210 likes | 309 Views
Næringsutvikling i omstillingskommunane Undervegsrapportering 2007 - presentasjon for partnarskapen Skei 12. desember 2007 Oddbjørn Bukve. Evalueringsgruppa ved HSF. Åge Vebostad, dr.gradsstipendiat - regional endring Veronika Trengereid, høgskulelektor - entreprenørskap og innovasjon
E N D
Næringsutvikling i omstillingskommunane Undervegsrapportering 2007 - presentasjon for partnarskapen Skei 12. desember 2007 Oddbjørn Bukve
Evalueringsgruppa ved HSF • Åge Vebostad, dr.gradsstipendiat - regional endring • Veronika Trengereid, høgskulelektor - entreprenørskap og innovasjon • Jon Gunnar Nesse, førstelektor – entreprenørskap og innovasjon • Harald Mundal, høgskulelektor – organisasjon og leiing • Øyvind Glosvik, førsteamanuensis – organisasjon og leiing • Oddbjørn Bukve, professor – organisasjon og leiing
Sentrale tema og spørsmål i evalueringa • Organisering, ressursar og arbeidsmåtar • Korleis er dei enkelte organisasjonane og prosjekta i næringsutviklingsarbeidet organisert? Kva har dei av ressursar, og korleis arbeider dei? • Nettverk og næringsmiljø • Korleis er samhandling og nettverk mellom aktørane i omstillingsarbeidet? I kva grad er lokale oppfatningar og lokal merksemd retta mot nyskaping? • Resultat • Kva tiltak og prosjekt gjev teljande resultat i form av arbeidsplassar og tilrettelegging? Kva tilhøve medverkar til gode resultat? • Læring • Kva erfaringar har aktørane gjort – kva har dei lært?
Analysenivå • Teknisk nivå • Dei enkelte tiltaka og prosjekta • Direkte/indirekte • Lokale / retta mot abs-regionen • Administrativt • Ressursmobilisering: Lokalt og eksternt • Organisering • Institusjonelt • Nettverk og samarbeid • Oppfatningar og verdiar - ”klima” for næringsutvikling
Data om prosjekt og prosjektorganisasjonar i omstillingsarbeidet Data om det kommunale næringsarbeidet og partnarskapet om næringsutvikling i omstillingskommunane Data om utviklingsarbeid i etablerte bedrifter og lokalt entreprenørskap Aktørane sine oppfatningar, erfaringar og læring Intervju med nøkkelaktørar Dokumentgjennomgang Følgje medieomtale Intervju med brukarar Datagrunnlaget
2005 4 PP-presentasjonar med fokus på erfaringar og utfordringar 2006-2008 (årleg) Skriftleg rapport som rapporterer i detalj PP-presentasjon som kortversjon om resultat, erfaringar og utfordringar Sluttrapport 2009 Hovuddel med vekt på erfaringar og læring Vedleggsdel med meir teknisk rapportering, struktur som undervegsevalueringa Rapporteringa
Felles Alle tre kommunane har etablert lokale omstillingsorganisasjonar etter IN-malen Samla personal-ressursar på 3-5 stillingar Alle har eit kommunalt næringsutviklingsselskap ved sida av omstillings-organisasjonen Alle har ei form for næringshage eller inkubator Utstrekt bruk av PLP-metoden og prosjektorganisering Ulikt I Flora brei næringsrepresentasjon i omstillingsselskapet, I Høyanger og Årdal ei dominerande konsernbedrift Statleg ekstraløyving og pengar frå Hydro gjev langt meir midlar til disposisjon i Årdal og Høyanger Færre enkeltprosjekt og større innslag av akkvisisjon i Årdal og Høyanger Organisering, ressursar og arbeidsmåtar
Nettverk og næringsmiljø • Felles for dei tre kommunane • Tette nettverk mellom lokale omstillingsorganisasjonar og kommunar • Lokale nettverk fungerer bra etter ein periode for å ”gå seg til” • IN tett kopla på alle kommunane • Mykje bruk av eksterne konsulentar inn mot prosjekt • I ein fase diskusjon med fylkeskommunen om disposisjon av midlar, merksemd og omstillingsstatus, men det er funne løysingar som aktørane er tilfreds med • Ulikskapar • Den lokale næringsforeininga sentral i Flora, på sida i Høyanger og Årdal • Kommunale aktørar meir sentrale i gjennomføringsorganisasjonane i Årdal og Høyanger • Tett kopling mot Hydro i Høyanger og Årdal, ikkje tilsvarande konsernkopling i Flora
