280 likes | 473 Views
Ny nynorskrettskriving Endringar i høve til den gamle læreboknormalen. Torodd Kinn førsteamanuensis i nordisk språkvitskap. Det gamle systemet: skilje mellom læreboknormal ( hovudformer ) og rettskriving ( hovud - + side-/klammeformer).
E N D
Ny nynorskrettskrivingEndringar i høve til den gamle læreboknormalen Torodd Kinn førsteamanuensis i nordisk språkvitskap
Det gamle systemet: skilje mellom læreboknormal (hovudformer)og rettskriving (hovud- + side-/klammeformer)
Det nye systemet: Alle godkjende former er likeverdige og kan brukast av alle.
Innstramming av rettskrivinga,utviding i høve til læreboknormalen Den nye rettskrivinga består av … dei fleste gamle hovudformene (men nokre forsvinn) og ein del gamle sideformer (men mange forsvinn) og nokre få nye former. Det meste er som før!
Mange gamle sideformer går ut og får altså ikkje plass i offentleg språkbruk. Mange konservative former i bøyingsverket: soli, fjelli, (ei) jenta, jentor, naki, … Og ein del andre konservative former: plome, idrott, dråp, tri … Ein god del radikale enkeltformer: vold, gjøre/gjøra, flom, drøm, … former på -lig: endelig, vanlig, …
Mykje gammal valfridom blir ståande. I grammatikken gjeld det f.eks. infinitiv: (å) kasta/kaste > (å) kasta/kaste Elles gjeld det mange enkeltord: fyrst/først > fyrst/først da/då > da/då … og ei mengde andre!
Innstramming inkjekjønnsord på -a: (dei) skjema/skjemaa > skjemaa likeins: dramaa, firmaa, kommaa, temaa, … inkjekjønnsord på -er: senteret/sentret > senteret (teateret, …) sentera/sentra > sentera (teatera, …)
Innstramming objektsform han/honom > han mye/mykje > mykje -a-/-an- > -an- i ord som innanfor, ovanfrå -et/-ete/-ut > -ete i ord som rotete, masete haldning/holdning > haldning skramme/skråme > skramme
Innstramming stelle/stille > stille i ord som framstille, likestille – og framstilling, likestilling ty/tøy > tøy (verktøy, køyretøy) høre/høyre, kjøre/køyre, rør/røyr > høyre, køyre, røyr røst/røyst, trøst/trøyst, trøtt/trøytt røyst, trøyst, trøytt
Innstramming skjøtte/skøyte > skjøtte (skjøtte oppgåvene sine) dane/danne > danne i ord som utdanne, utdanning, danna trin/trinn > trinn sia/sidan > sidan
Innstramming : fleirtal av framandord (fleire) leksika/leksikon, (dei) leksika/leksikaa/leksikona > leksikon, leksikona (fleire) pensa/pensum, (dei) pensa/pensaa/pensuma > pensum, pensuma (annuum, annuuma; visum, visuma) (fleire) kvanta/kvantum, (dei) kvanta/kvantaa/kvantuma > kvantum, kvantuma
Innstramming og utviding samtidig nokre få tilfelle, m.a. inkjekjønn av adjektiv på -en: eit ope/opi [opent] spørsmål > eit ope/opent spørsmål eit kriste/kristi [kristent] land > eit kriste/kristent land
Utskifting pga. vidareført sideform og utestengd hovudform: berrenokre få tilfelle, t.d. massing [messing] > messing rein utskifting: ein del framandord, t.d. radiar, radiane > radiusar, radiusane elles berrenokre få tilfelle, t.d. fråssa/fråsse > fråtsa/fråtse
