellen» – kvardagsrehabilitering på Voss. Ergoterapi og Eldres helse 24.01.2012. Solrun Hauglum, ergoterapeutspesialist i eldres helse, mastergrad i rehabilitering, pleie- og omsorgsleiar i Voss kommune.
Utfordringar framover. Fleire brukarar. Talet på eldre vert dobla dei neste 30 åra. Særleg vekst rundt 2020. Færre yrkesaktive og færre middelaldrande pårørande til å yta omsorg. Utfordringar for verdiskaping, rekruttering og familieomsorg. Morgondagen sine eldre vil ha andre behov og problemstillingar, andre forventningar til helsevesenet og andre ressursar i møte med helseproblem og helsepersonell.
«I større grad enn dagens eldre vil de også være vant til og forvente å kunne bestemme over egen tilværelse.» (St.meld. nr. 25, 2005-2006) Fem strategiar for å møta utfordringane, m.a. forsking og aktiv omsorg. Heilheitlege omsorgstilbod og førebyggjande tiltak. (St.meld. nr. 25, 2005-2006)
Samhandlingsreforma, som trådde i kraft 01.01.2012, følgjer opp med fokus på førebygging, tidleg avdekking av funksjonstap og rask igangsetting av rehabiliterande tiltak i kommunehelsetenesta (Meld. St. 47, 2008-2009) NOU 2011:11 «Innovasjon i omsorg» frontar nye løysingar på utfordringane. «Næromsorg», velferdsteknologi, fokus på bustadløysingar og nærmiljø, trong for utforming som gjer det mogeleg å eldast i eige hus og miljø. NOU 2011:11 omtalar også kvardagsrehabilitering og prosjektet «Længst muligt i eget liv» i Fredericia.
Starten på «Vossamodellen»: Initiativ frå forskingsmiljø i Bergen/Hordaland. Møte mellom forskarar og leiarar/adm. i kommunen. Forankring administrativt og politisk – og i eigen avdeling. Prosjektskisse. Søknad om midlar. Samhandlingsmidlar for 2011, m.a. til halv stilling prosjektleiar og opplæring og studietur. Kr. 10.000,- frå ReHabuka til oppstartkurs.
Føremål: Å utvikla, gjennomføra og evaluera ein ny modell for kommunal rehabilitering som skal gi vinst både for brukarar, tilsette og helsetenesta i kommunen. Håpar å forseinka pleiedebut og gi auka livskvalitet for pasientane, gi auka medarbeidartilfredsheit for involvert personell og frigjera kapasitet i helsetenesta til andre sentrale oppgåver. Finna vår variant av «Fredericiamodellen» tilpassa ein mellomstor norsk kommune og få erfaringar med denne varianten av kvardagsrehabilitering.
Organisering: Ein forskingsdel og ein praktisk del. Forskarane kjem frå Høgskolen i Bergen, Senter for omsorgsforsking Vest og andre institusjonar. Styringsgruppe, prosjektgruppe og prosjektleiar. «Motoren» i prosjektet: høgskulegruppe med ergoterapeut, fysioterapeut og sjukepleiar. Andre medarbeidarar: tilsette i open omsorg. Sjukepleiarar, vernepleiarar, heimehjelparar, helsefag-/omsorgsarbeidarar, aktivitørar …
Aktuelle brukarar: Dei som søkjer om kommunal helsehjelp/bistand for første gong. Dei som har midlertidig funksjonstap eller søkjer om meir tenester. Dei som har hatt tekniske hjelpemiddel på korttidsutlån og no treng dei meir varig. Dei som vert skrivne ut frå sjukehus med ny eller auka trong for tenester. Inga øvre eller nedre aldersgrense. Størstedelen vil vera eldre personar.
Kva skal me gjera? Aktuelle brukarar vert vurderte av høgskulegruppa. Dei som fyller kriteriane og seier ja til å delta, får utforma ein individuell rehabiliteringsplan. Rehabilitering og tilrettelegging vert igangsett av høgskulegruppa, og så overtek anna personell når dette er forsvarleg under rettleiing av høgskulegruppa. Trening i daglege aktivitetar. Tilrettelegging for best mogeleg deltaking og meistring. Stor grad av brukarmedverknad og fokus på ressursar. Fleire ulike kartleggingsinstrument, m.a. COPM.
Er dette noko nytt? Ja, særleg to vesentlege ting: typen brukarar og typen tverrfagleg samarbeid og fordeling av oppgåver. Brukarar som ofte får tildelt meir «tradisjonelle» tenester med lite fokus på ressursar og rehabilitering. Tendens til å beholda og kanskje motta meir hjelp frå det offentlege. Høgskuleutdanna jobbar meir gjennom andre. Rettleiar anna personell. Alt involvert personell vert drilla på arbeidsmetodar og kvardagsrehabilitering.
Forsking og problemstillingar. Forskargruppe er etablert. Tek i bruk både kvalitative og kvantitative metodar. Ei problemstilling er om kvardagsrehabilitering medfører betring i brukarane sitt funksjonsnivå når det gjeld ADL-funksjon og motorisk funksjon. Svært ønskjeleg å sei noko om effekt. Ønskjer å få til randomisert kontrollert studie med intervensjonsgruppe og kontrollgruppe, tilfeldig fordelt. Medarbeidartilfredsheit hjå personell, brukar si oppleving, økonomiske analyser for vurdering av innsparing.
Kva betyr prosjektet for oss? Kostar ein god del, innsats, energi og ressursar, også økonomisk. Drahjelp til å komma i gang med dreiing mot meir førebyggjande og rehabiliterande innsats. Positivt for rekruttering og for å holda på personell. Kompetanseheving. Kursing, studietur, hospitering. Erfaring frå tidlegare, «solskinnshistoriane». Tru på at dette er positivt og viktig for brukarane.
Liv Signe Navarsete på besøk. Fokus på kvardags-rehab. og Vossamodellen
Erfaringar frå den første fasa: Svært viktig med forankring «over det heile», d.v.s. administrativt, politisk, eigen avdeling, hjå brukarane, pårørande og innbyggjarane i kommunen. Oppstartkurset vart veldig positivt. Må våga å satsa og klara å holda nokonlunde stø kurs sjølv om det vert store utfordringar, for det vert det. Utfordrande å prioritera og holda fast ved prosjektet i ein travel kvardag der ressursane er svært knappe. Spente på om me oppnår ein «win-win-win» situasjon.