Resultata i Flora • 2003: 500 oppsagde i Kleven, offentlege nedleggingar i tillegg • Arbeidsløyse april 2004: 7% • 2007: Endra konjunkturar for marin og maritim sektor har skapt oppsving • Arbeidsløyse april 2007: 3%, oktober 2% • Grunnleggande næringsstruktur og sårbarheit ikkje endra, stagnerande folketal • Men det er etablert prosjekt og satsingar som kan gje meir levedyktige bedrifter i kjernenæringane • Td Deckhouse, Bropult, Superfrys, Fjordkysten • Også vellykka SMB-prosjekt: på veg mot målet om 70 arbeidsplassar? • Auka merksemd mot regionalt samarbeid
Resultat i Høyanger • 119 vart ledige i Hydro og Kværner gjennom utfasinga av Søderberg • Alle som skulle ha nytt arbeid er i arbeid, men ikkje alle i ny industri i Høyanger • Kan bli 140 fleire industriarbeidsplassar i Høyanger i 2008 enn i 2003 • SMB-prosjekt med mange som fall av, men gode resultat for dei som fullførde • Uvisse knytt til Fundo og nyetableringar som enno er i tidleg fase • Prosjekta i Høyanger har stort potensiale , men også risiko. • Fasit er ikkje endeleg.
Resultat i Årdal • 134 miste arbeidet ved stenging av Søderberg • Fire store industriprosjekt kan gje 250 nye arbeidsplassar • Dooria, Norsun, Teknologisenteret, HMR • FRAS kjem i tilllegg • Framleis rasjonalisering i produksjon av primæraluminium – men produksjonen kan bli auka om ein får kraft • SMB-prosjekt har gitt ca 30 arbeidsplassar • Måla for omstillingsarbeidet ser ut til å bli nådde
Lokale suksessfaktorar så langt • Høyanger og Årdal • Bruk av politiske nettverk • Innsprøyting av kapital • Akkvisisjon i nasjonale nettverk • Profesjonell prosjektvurdering og organisering • Flora • Har teke overgangen frå å peike ut satsingsområde til å drive konkrete prosjekt • Har utvikla profesjonaliteten i omstillingsorganisasjonen • Har teke inn over seg at Flora er eit samfunn der det krevst langsiktig utviklingsarbeid på brei front meir enn krafttak for omstilling
Status 2007: Ein fase er over • Høyanger og Årdal • Hydro har endra si rolle • Ansvar for næringsutvikling overført frå Alu-Improver til lokale industriparkar • Pengebidrag frå Hydro overført til lokale fond • HIAS (Høyanger Industriutvikling) nedlagt, HNU (Høyanger Næringsutvikling) er blitt den lokale utviklingsorganisasjonen. Det same i ferd med å skje i Årdal. • Flora endrar omstillingsstatus • Ned eit nivå • Med status 2 kan Flora få støtte til program for omstilling og nyskaping • Fylkeskommunen får nye omstillingskommunar å fokusere på
Utfordringar • Årdal og Høyanger frå omstilling til rekruttering? • Attraktive lokalsamfunn kjem i fokus • Også behov for større og meir fleksible arbeidsmarknader • Regionforstørring eit svar • Korleis skifte fokus frå omstilling til utvikling? • Merksemd mot dei lokale bedriftene som går godt og har potensiale • Merksemd mot staden sitt utviklingspotensiale • Frå minusfokus til plussfokus!
Korleis føre programmet vidare? • Erfaringsutveksling mellom kommunane er viktig • Tema • Korleis lage gode prosjekt? • Lokal organisering og lokalt samarbeid • Regionen som ressurs • Eigendiagnose og strategiutforming • Bør ein utvikle eit prosjekt for erfarings-overføring?