Utviding visse hankjønnsord med e-fleirtal [a-fleirtal]: gonger [gongar], gongene [gongane] > gongar/gonger, gongane/gongene m.a. benkar/benker, gjestar/gjester, medlem(m)ar/medlem(m)er, sekkar/sekker, stadar/stader, veggar/vegger, ven(n)ar/ven(n)er
Utviding hankjønnsord på -a og -nad: fakturaer [fakturaar], fakturaene [fakturaane] > fakturaar/fakturaer, fakturaane/fakturaene (valuta, kollega, arena, sofa, villa, opera, …) søknader [søknadar], søknadene [søknadane] > søknadar/søknader, søknadane/søknadene (månad, kostnad, verknad, merknad, …)
Utviding visse hokjønnsord med a-fleirtal [e-fleirtal]: helgar [helger], helgane [helgene] > helgar/helger, helgane/helgene m.a. elvar/elver, vikar/viker, øyar/øyer, (blod-, ferdsels-, ro-) årar/årer men -(n)ing: meiningar, -ane; teikningar, -ane, …
Utviding Ein del fleire ord på -skap får inkjekjønn som alternativ til hankjønn: ein forfattarskap eit forfattarskap forfattarskapen forfattarskapet forfattarskapar forfattarskap forfattarskapane forfattarskapa m.a. bodskap, eigarskap, leiarskap, medlemskap, slektskap, ven(n)skap
Utviding Ved verb med -gj-, -ggj-, -kj-, -kkj-, -skj- blir gammal sideform utan j ståande: å bygg(j)a/bygg(j)e, bygg(j)er å tenk(j)a/tenk(j)e, tenk(j)er Dette gjeld gjennomgåande og dermed svært mange verb.
Utviding tj [tt] > tj/tt sitja/sitje/sitta/sitte, sit, sat, (har) sete setja/setje/setta/sette, set, sette, (har) sett
Utviding ta/taka/take, tek, tok, (har) teke + ta, tar, tok, tatt la/lata/late, lèt, lét, (har) late + la, lar, lét, (har) latt dra/draga/drage, dreg, drog, (har) drege + dra, drar, drog, (har) dradd/dratt
Utviding Samsvarsbøyinga av svake partisipp (dei på -d/-t) blir valfri etter bli/verte/vere: (preteritum: valde; partisipp: (har) valt) Han/Ho blei vald el. valt Det blei valt Dei blei valde el. valt Dette er gjennomgåande og gjeld svært mange verb, t.d. alle på -ere.
Men … samsvarsbøyinga av sterke partisipp (dei på -e) er obligatorisk: (partisipp: (har) brote) Regelen/Lova blei broten Prinsippet blei brote Reglane blei brotne Dette er gjennomgåande og gjeld nokså mange verb.
Utviding dokker og dokkar vsa. de–dykk og dykkar De må ta med dykk bøkene dykkar. Dokker må ta med dokker bøkene dokkar. Ein må bruke enten berre dei gamle eller berre dei nye.
Utviding breidd > breidd/breidde høgd > høgd/høgde lengd > lengd/lengde mengd > mengd/mengde vidd > vidd/vidde
Utviding anten [enten] > anten/enten allmenn [ålmenn] > allmenn/ålmenn no [nå] > no/nå enno/ennå så [so] > so/så ogso/også, altso/altså sommar [sumar] > sommar/sumar tørr [turr] > turr/tørr
Utviding jamstilling av y/ø i mange ord: (ei) bølgje [bylgje] > bylgje/bølg(j)e (ei) følgje [fylgje] > fylgje/følg(j)e eit lyft [løft] > lyft/løft (og tilsvarande for verba) sysken [søsken] > sysken/søsken syster [søster] > syster/søster + div. andre ord med y/ø
Utviding mm [m] > m/mm i m.a. dom, dom(m)en, dom(m)ar, dom(m)ane dom(m)ar, dom(m)aren, … døm(m)e, døm(m)er gam(m)al, gam(m)alt bilete [bilde] > bilde/bilete kross [kors] > kors/kross
Ha alltid framme ordbøkene når du skriv! Bokmålsordboka og Nynorskordboka på nettet Legg eit bokmerke i «Bookmarks Toolbar» eller «Favorittar-feltet», så går det raskt!