100 likes | 332 Views
Framlegg FUB 6. november 2012. Budsjett Ø-plan 2013-2016. Oppdrag. Rådmannen skal legge fram forslag til budsjett og Ø-plan for 2013-2016 i balanse. Etter behandling i formannskap er det formannskapet sitt forslag.
E N D
Framlegg FUB 6. november 2012 Budsjett Ø-plan 2013-2016
Oppdrag • Rådmannen skal legge fram forslag til budsjett og Ø-plan for 2013-2016 i balanse. • Etter behandling i formannskap er det formannskapet sitt forslag.
Sektor 2 har arbeidd utifrå ei driftsramme på kr 65 101’ for 2013. Handlingsrommet for sektoren er vesentleg mindre enn for 2012. • Sektor2 må derfor redusere aktivitetsnivået med kr 5 mill for å komme inn i tildelt ramme.
Hovudmålet har vore å gjennomføre aktivitetsreduksjonen på ein slik måte at det i minst mogleg grad rammer brukarane våre. • Det handlar fyrst og fremst om å halde oss til vedteke ”motorvegar” og saman velje bort andre, ikkje like viktige oppgåver.
Nedgang av aktivitet i sektor 2 er i hovudsak gjort gjennom reduksjon i årsverk i skular, barnehagar, samt innsparingar gjennom mindre organisatoriske endringar.
Utfordringane er store fordi: • Dyrt lønnsoppgjer • Auke i pensjonskostandane • Vi ikkje fått tildelt eksterne midlar for 2013. • I tillegg feilbudsjetterte sektor 2 kr 1 mill i budsjettåret 2012. Desse midlane har vorte dekt inn gjennom bruk av lønnsreserve, generelle kutt, vakanse i stillingar og SKUP-midlar for 2012. • Aktivitetsnivået i sektor 2 vart derfor ikkje redusert som forventa i 2012. • For budsjettåret 2013 må sektoren derfor ta etterslep frå 2012 og forventa aktivitetsreduksjon for 2013.
Og fordi: • Kravet til pedagogisk bemanning, og etter tilsyn frå Fylkesmannen, har ført til at ein inneverande år har måtte styrka pedagogbemanninga i barnehagane våre. • Det var lagt opp til at assistentårsverk skulle reduserast tilsvarande, noko ein ikkje lukkast å få til.
Kravet til pedagogisk bemanning, og etter tilsyn frå Fylkesmannen, har ført til at ein inneverande år har måtte styrka pedagogbemanninga i barnehagane våre. • Det var lagt opp til at assistentårsverk skulle reduserast tilsvarande, noko ein ikkje lukkast å få til.
Private barnehagar • Auke i tilskott til dei private barnehagane • Heng saman med likeverdig behandling • Kor mange barn det er til ein kvar tid i dei private barnehagane og kostnadsbilete sjå dei kommunale
Forslag til aktivitetsreduksjon • Reduksjon av 8 årsverk i skular og barnehagar frå hausten 2013. Konsekvensane er færre delingstimar i skulane, timar til tilpassa opplæring, reduksjon i spesialundervisning og redusert vaksentettheit i barnehagane. Om skulane klarer å redusere kostnader tidleg frå nytt budsjettår, kan ein håpe på ein noko lågare reduksjon i årsverk frå hausten 2013. Samla innsparing ca 3,2 mill. • 0,5 årsverk leiarressurs frå barnehagane. Konsekvensane blir å innlemme Lalm i felles leiing for barnehagane tidlegare enn planlagt. • 0,5 årsverk reduksjon i merkantil funksjon, knytt opp mot skular og barnehagar. Konsekvensar blir at arbeidsoppgåvene må overførast til eksisterande leiing. • 1 årsverk reduksjon gjennom å overføre barna frå Sjårdalen til andre barnehagar. I tillegg til innsparing av personell vil ein og spare kr 500’ i FDV-kostnader, og opne for inntekter ved sal av eigedom. • 0,20 årsverk reduksjon barne- og ungdomsmedarbeidar. Det er i dag 50 % vakanse i stillinga som ungdomsmedarbeidar. For 2013 betyr det 50 % totalt. • 0,5 årsverk reduksjon på reinhald i kulturhus og hall. Reingjeringspersonell overførast til teknisk sektor. Konsekvensane blir at det ikkje vil bli ein ansvarleg vaksen tilstades kvar kveld i hallen.